|
Vidareutdanning for deg?
Kvalitetsreforma i høgare utdanning opererer med gradane bachelor og master i staden for dei tidlegare einingane grunn,- mellom- og hovudfag. Masterstudiet er eit to-årig studium som kjem i staden for det tidlegare hovudfaget. Ved mange institusjonar kan ein òg ta ein mastergrad som deltidsstudent, og den nyare datateknologien (Internett) har gjort dette enno enklare enn før.
Institutt for Religion, livssyn og kyrkjefag, Høgskulen i Volda, byd med dette inn til to vidareutdanningseiningar innafor KRL.
I neste omgang vil desse emna kunne søkjast innpassa i ein mastergrad.
Vidareutdanning haust-04: Emne 311 Bibeltekst og kommunikasjon 15 studiepoeng.
Vidareutdanning vår-05: Emne 303 Kristendommen og religionane 15 studiepoeng.
Nedanfor vil de finne nærare omtale av studia. Ta kontakt om de ønskjer meir informasjon.
Søknadsfristar for opptak: Emne 311: 29. juni; Emne 303: 29. november.
Organisering Undervisninga i emna vil bli gjennomført i form av tre obligatoriske undervisningssamlingar (80 % frammøte), sjølvstudium, og oppgåveskriving. Det vil og bli brukt eit eige internettprogram (ClassFronter) til datastøtte undervegs. Her vil det m.a. bli lagt ut ulike typar hjelpemateriale og bli oppretta eit diskusjonsforum.
Oppstart og gjennomføring hausten 2004: 1ste samlinga: fredag 27. aug. kl. 1615-2000 og laurdag 28. aug kl. 0915-1400 2dre samlinga: fredag 22. okt kl. 1615-2000 og laurdag 23. okt kl. 0915-1400 3dje samlinga: fredag 26 nov kl. 1615-2000 og laurdag 27 nov. kl. 0915-1400
Oppgåveinnlevering: Oppgåve 1: 1 oktober, med endeleg innlevering 1 november Oppgåve 2: endeleg innlevering 6. desember
Eksamensordning: Den eine heimeoppgåva pluss ein fire timars individuell skriftleg eksamen.
Kontaktpersonar: Instituttstyrar Per Halse, tlf. 70075146, pha@hivolda.no Professor Torrey Seland, tlf 70075067, ts@hivolda.no
Emne 311: Bibeltekst og kommunikasjon
Nivå: vidareutdanning Omfang: 15 studiepoeng Forkrav: gjennomført bachelor eller tilsvarande. Undervisningssemester: hausten 2004
Mål: Emnet skal gi god innsikt i og kjennskap til korleis ein litterær og sosio-kulturell lesnad av Johannes-evangeliet kan hjelpe ein til å forstå kva slags strategiar forfattaren gjer bruk av, og korleis den sosiale kulturen i det første hundreåret e.Kr. spelar med i forståinga av skriftet. Dinest skal ein ta opp til nærare studium og drøfting korleis ein i vår eigen norske postmoderne og fleirkulturelle kultur kan gjere bruk av Johannes-evangeliet i skule og kyrkje.
Innhald: Studiet er sett saman av to hovuddelar;
Del 1 (10 stp) fokuserer på Johannes-evangeliet som kommunikasjon i den opphavlege konteksten i det første hundreåret. Her vil det bli lagt særleg vekt på å analysere dei litterære strategiane som forfattaren bruker for å fremje bodskapen sin, og på å forstå Johannes-evangeliet sin teologi og struktur i lys av dåtida sine kulturelle kodar.
Del 2 (5 stp) fokuserer på ulike særtrekk ved vår eigen kultur, og på korleis ein kan bruke Johannes-evangeliet i pedagogisk-kommunikativt arbeid i kyrkje og skule i dag.
Emne 303: Kristendommen og religionane
Nivå: vidareutdanning Omfang: 15 studiepoeng Forkrav: 180 p allmennlærarutdanning med minimum 60 p KRL, eller bachelor med minimum 80 p KRL (eller tilsvarande). Undervisningssemester: Vår 2005
Mål Emnet skal gje studentane innsikt i forholdet mellom religionar og livssyn, med hovudvekt på kristendommen sitt forhold til det religiøse og livssynsmessige mangfaldet i Noreg.
Emnet vil derfor gje innsikt i (1) ulike religionsvitskaplege tilnærmingar, (2) ein samanliknande presentasjon av store religiøse og sekulære livssynstradisjonar, og (3) eit spesifikt kristent perspektiv på andre religionar og livssyn.
Emnet skal også inkludere fagdidaktisk analyse og vurdering av spørsmål omkring religionsmøte og religionsdialog i KRL-faget i grunnskulen og i Religion og etikk i vidaregåande utdanning.
Innhald Emnet hentar stoff frå religionsfilosofi, religionsvitskap og religionsteologi. Relevante analysemodellar vert presentere og nytta.
Lærestoffet er fordelt på fire delemne:
1: Religionsfilosofiske problemstillingar og grunnomgrep (4 stp) 2: Religionar og livssynstradisjonar i komparativt perspektiv (4 stp) 3: Religionsteologi og religionsdialog (4 stp) 4: Dialog og samanlikning i religions- og livssynsfaga (3 stp)
Ein kan få fullstendige studieplanar ved å venda seg til dei kontaktpersonane som er nemnd ovanfor.
Sjå og www.hivolda.no
|