Foredrag med Hassan Muthalib

 

Malaysia er eit spennande multikulturelt land. Den kulturelle og politiske eliten er muslimske malayar. Men kinesarane er den økonomiske eliten, og indarane er tredje store etniske gruppe.  I tillegg ber landet preg av europeisk påverknad frå portugisarar, nederlendarar og britar.  Hassan Muthalib har vore ein sentral kulturpersonlegdom i Malaysia dei siste 30 åra.  Han er filmskapar, forfattar, skodespelar og debattant, dessutan underviser han i semiologi og gestaltpsykologi, film og litteratur.

Sidan Hassan Muthalib vitjar Høgskulen i Volda akkurat under Forskingsdagane,  har vi bedt han om å presentere det moderne muslimske Malaysia for å syne at Islam er mykje meir enn det biletet vi får gjennom norske media. Er Malaysia noko så sjeldan som eit muslimsk demokrati?