Tid: Måndag 20. september kl. 12.00-15.30
Stad: Høgskulen i Volda, Hans Strøm-huset, rom 243

Seminarprogram:
Jostein Bjørndal:
Møte med flyktningar i og etter ein krigssituasjon
Jostein Bjørndal er tilsett ved det kommunale Vaksenopplæringssenteret i Volda, men har også lang erfaring frå norske og utanlandske hjelpeorganisasjonar. Han har arbeidd i fleire afrikanske land i krigssituasjonar. I foredraget sitt vil han m.a. snakke om erfaringane sine frå arbeidet med flyktningar i Rwanda, Sudan og Somalia/Kenya. I 1988 gav han ut boka Wagalla-massakren. Noreg i tyranniets ærend? (Samlaget).
Neil Le Clercq:
Erfaringer med inkludering av innvandrere i den lokale miljøet og bosetting fra asylmottak
Neil Le Clercq er aktivitetsleiar og busetjingsansvarleg på Søre Sunnmøre Statlege Mottak. I sitt foredrag vil han snakke om korleis ein i eit desentralisert mottak arbeidar med å inkludere bebuarane i det lokale samfunnet. Dette inkluderar erfaringar med kartlegging, forskjellige kvalifiseringstiltak og det å finne ei kommune å busetje i.
PAUSE
Nina Kvalen:
Erfaringer med samarbeid mellom ulike aktører i arbeidet med introduksjonsprogram
Nina Kvalen er innvandrarkonsulent i Volda kommune og tidlegare masterstudent ved Høgskulen i Volda. Ho vil presentere empiriske hovudfunn frå forskingsprosjektet sitt (sjå framside). Innlegget vil supplerast med erfaringar Kvalen har frå arbeidet som innvandrarkonsulent. Mange aktørar er involvert i arbeidet med grunnleggjande kvalifisering av nyankomne innvandrarar: Den nyankomne sjølv, kontaktpersonen, norsklæraren, Aetat, næringslivet, utdanningsinstitusjonar m.v. Korleis handlar det nettverket av relasjonar som er involvert, når avgjersler skal fattast og oppgåver løysast?
Ivar Ulvestad:
Opplæring som integreringsverkty
Ivar Ulvestad er rektor ved det kommunale Vaksenopplæringssenteret i Volda. Han har dei siste fem åra vore rektor ved Grønland voksenopplæringssenter, som er fengselsundervisninga for fengsla i Oslo kommune. Han har også 24 års lærar- og administrativ praksis derfrå. I foredraget sitt vil han snakke om sine erfaringar frå vaksenopplæringa – både i fengselsundervisninga og i Volda kommune.
PAUSE
Ingun Klepp:
”Må vi bli like nordmenn for å bli integrerte?” Minoritetsperspektiv på møte med norske lokalsamfunn
Ingun Klepp er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. Ho vil ta utgangspunkt i flyktningar sitt møte med lokalsamfunnet og presentere funn frå forskingsprosjektet i regi av Møreforsking Volda (sjå framside). Innlegget rettar fokus mot sosiale prosessar som kan gi nokre forklaringar på kvifor flyktningar som gruppe i stor grad er fråverande på ein del sentrale arenaer i lokalsamfunna. Hovudfokus vil vere flyktningane sine syn på eigen livssituasjon og kva dei ser på som viktige faktorar i ein integrasjonsprosess.
![]()