Brukaren, Helse Sunnmøre og framtida

Korleis endrar Helse Sunnmøre HF seg for å møte utfordringane i framtida? Dette er utgangspunktet for eit kveldsseminar i regi av brukarutvalet ved Helse Sunnmøre HF, KPI og Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda. Dei mange innlegga på seminaret vil til saman gi eit bilete av korleis eit moderne helsevesen tenkjer.

KPI – kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring – vart starta i 2002 og har som oppgåve å utvikle, legge til rette og formidle kunnskap slik at helsepersonell i Helse Midt-Norge RHF skal bli gode til å kommunisere med og informere brukarane, og legge til rette for læring. KPI har eit nært samarbeid med Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda om utvikling av studie- og pasientopplæringstilbod og forsking.

Seminarprogram:
Innleiing

Helse Sunnmøre etter reforma
Astrid Eidsvik, direktør for Helse Sunnmøre

Legevitenskap og helsevesen
Overlege dr. med. Lars Ottestad

Brukarutvalet – viktig organ eller demokratisk gissel?
Astrid Aarø Engen, leiar i brukarutvalet for Helse Sunnmøre HF

PAUSE

Lærings- og meistringssenteret – ein viktig nyskapning?
Torill Skrede Heltne, leiar for Lærings- og meistringssenteret

Skog og helse – internasjonalt nettverk set natur på helsedagsordenen
Johan Barstad, Møreforsking Volda og Jan Ole Bolsø, KPI

Lev eit friskare liv – ein nøkkel til å meistre betre
Roar Stokken, KPI

Kosthald – moralisme eller meistring? Nokre tankar til diskusjon under maten
Heidi Brunstad, Høgskulen i Volda

Fleire brukarorganisasjonar vil ha stand i gangen, og etter seminaret vil arrangørane servere spesiallaga mat og drikke.