|
Til stades: Torrey Seland, Kjell-Einar Dagfinrud, Bente Afset, Hallgerd Conradi, Jan Driveklepp, Per Halse, Ingun Klepp, Elfrid Sundnes Joa, Eli Fjeldseth Røys, Øyvind Standal (vara), ekstern representant Terje Kjøde
Melde forfall: Jørgen Amdam
Fråverande: studentrepresentantane Steinar Austenå og Kariann Hjelle Sandvik
Merknadar til innkalling og sakliste: Ingen.
Orienteringssaker
a) Opptakstal
b) Budsjettsituasjon
c) Personalsituasjon
d) Studietur til Brüssel
e) Evaluering av kvalitetssikring
SAK 19/04: Reglement for fagutval ved avdelinga
Det låg føre følgjande framlegg til vedtak frå dekan Torrey Seland:
Ang § 1: Alle studentar skal ha tilknyting til eit fagutval. I fleirårige studieløp (bachelor, master) skal det være eit fagutval på kvart årssteg. Der eit årssteg er sett saman av fleire valemne, må ein ha ordningar som fangar opp alle studentane. Etter- og vidareutdanningstilboda skal og ha fagutval.
Ang § 2: Fagutvala skal ha to-tre representantar for dei fagtilsette, og tre (3) studentar.
Ang § 8: Godkjente referat blir sendt til avdelingsleiinga/avdelingsutvalet for studiekvalitet for vurdering og eventuell vidare oppfølging. Avdelinga si leiargruppe, sett saman av instituttleiarane, dekan, prodekan, og kontorsjef, samt to studentar er avdelingsutval for studiekvalitet. Dekanen er leiar i utvalet.
Per Halse kom med følgjande alternative framlegg:
Ang § 1: Alle studentar skal ha tilknyting til eit fagutval. I fleirårige studieløp (bachelor, master) kan det vere eit fagutval på kvart årssteg. Der eit årssteg er sett saman av fleire valemne, må ein ha ordningar som fangar opp alle studentane. Etter- og vidareutdanningstilboda skal og ha fagutval.
Ang § 2: I kvart fagutval skal det vere tre studentar og to eller tre tilsette. Mellom representantane for dei tilsette skal det vere minst ein faglærar frå den aktuelle studieeininga.
Hallgerd Conradi kom med følgjande tilleggsframlegg:
Avdelingsstyret ser det som viktig at institutta kjem godt i gang med kvalitetssikringsarbeidet. Styret ber institutta kome med ein samla plan for korleis dette utviklingsarbeidet best vert ivareteke i tråd med retningsliner for fagutval.
Det vart røysta punktvis.
Dekan Torrey Seland sitt framlegg Ang § 1 fekk to røyster.
Per Halse sitt framlegg Ang § 1 fekk sju røyster. Ein representant avstod frå å røyste.
Dekan Torrey Seland sitt framlegg Ang § 2 fekk ei røyst.
Per Halse sitt framlegg Ang § 2 fekk ni røyster.
Dekan Torrey Seland sitt framlegg Ang § 8 og Hallgerd Conradi sitt tilleggsframlegg vart begge samrøystes vedtekne.
Endeleg vedtak:
Ang § 1: Alle studentar skal ha tilknyting til eit fagutval. I fleirårige studieløp (bachelor, master) kan det vere eit fagutval på kvart årssteg. Der eit årssteg er sett saman av fleire valemne, må ein ha ordningar som fangar opp alle studentane. Etter- og vidareutdanningstilboda skal og ha fagutval.
Ang § 2: I kvart fagutval skal det vere tre studentar og to eller tre tilsette. Mellom representantane for dei tilsette skal det vere minst ein faglærar frå den aktuelle studieeininga.
Ang § 8: Godkjente referat blir sendt til avdelingsleiinga/avdelingsutvalet for studiekvalitet for vurdering og eventuell vidare oppfølging. Avdelinga si leiargruppe, sett saman av instituttleiarane, dekan, prodekan, og kontorsjef, samt to studentar er avdelingsutval for studiekvalitet. Dekanen er leiar i utvalet.
Avdelingsstyret ser det som viktig at institutta kjem godt i gang med kvalitetssikringsarbeidet. Styret ber institutta kome med ein samla plan for korleis dette utviklingsarbeidet best vert ivareteke i tråd med retningsliner for fagutval.
Terje Kjøde kom med følgjande merknad til saka:
Studentane skal ikkje ha meir enn drøftingsrett om emna
- arbeidskrav
- vurdering og eksamen
- pensum
Desse bør fastsetjast av personar med dokumentert fagleg kompetanse. Jf. Punkt 6 i retningslinene for fagutvala.
Terje Kjøde gjekk etter denne saka.
SAK 20/04: HØYRINGSUTTALE TIL NY BUDSJETTMODELL
Per Halse kom med følgjande framlegg til vedtak:
ASF-styret sluttar seg i hovudsak til framlegget til revidert budsjettmodell, men har ein merknad til faktoren for praksiskostnader i lærarutdanninga. Vi er samde med høyringsutkastet om at vi må kome vekk frå systemet med internfakturering av desse ekstrautgiftene, men at ALU skal få heile 0,39 for KRL-studentane finn vi uakseptabelt. I tillegg til at desse for oss er ordinære studentar som burde gje faktor 1, så er faglærarane også mykje engasjerte i praksis og andre tverrfaglege opplegg for lærarstudentane.
Avdelingsstyret slutta seg samrøystes til dette framlegget.
SAK 21/04: MØTEPLAN FOR HAUSTEN 2004
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyremøta ved ASF for hausten 2004 blir lagt til følgjande dagar:
Onsdag 3. november
Onsdag 8. desember
Møta startar kl.13.15 på møterom S-314, om ikkje anna er opplyst.
| Torrey Seland |
Kjell-Einar Dagfinrud |
| dekanus |
kontorsjef |
|