|
Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 03.11.2004 kl. 13.15-15.00 på Strøm 314
Til stades: Torrey Seland, Kjell-Einar Dagfinrud, Jørgen Amdam, Hallgerd Conradi, Jan Driveklepp, Elfrid Sundnes Joa, Hildegunn Valen Kleive (vara), Birger Løvlie (vara), Bernt Olav Øvregaard (vara), ekstern representant Terje Kjøde (frå kl. 14.00),
Forfall: Bente Afset, Per Halse, Eli Fjeldseth Røys, Ingun Klepp og studentrepresentantane Ingelill Lanto og Torgeir Bech. Vararepresentantane Gro Brandal, Øyvind Standal og Anne Marie Verpe var innkalla men kunne ikkje møte.
Merknadar til innkalling og sakliste:
Birger Løvlie meinte det burde ha vore ført opp ei sak kalla Eventuelt.
Dekan Torrey Seland ba om at orienteringssakene vart tekne til slutt i møtet. Dette vart teke til følgje.
Orienteringssaker
a) Personalsaker b) Studentstatistikk c) Rekneskapsstatus d) Budsjettarbeidet for år 2005
SAK 22/04 Studieplan "Rus – samfunnsproblem og førebygging"
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Studieplan for "Rus – samfunnsproblem og førebygging" vert vedteken slik den ligg føre i vedlegget.
SAK 23/04: Plan for Kvalitetsutvikling
Det vart røysta punktvis over framlegg til vedtak.
Pkt. 1 vart samrøystes vedteke. Pkt. 2 vart vedteke mot 1 røyst.
Avdelingsstyret gjorde slikt vedtak:
1. Dei framlagde planane for kvalitetsutvikling frå alle tre institutta vert godkjende under følgjande føresetnadar:
· Institutt for Sosialfag justerer samansetninga av fagutvala for vidareutdanningsemna slik at de blir i samsvar med Reglementet.
· Institutt for Religion, livssyn og kyrkjefag presiserer kva nivå/grupper som skal ha fagutval, og korleis samansetninga skal være.
2. For nettstudia vert det etablert eit fagutval i form av eit eige Fagkritisk Forum til kvart emne i ClassFronter. Dette skal nyttast til emneevalueringar. Alle studentar i studiet skal ha tilgang til dette, og faglærer/koordinator legg vekt på å bruke dette forum aktivt i arbeidet med studiekvalitetssikring.
SAK 24/04: INVESTERINGSPLAN 2005
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret prioriterer desse investeringsbehova for år 2005:
|
1. Fullføring av «Torg» i 3. etasje, Strøm-huset, inkl. utsmykking: |
40000 |
|
2. Utstyr til Strøm 314, møtebord og stolar: |
|
50000 |
|
3. Gardiner, Strøm 3. etg.: |
|
40000 |
|
4. Skiljevegg på personalrom |
|
80000 |
|
5. Piano, sakralrom |
|
25000 |
|
6. Digitalt kamera |
|
7000 |
|
7. Undervisningsutstyr til aktivitetsfag |
|
7000 |
|
Sum |
|
|
249000 |
Avdelingsstyret ber om at desse IT-investeringane vert prioriterte for år 2005:
|
Berbare datamaskiner |
|
200000 |
|
Trådlaust nettverk |
|
4000 |
|
Skrivarar |
|
4000 |
|
Datautstyr, samla: |
|
208000 |
SAK 25/04: TIDSBRUK TIL RETTLEIING OG VURDERING AV MAPPEELEMENT (SKRIFTLEGE HEIMEOPPGÅVER) VED ASF
Saka vart trekt og sendt til leiargruppa ved ASF for ny vurdering.
SAK 26/04: GODKJENNING AV SENSORAR
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Sensorplanar for hausten 2004, for Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK), Institutt for sosialfag (ISF), og institutt for planlegging og administrasjon, vert godkjent.
|
Torrey Seland |
Kjell-Einar Dagfinrud |
|
dekanus |
kontorsjef |
|