NORDPLUS
Nordisk Ministerråd sine mobilitets- og støtteprogram heiter no Nordplus og blir administrert frå alle dei fem sjølvstendige landa i Norden. Frå og med 1. januar 2004 har Nordisk Ministerråd lagt ut sine fem mobilitets- og støtteprogram for utdanningssamarbeid til kvart av dei fem landa i Norden. I tillegg er det oppretta informasjonskontor i dei sjølvstyrte områda Grønland, Færøyane og Åland. Alle programma heiter no Nordplus med eit tillegg for fire av dei som viser til kva område programmet omfattar. Dei fem er Nordplus, Nordplus Junior, Nordplus Voksen, Nordplus Språk og Nordplus Nabo.
Nordplus
gir støtte til nettverk for mobilitet og samarbeid mellom høgre institusjonar i Norden. Programmet er no administrert av CIMO i Finland , og søknadene for 2006 skal sendast dit.
CIMO
PB 343
FIN-00531 Helsingfors, Finland,
tel: +358 9 7747 7033,
http://www.cimo.fi/eman/ShowEvent.phx?eid=eman.270
http://www.cimo.fi/svenska
SIU har, saman med Norges Forskningsråd, ansvar for informasjon og rettleiing om programmet til norske søkjarar.
www.forskningsradet.no/is/
(Klikk på Internasjonale stipend i venstre hjørne)
Nordplus Junior
er programmet for nordisk skulesamarbeid og mobilitet for lærarar og elevar. Programmet blir no administrert av Internationella programkontoret för utbildningsområdet i Sverige.
Internationella programkontoret för utbildningsområdet, Box 22007,
SE-104 22 Stockholm, Sverige
tel: 08-453 7200,
www.programkontoret.se
Norges Forskningsråd har, i samarbeid med SIU, ansvar for informasjon og rettleiing om programmet til norske søkjarar.
www.forskningsradet.no/is/
Nordplus Nabo
Nordplus Språk
Nordplus Voksen
Publikasjoner og statistikk