Bok nr. 8 Nasjonsbygging og modernisering
Jostein Nerbøvik
Pris : 150,-
Utgjevingsår : 2000
Denne boka samlar eit utval av Jostein Nerbøviks artiklar og talar i periden 1990-2000. Hovudtemaet i boka er modernisering og nasjonsbygging på norsk. Boka er redigert i fem bolkar. Gjennom desse drøfter forfattaren ulike sider ved nasjonsbyggingsprosessen, og gir oss innsyn i:
- Jakta på det norske. Den norske kulturnasjonalismen knytt til den nasjonal-demokratiske venstrerørsla. Samspelet mellom sentrum og periferi - eller periferien i sentrum.
- Det myndige folket. Om politisk deltaking som føresetnad for myndiggjering og om det representative demokratiet uttrykte eit ekte folkestyre.
- Bondesamfunn i endring. Eit grunnlag for å forstå endringsprosessar i bondesamfunnet dei sista par hundreåra på bakgrunn av internasjonal og norsk forsking.
- Regionale danningstradisjonar i norsk nasjonsbygging. Framveksten av ulike former for folkeopplysning og folkedanning og korleis desse har verka gjennom institusjonar og aktørar
- Eit Ivar Aasen-senter for nynorsk skriftkultur - prosjektet som i løpet av 1990-talet har resultert i to institusjonar:
Ivar Aasen-instituttet - eit knutepunkt for nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og Ivar Aasen-tunet - eit dokumentasjons- og presentasjonssenter for nynorsk kultur i Hovdebygda i Ørsta.
Jostein Nerbøvik (f.1938) er dr.philos. og professor i historie ved Høgskulen i Volda. Boka inneheld ein biografi over forfattarskapen hans.