Bok nr. 11  Den europeiske identiteten og den skandinaviske

Svein Ivar Angell/ J. Peter Burgess/ Bo Stråth
Pris: 100,-
Utgjevingsår: 2001

I oktober 1999 vart det halde eit seminar på Høgskulen i Volda med tittelen "Den europeiske identiteten og den skandinaviske". Medverkande var Bo Stråth frå Det europeiske universitetsinstituttet i Firenze og Svein Ivar Angell og J.Peter Burgess frå Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda. Med dette skriftet kjem desse tre bidraga no på trykk.

Føremålet med seminaret var å reflektere over kor vidt "identitet" som omgrep tener som grunnlag for å analysere den norske sjølvforståinga på tre ulike nivå: det nasjonale, det skandinaviske og det europeiske. Diskursen om norsk nasjonal identitet har blomstra i dei siste åra, ikkje minst som eit uttrykk for opposisjon til det europeiske. Med dette seminaret ynskte vi å utforske kontinuiteten mellom det europeiske og det norske, med det skandinaviske som mellomledd.