|
Hjelp og støtte for tilsette og studentar som nyttar Classfronter er delt i hjelpedokument og hjelpepersonale.
Hjelpedokument
Mange dokument er produserte av lærarar og studiekonsulentar, men det mest omfattande og kvalitetssikra arbeidet er arbeidsrapporten " Fronter 24! Hjelp?". Denne rapporten er snart halvanna år gamal, men prinsippa i Fronter er dei same enno så han er anbefalt lesnad(februar 2005) både for studentar og tilsette.
Ei studentprosjektgruppe ved Media, IKT og design har utvikla eit innføringskurs i bruk av Classfronter, Studentweb og www.hivolda.no. Dette kurset er produsert som ein sjølvstartande CD som er tenkt distribuert til alle nye nettstudentar i tilknyting til semsterstart haust 2005. Målsetjinga er at denne CD'en skal vidareutviklast og verte gjort tilgjengeleg også for tilsette og lokale studentar etterkvart.
Hjelpepersonale
For studentar fungerer hjelpetenesta som hjelpepersonale, medan det for tilsette er den avdelingsansvarlege som er deira støtte. Tilestte kan lese meir om dei avdelingsansvarlege under " administrasjon av Fronter"(interne sider).
|