Hjelp og støtte for tilsette og studentar som nyttar Classfronter er delt i hjelpedokument og hjelpepersonale.
Mange dokument er produserte av lærarar og studiekonsulentar, men det mest omfattande og kvalitetssikra arbeidet er arbeidsrapporten "
Fronter 24! Hjelp?". Denne rapporten er snart halvanna år gamal, men prinsippa i Fronter er dei same enno så han er anbefalt lesnad(februar 2005) både for studentar og tilsette.
Ei studentprosjektgruppe ved Media, IKT og design har utvikla eit innføringskurs i bruk av Classfronter, Studentweb og
www.hivolda.no. Dette kurset er produsert som ein sjølvstartande CD som er tenkt distribuert til alle nye nettstudentar i tilknyting til semsterstart haust 2005. Målsetjinga er at denne CD'en skal vidareutviklast og verte gjort tilgjengeleg også for tilsette og lokale studentar etterkvart.