Skriv ut Sideoversikt |  


Lærarutdanninga
Humanistiske fag
Mediefag
Samfunnsfag
Ivar Aasen-instituttet
Biblioteket
Kontor for etter- og
   vidareutdanning

Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Samfunnsfag / Om avdelinga / Avdelingsstyre / 2005 /

Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 16.03.2005 kl. 13.15 – 15.00 på Strøm 314

 

Til stades:            Torrey Seland, Kjell-Einar Dagfinrud, Bente Afset, Jørgen Amdam, Hallgerd Conradi, Per Halse, Elfrid Sundnes Joa, Birger Løvlie (4. vara), Eli Fjeldseth Røys, Øyvind Standal (2. vara).

 

Melde forfall: Jan Driveklepp, Terje Kjøde, Ingun Klepp.

 

Ikkje møtt:             Ingelill Lanto, Torgeir Bech.

 

Merknader til innkalling og sakliste: Under Ymse vart det meldt to nye saker; sak 1: Neste avdelingsstyremøte og sak 2: Kaffe og te til ASF.

 

Orienteringssaker

 

a)     Status økonomi

b)     Studiesaker

c)     Personalsaker

d)     Pris for godt læringsmiljø

 

 

 

SAK 01 /05:  SUPPLERING AV VALSTYRE FOR ASF

 

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

 

  1. Roar Amdam, Kolbein Halkjelsvik og Elfrid Sundnes Joa vert valt som nye varamedlemmar.
  2. Valstyret konstituerer seg sjølv på første møtet.
  3. Valstyret trer i funksjon umiddelbart, og fungerer inntil nytt valstyre vert nemnt opp i forbindelse med neste ordinære val av avdelingsstyre ved ASF.

 

 

SAK 02 /05: SENSORAR VED ASF, VÅRSEMESTERET 2005

 

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

 

  1. Dei framlagde oversyna over sensorar ved Institutt for planlegging og administrasjon, Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag og Institutt for sosialfag vert godkjend.
  2. Institutta vert oppmoda om å bruke dei eksterne sensorane på ein differensiert måte, jf. Eksamensforskrifta §14.4.

 

 

 

 

 

SAK 03 /05: STUDIEPLANAR VED ASF, 2005-2006

 

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

 

Dei framlagde studieplanane frå Institutt for planlegging og administrasjon, Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag og Institutt for sosialfag trekkjast og sendast attende til institutta for vidare handsaming.

 

 

SAK 04 /05: OPPRETTING AV FOU-UTVAL VED AVDELINGA

 

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

 

  1. Det vert oppretta eit eige FOU-utval ved avdelinga.
  2. Funksjonstida vert samanfallande med dekan-perioden.
  3. Utvalet vert samansett av 1 representant frå kvart av dei 3 institutta + dekan eller prodekan.
  4. Utvalet får følgjande samansetning: Prof. Per Magne Aadnanes, RLK,  prof. Roar Amdam IPA, prof. Tor Johan Ekeland ISF, og dekan eller prodekan. Utvalet konstituerar seg sjølv.

 

Under handsaminga av saka kom det framlegg frå Birger Løvlie om eit eige pkt. 5:

 

Avdelingsstyret vil be om at RLK også vert knytt til FoU-utvalet ved ALU.

 

Det vart røysta over framlegget, og framlegget fall med 6 mot 2 røyster. 1 var avholdande.

 

 

SAK 05 /05: YMSE


Sak 1: Neste avdelingsstyremøte
For å gjennomføre ny handsaming av studieplanar, er det behov for eit nytt møte i Avdelingsstyret.

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

 

Neste avdelingsstyremøte vert onsdag 27. april kl. 13.15.

 

Sak 2: Innkjøp av kaffe og te

Birger Løvlie tok opp sak om innkjøp av kaffe og te.

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

 

Innkjøp av kaffe og te til Avdeling for samfunnsfag bør vere avgrensa til merke som gir minstelønsgaranti til produsentane.

 


Torrey Seland                                              Kjell-Einar Dagfinrud
dekanus kontorsjef
 

                                                                       

                                                                                            



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Håkon Bø 01.04.2005
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning