Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 16.03.2005 kl. 13.15 – 15.00 på Strøm 314
Til stades: Torrey Seland, Kjell-Einar Dagfinrud, Bente Afset, Jørgen Amdam, Hallgerd Conradi, Per Halse, Elfrid Sundnes Joa, Birger Løvlie (4. vara), Eli Fjeldseth Røys, Øyvind Standal (2. vara).
Melde forfall: Jan Driveklepp, Terje Kjøde, Ingun Klepp.
Ikkje møtt: Ingelill Lanto, Torgeir Bech.
Merknader til innkalling og sakliste: Under Ymse vart det meldt to nye saker; sak 1: Neste avdelingsstyremøte og sak 2: Kaffe og te til ASF.
Orienteringssaker
a) Status økonomi
b) Studiesaker
c) Personalsaker
d) Pris for godt læringsmiljø
SAK 01 /05: SUPPLERING AV VALSTYRE FOR ASF
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
SAK 03 /05: STUDIEPLANAR VED ASF, 2005-2006
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Dei framlagde studieplanane frå Institutt for planlegging og administrasjon, Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag og Institutt for sosialfag trekkjast og sendast attende til institutta for vidare handsaming.
SAK 04 /05: OPPRETTING AV FOU-UTVAL VED AVDELINGA
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Under handsaminga av saka kom det framlegg frå Birger Løvlie om eit eige pkt. 5:
Avdelingsstyret vil be om at RLK også vert knytt til FoU-utvalet ved ALU.
Det vart røysta over framlegget, og framlegget fall med 6 mot 2 røyster. 1 var avholdande.
SAK 05 /05: YMSE
Sak 1: Neste avdelingsstyremøte
For å gjennomføre ny handsaming av studieplanar, er det behov for eit nytt møte i Avdelingsstyret.
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Neste avdelingsstyremøte vert onsdag 27. april kl. 13.15.
Birger Løvlie tok opp sak om innkjøp av kaffe og te.
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Innkjøp av kaffe og te til Avdeling for samfunnsfag bør vere avgrensa til merke som gir minstelønsgaranti til produsentane.
Torrey Seland
Kjell-Einar Dagfinrud
dekanus
kontorsjef