Nordisk institutt ved Høgskulen i Volda ønskjer deg velkomen til vårt nye fordjupingsstudium i norsk på nett. Faglærarar ved studiet er Rakel Christina Granaas og Geir Hjorthol.
Emneansvarleg er Geir Hjorthol. Torsdag og fredag i kvar veke er sett av til å svare på e-post og telefonar av fagleg karakter (gh@hivolda.no, tlf. 70 07 51 04). Når det gjeld spørsmål av meir praktisk eller formell art, kan du vende deg til studiekonsulent Sylvi Gulla Hovdenakk (sgh@hivolda.no), tlf. 70 07 50 15.
NO 203 gir 15 studiepoeng og utgjer halvparten av fordjupingsstudiet i norsk (nordisk). I nivå og omfang svarar det til det tidlegare mellomfagstillegget. Arbeidsmengda kan reknast som ein halvtidsjobb. Den andre halvparten av fordjupingsstudiet er språkleg. Sjå eigen informasjon på heimesida til HVO, Avdeling for humanistiske fag (www.hivolda.no), klikk deretter på Humanistiske fag – nettstudium). Her finn du også emneomtalar, med orientering om pensum, arbeidskrav og eksamen.
Kort oppsummert omfattar pensum i den litterære delen av fordjupingsstudiet 8 litterære verk og eit utval litteraturteori, litteraturhistorie og litteraturkritikk.
Dei litterære verka kan kjøpast/tingast hos Studentbokhandelen i Volda (sfsbok@hivolda.no), hos Haugen Bok i Volda (www.haugenbok.no) eller der det elles måtte passe. Teori og sekundærlitteratur finn du i to kompendium som du tingar hos Hustrykkeriet ved HVO (tlf. 70 07 53 90). Kompendia vil vere klare i god tid før semesterstart.
NO 203 er sett saman av i alt 10 leksjonar. Dei to første leksjonane tek for seg tekst- og sjangerteori, dei følgjande 8 gir deg ein introduksjon til kvart av pensumverka. Detaljert plan for semesteret finn du nedanfor.
Undervisninga startar i veke 35, og du får ein ny leksjon kvar torsdag til og med veke 44. Leksjonane vil variere ein del i omfang.
For å få fullt utbyte av leksjonane bør du ha lese den aktuelle pensumlitteraturen (primærtekst, teori og sekundærlitteratur) på førehand.
Arbeidet med semesteroppgåva er ein sentral del av studiet og samstundes det teljande skriftlege eksamensarbeidet. Dette er ei individuell oppgåve, der du får rettleiing undervegs. Du kan sjølv velje kva verk du vil skrive om, men før du går i gang, må oppgåveformulering og problemstilling vere godkjende av rettleiaren. I starten av semesteret vil vi legge ut ei liste med forslag til oppgåver.
Du må velje oppgåve i starten av semesteret, før alle verka er presenterte i leksjonane. Difor er det viktig at du orienterer deg i pensumlitteraturen så tidleg som råd.
Arbeidskrav
Det er viktig at du kjem tidleg i gang med skrivinga. For å hjelpe deg med dette, har vi sett som arbeidskrav at du innan ein viss dato (sjå nedanfor) skal levere eit forarbeid/utkast til semesteroppgåva på om lag 5 sider. Dette blir lese og kommentert av rettleiaren din, som skal godkjenne utkastet før du går vidare.
Innan 26. september: Studenten leverer forslag til emne, problemstilling, grov disposisjon, og forslag til teori og sekundærlitteratur. Respons og godkjenning frå faglærar.
Innan 14. oktober: Studenten leverer utkast til semesteroppgåva (arbeidskrav). Kommentar og godkjenning frå rettleiar.
Frist for innlevering av pensumliste: 7. november. Ferdig utfylt pensumliste finn du på CF.
Hugs underskrift!
I løpet av november har studenten rett til to rettleiingar på utkast til semesteroppgåva. Siste frist for innlevering til rettleiing: 24. november.
Frist for innlevering av semesteroppgåve: 1. desember kl 1400.
Sensur: ca. 16. desember
Eksamensoppgåve = semesteroppgåve. I tillegg kjem munnleg eksamen rett etter sensuren (i Volda eller pr. telefon dersom naudsynt). Både skriftleg og munnleg eksamen blir evaluerte med bokstavkarakter. På munnleg eksamen får du særleg spørsmål frå dei delane av pensum som du ikkje har arbeidd med i oppgåva di. Karakteren på munnleg eksamen utgjer ein tredel av samla karakter.
Undervisningsplan
|
VEKE |
LEKSJONAR |
TEKSTAR |
TEORI OG SEK.LITT. |
|
35 |
Introduksjon gh |
|
Semesterplan og emneomtale. Borge/Hagerup/Aagenæs: ”Biografiens nytte” (Komp. 1) |
|
36 |
Sjangerteori gh |
|
Sjangerteori i kompendium |
|
37 |
Forfattarbiografien 1 gh |
Francis Bull: Bjørnstjerne Bjørnson |
Sjangerteori i kompendium |
|
38 |
Forfattarbiografien 2 rcg |
Liv Køltzow: Den unge Amalie Skram |
Trygve Riiser Gundersen: ”Forfatterbiografien. En lesning av kapittel 7 i Liv Køltzows Den unge Amalie Skram – et portrett fra det 19. århundre” |
|
39 |
Forfattarbiografien 3 gh |
Kjartan Fløgstad: Portrett av eit magisk liv. Poeten Claes Gill |
Marianne Egeland: ”Biografisk ideosynkrasi” Geir Hjorthol: ”Livshistoria som fråverande årsak” Asbjørn Aarnes: ”I begynnelsen var blåsyren” |
|
40 |
Biografisk fiksjon 1 gh |
Dorrit Willumsen: Bang |
Øystein Ziener: ”Pjatt frå Dorrit Willumsen” - ”Willumsen gør Bang ynkelig” - ” Herman Bang – et fortolkningsproblem” Preben Meulengracht: ”Litterær moraliseren” - ”Rent hykleri”. Cecilie Seiness: ”Mellom pjatt og kvalme” |
|
41 |
Biografisk fiksjon 2 gh |
Jon Fosse: Melancholia I |
Jon Fosse: ”Romanen i sin store ironi” Leif Johan Larsen: ”Smerte, sorg og dristighet. Om Jon Fosses forfatterskap” |
|
42 |
Sjølvbiografisk fiksjon 1 rcg |
Göran Tunström: Prästungen |
Margareta Garpe: ”Våra kroppar är märkliga katedraler. En intervju med Göran Tunström” [Göran Tunström]: „Ögonblikkets tid, gemenskapens rum. Göran Tunström i samtal med Arne Melberg” |
|
43 |
Sjølvbiografisk fiksjon 2 rcg |
Espen Haavardsholm: Gutten på passbildet? |
Div. meldingar og debattinnlegg |
|
44 |
Sjølvbiografisk essay gh |
Karin Sveen: Klassereise |
Pål Strandbakken: ”Kanskje rett og slett et betydelig verk” |