|
Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 05.10.2005 kl. 13.15-15.15 på Strøm 314
Til stades: Kjell-Einar Dagfinrud, Bente Afset, Jørgen Amdam, Gro Brandal (1.vara), Hallgerd Conradi, Elfrid Sundnes Joa, Ingun Klepp, Eli Fjeldseth Røys, Øyvind Standal (2.vara)
Forfall: Per Halse, Jan Driveklepp, Terje Kjøde, studentrepresentantane. (Nye studentrepresentantar skal veljast 17. oktober.)
Merknadar til protokoll frå siste møte, innkalling og sakliste: Ingen
Orienteringssaker
a) Studiesaker b) Økonomisaker c) Personalsaker d) Masterprosjektet e) Representant til Læringsmiljøutvalet f) Frivillig og offentleg
SAK 08/05: OMORGANISERINGSPROSJEKTET – HØYRINGSUTTALE FRÅ ASF
Avdelingsstyret røysta punkt for punkt og gjorde slikt samrøystes vedtak:
- Avdelingsstyret ved ASF vil framheve at mangelfull analyse av no-situasjonen gjev eit usikkert grunnlag for å vurdere om framlegga frå prosjektgruppa er føremålstenlege. Vi kan ikkje sjå at me har problem som tilseier slike løysingar som framlegget skisserer, og ynskjer no som før sjølve å gjennomføre nødvendige organisasjonstilpassingar ved avdelinga ved behov. Vi tek avstand frå forslaget sin New Public Management tankegang, og meiner den er ei ueigna tilnærming for å betre kvaliteten ved ASF og HVO.
- Modellen med oppsplitting av ansvar og mynde på hhv. studienemnder og instituttleiarar vert sterkt frårådd.
- HVO sin styringsmodell må gjerne forenklast ved at det er berre to formelle styringsnivå, som ved ASF i dag.
- Avdelingsstyret ynskjer ikkje at RLK-miljøet vert skilt ut frå resten av avdelinga.
- Avdelingsstyret går inn for delt leiing som prinsipp på både institusjons- og avdelingsnivå, men meiner at den enkelte avdeling i særlege høve må kunne stillast fritt.
- Framlegget om inndraging og redistribuering av administrasjonsressursar er eit tilbakesteg i høve rammestyring, sjølvstende og autonomi. HVO må vidareutvikle eksisterande modell og snarast flytte fleire administrative støttefunksjonar ut til institutt/avdelingsnivået.
- Det er ein veikskap ved framlegget at FoU-arbeid, og vilkåra for dette, ikkje er tematisert tilstrekkeleg i innstillinga frå prosjektgruppa. Det er spesielt skiljet mellom FoU og undervisning ein ser som problematisk.
SAK 09/05: INVESTERINGSPLAN 2006
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret prioriterer desse investeringsbehova for år 2006:
|
1. Fullføring av «Torg» i 3. etasje, Strøm-huset, inkl. utsmykking: |
|
40000 |
|
2. Utstyr til Strøm 314, møtebord og stolar: |
|
50000 |
|
3. Div. utstyr (fargelaser, makuleringsmaskin, kamera) |
|
40000 |
| 4. Div. gardiner |
|
20000 |
|
5. Skiljevegg på personalrom |
|
80000 |
|
Sum |
|
230000 |
SAK 10/05: STUDIETILBODA 2006
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret vedtek studietilbod ved ASF for år 2006 i samsvar med framstillinga over, med atterhald om finansiering og tilstrekkeleg rekruttering av studentar.
SAK 11/05: AVDELINGA SIN RAPPORT OM KVALITETSARBEID 2004-2005
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Styret for Avdeling for samfunnsfag godkjenner rapporten frå avdelinga om studiekvalitetsarbeidet 2004-05
SAK 12/05: REVISJON AV UTVIKLINGSPLAN FOR AVDELING FOR SAMFUNNSFAG
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret ber om at dei kommentarar og merknader som kom fram i møtet vert innarbeidd i revisjonen av utviklingsplanen, og at planen vert lagt fram på neste møte til endeleg handsaming
| Hallgerd Conradi |
Kjell-Einar Dagfinrud |
| dekan |
kontorsjef |
|