Bok nr. 20 Spisse tenner i mjukt skinn
Hans Sande i ein nynorsk karnevalistisk tradisjon
Bjørg Angvik
Pris: 150,-
Utgjevingsår: 2005
Eit særtrekk ved forfattaren Hans Sande sin litterære produksjon er at han set ord på det vonde i menneskelivet, slik at du "kjenner dei spisse tennene som høgg til og ikkje vil sleppe taket i det mjuke skinnet ditt".
Kan ein hevde at Sande sin leik med det gode og det vonde kan karakteriserast som karnevalisme? Er han ikkje åleine, men står midt i ein sterk karnevalistisk tradisjon innanfor den nynorske skriftkulturen?
Med utgangspunkt i den russiske litteraturforskaren Mikhail Bakhtin sin teori om karnevalisme i litteraturen, viser lektor Bjørg Angvik korleis det har utvikla seg ein karnevalistisk tradisjon som startar med Aasmund Olavsson Vinje. Ein analyse av Sande sin roman "Sprekk" plasserer Sande i denne tradisjonen.