Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 01.02.2006 kl. 13.15-15.15 på Strøm 314
Til stades: Kjell-Einar Dagfinrud, Bente Afset, Jørgen Amdam, Hallgerd Conradi, Jan Driveklepp, Per Halse, Ingun Klepp, Brynhild Solvang, ekstern vararepresentant Eli-Mette Lüthcke, studentrepresentant Mari Lome
Forfall: ekstern representant Terje Kjøde, Elfrid Sundnes Joa
Studentrepresentant Hans Magne Rørvik møtte ikkje
Merknadar til innkalling og sakliste: Ingen
Orienteringssaker
a) Omorganisering ved HVO - vedtak og prosess vidare
b) Opptaket våren 2005
c) Strategiplan for HVO – høyring
d) Personalsaker
e) NAV
f) SHP
SAK 01/06: INTERN FORDELING AV BUDSJETTRAMMER VED ASF FOR 2006
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Styret for avdeling for samfunnsfag vedtek nye Retningsliner for prosjekt- og klientpraksis ved barnevernspedagog – og sosionomutdanningane ved Høgskulen i Volda. Retningslinene vert gjort gjeldande frå det tidspunktet dei er godkjende av direktøren.
SAK 03/06: PROTOKOLL FRÅ AVDELINGA SITT STUDIEKVALITETSUTVAL
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Styret for avdeling for samfunnsfag godkjenner den framlagte protokollen.
SAK 04/06: NY STUDIUM OG EKSAMENSFORSKRIFT VED HØGSKULEN I VOLDA – PRAKTISKE ORDNINGAR
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Styret for avdeling for samfunnsfag godkjenner at dekanus i saker som vedkjem utdanningsplanar, tilrettelagt studiesituasjon, utsetting av arbeidskrav, fråvær utover 80% regelen, eksamenstidspunkt samt eksamensform ved utsett prøve lar dette vere saker som instituttleiar i hovudsak tek stilling til. Dekanus vert halden orientert, og vert elles trekt inn ved prinsipielle spørsmål, tvil og større avvik.
SAK 05/06: SENSOROPPNEMNING TEAM- OG KUNNSKAPSUTVIKLING
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Det framlagde oversynet over sensorar ved eksamen i Team- og kunnskapsutvikling vert godkjend.
SAK 06/06: REVISJON AV STUDIEPLAN: HELSEPEDAGOGIKK – TILPASSA FARMASØYTAR.
Saksutgreiing og innstilling vart lagt fram i møtet.
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Styret for avdeling form samfunnsfag godkjenner den reviderte studieplanen i Helsepedagogikk – tilpassa farmasøytar.
Per Halse gjekk etter denne saka.
SAK 07/06: EVENTUELT: AVDELINGSSTYRET SIN MERKNAD TIL ORIENTERINGSSAK A
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingssstyret sluttar seg til dispensasjonssøknaden frå leiargruppa, og ber om at den vert handsama av HVO-styret straks.
| Hallgerd Conradi | Kjell-Einar Dagfinrud |
| dekan | kontorsjef |