|
Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 26.04.2006 kl. 13.15- på Strøm 314
Til stades: Kjell-Einar Dagfinrud, Hallgerd Conradi, Jan Driveklepp, Per Halse, Ingun Klepp, Anne Marie Verpe (vara), Bernt Olav Øvregaard (vara), Elfrid Sundnes Joa, ekstern representant Eli-Mette Lüthcke, studentrepresentant Mari Lome
Forfall: Bente Afset, Jørgen Amdam, Brynhild Solvang, studentrepresentant Hans Magne Rørvik
Merknadar til innkalling og sakliste:
Orienteringssaker
a) Personalsaker b) Økonomisaker c) Studiesaker d) Småsamfunnssatsinga e) NAV
SAK 12/06: NY HØYRING AVDELINGSSTRUKTUREN – UTTALE FRÅ ASF
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
- Styret for Avdeling for samfunnsfag held fast på sitt vedtak i sak 9/06 når det gjeld framtidig avdelingsstruktur og behov for nye byråkratiske løysingar utover den linja som er etablert
- Avdelingsstyret sluttar seg til dei kommentarane som er gitt i saksframstillinga, og meiner at ein gjerne i større grad må løfte fram kulturaspektet både i eit felles fagmiljø for praktisk- estetiske fag, og som fellesnemnar for alle avdelingane ved høgskulen. Avdelingane må elles få høve til å finne fram til interne organiseringar som fungerer ut frå dei særeigne behova som kvar avdeling har, men likevel slik at det må vere føringar på at desse einingane ikkje må verte for små, då dette verkar til å fragmentere miljøa
- Ettersom det på noverande tidspunkt er ope korleis avdelingsstrukturen vert, har ikkje avdelinga tunge formeiningar om namn på avdelingane. For ASF kan det vurderast om ikkje nemninga velferd i større grad skal trekkast inn
SAK 13/06: BUDSJETTPOSTERING VED ASF
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Postbudsjetta for fellesnivået ved avdelinga, ISF, RLK og IPA vert vedtekne i samsvar med vedlegga 1, 2, 3 og 4.
SAK 14/06: STIPENDIATSTILLINGAR 2007 – FRAMLEGG FRÅ ASF
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret ber om at det vert oppretta stipendiatstilling i rus- og avhengigheitsproblematikk, og stipendiatsstilling i religionshistorie ASF.
Jan Driveklepp og Anne Marie Verpe fekk permisjon etter denne saka.
SAK 15/06: GODKJENNING AV VIDAREUTDANNINGSEMNE PÅ 300-NIVÅ –MEISTRING OG MYNDIGJERING ( 15 + 15 stp)
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
- Avdelingsstyret godkjenner at dei to mastergradsemna Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet (15 stp) og Meistring og myndiggjering – strukturperpektivet (15 stp) vert godkjende som vidareutdanningstilbod som Avdeling for samfunnsfag kan tilby som sjølvstendige vidareutdanningsemne hausten 2006 og våren 2007, og legg saka med dette fram for studieutvalet.
- Vidareutdanningsemna kan ved godkjent mastergrad i sosial – og helsefagleg arbeid vere obligatoriske emne i mastergraden, og kan innpassast i graden med dei evt. atterhald som ligg til NOKUT si godkjenning. Vidareutdanningsemna kan elles inngå som valfrie emne i mastergrad i samfunnsplanlegging.
SAK 16/06: STUDIEPLANAR VED ASF, 2006 - 2007
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Dei framlagde studieplanane frå institutt for planlegging og administrasjon, institutt for religion, livssyn og kyrkjefag og institutt for sosialfag vert godkjende med følgjande presiseringar:
a) skriftlege oppgåver (arbeidskrav, prosjekt) som skal inn som eksamenselement må ha ei klår presisering av vekting dersom det skal vere samla karakter
b) ved omtale av vurdering og eksamen skal karakteruttrykket vere presisert (evt som stått/ ikkje stått)
c) ved skriftlege arbeid som skal til vurdering, og der omfanget av arbeidet skal oppgjevast, skal dette gjerast i tal på ord og ikkje i tal på sider.
d) pensumsgodkjenninga inneber at ein tek atterhald om endring seinast to veker før semesterstart. Institutt som ikkje alt har oppgitt sideomfang, må ha dette med i semsterplanen (og for seinare revideringar inn i emneplanen)
Institutta vert bedne om snarst å ta ein gjennomgang av emneplanane for å sjå at desse presiseringane er innfridde i Nexus.
| Hallgerd Conradi |
Kjell-Einar Dagfinrud |
| dekan |
kontorsjef |
|