|
Historisk institutt har innført mappe- eller prosessevaluering som grunnlag for karakterfastsetjinga i alle emne frå studieåret 2002-03. Hensikten med innføring av mappeeksamen er å forbetre læringsprosessen for studentane. Alle kategoriar studentar (heiltids-, deltids- og fjernstudentar) følgjer opplegget.
I botnen for opplegget ligg organiseringa av teoriemna i 10-11 faglege tyngdepunkt. Kvart emne har ein fast tyngdepunktplan som fordeler heile pensum på desse. Til kvart tyngdepunkt høyrer det to nettleksjonar à 6-10 sider, skrivne av faglærarar.
Kvart semester blir det laga såkalla prosessoppgåver (som kan samanliknast med tradisjonelle eksamensoppgåver). Dei skal dekkje alle tyngdepunkta.
Arbeidskrav knytt til emna HI101N, HI102N og HI103N (nettvariantane) for haustsemesteret 2007:
Studentane sitt arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:
1. Formulere problemstilling, lage utkast til disposisjon og innleiing til ei gjeven oppgåve. 2. Vidareutvikle arbeidskrav 1 til ei prosessoppgåve med utgangspunkt i disposisjonen (arbeidskrav 1) i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 11 000 teikn utan mellomrom i Word. 3. Skrive ei ny prosessoppgåve utifrå ei tildelt problemstilling. 4. Skrive kommentarar (responsar) til prosessoppgåve (arbeidskrav 3) frå fire medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 2000-3000 teikn utan mellomrom i Word. 5. Refleksjonsnotat som skal ha eit omfang av 2000-3000 teikn utan mellomrom i Word. 6. Ein 4 timars individuell skriftleg prøve på Classfronter, der pensum i heile emnet blir prøvd.
For gjennomføring av arbeidskrav 3 og 4 blir studentane delt inn i grupper på 4-6 studentar.
Prosessoppgåva i arbeidskrav 3 skal bearbeidast til sluttoppgåve (eksamensoppgåve) etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal ha eit omfang av om lag 11 000 teikn utan mellomrom i Word.
Arbeidskrav knytt til emna HI201N, HI202N og HI206N (nettvariantane) for haustsemesteret 2007 (same opplegg som for dei lokale variantane med forelesningar:
- Skrive to prosessoppgåver i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 11 000 teikn utan mellomrom.
- Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 1000-3000 teikn utan mellomrom.
Dei to rundene med prosessoppgåve- og kommentarskriving kjem etter at tyngdepunkt 5 og 10 er lagt ut.
Ei av prosessoppgåvene skal bearbeidast til sluttoppgåve (eksamensoppgåve) etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Sluttoppgåva skal også ha eit omfang av om lag 11 000 teikn utan mellomrom.
Felles informasjon for alle emna på historie
Detaljane i arbeidskrava (formelle krav til utforming m.m.) blir gjevne i eige skriv før kvart emne startar.
Komplett arbeidsmappe må leverast til evaluering same semester som arbeidet er utført.
Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
|