Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 11.10.2006 kl. 13.15-16.00 på Strøm 314
Til stades: Kjell-Einar Dagfinrud, Bente Afset, Jørgen Amdam, Hallgerd Conradi, Per Halse, Elfrid Sundnes Joa, Brynhild Solvang, Øyvind Standal (vara), Anne Marie Verpe (vara) ekstern representant Eli-Mette Lüthcke, studentrepresentant Hans Magne Rørvik
Forfall: Jan Driveklepp, Ingun Klepp
Merknadar til innkalling og sakliste:
Orienteringssaker
a) Mastergrad i sosial- og helsefagleg arbeid - læring, meistring og myndiggjering
b) Omorganiseringssaka
c) Personalsaker
d) Økonomisaker, herunder arbeidet med revisjon av HVO sin budsjettmodell
e) Studiesaker
SAK 17/06: STUDIEKVALITETSRAPPORT 2005-2006
Saka vart lagt fram utan framlegg til vedtak.
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
- Avdelingsstyret sluttar seg til framlegget til rapport frå dekan.
- Avdelingsstyret peikar på at kvalitetssystemet bør fremje meir fokus på utvikling og dialog ( -enn kontroll)
- Kontrollbehovet må kunne dekkast ved å etablere ein enklare avvikskontroll.
- Avdelingsstyret er skeptiske til verdien av studentevalueringar i CF
- Studiekvalitetsbegrepet bør definerast betre
- Avdelingsstyret ber om at det vert innført fast, standardisert ordning med innhenting av sensorrapportar.
- Ordninga med eigne avdelingsvise studiekvalitetsutval må vurderast nærare for ikkje å verte ein blindtarm i systemet når ansvarsliner elles er plasserte.
SAK 18/06: STUDIETILBODA 2007
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret sluttar seg til overståande framstilling av aktuelle studietilbod ved ASF for år 2007 med atterhald om finansiering og tilstrekkeleg rekruttering av studentar.
SAK 19/06: STUDIETILBOD I SJØLVHJELP
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
- Avdelingsstyret tar studieplan med emneplaner i sjølvhjelp 1 og 2 til orientering, med dei kommentarar som kom fram i avdelingsstyremøtet.
- Dekan får fullmakt til å ta stilling til godkjenning når saka er ferdigstilt frå KEV.
SAK 20/06 REVISJON AV STUDIEPLAN "KRIMINALITETSFOREBYGGING", 15 STP
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Revisjon av studieplan for " Kriminalitetsforebygging" vert godkjent slik den ligg føre i vedlegget.
SAK 21/06: SENSORAR VED ASF, HAUSTSEMESTERET 2006
Sensorframlegg for HELS303 og RUS301 vart lagt fram på møtet.
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Dei framlagde oversyna over sensorar frå institutta vert godkjent.
| Hallgerd Conradi |
Kjell-Einar Dagfinrud |
| dekan |
kontorsjef |