
| Høgskulen i Volda tok del på karriererettleiingsdagar i Ålesund og Kristiansund 15.-19.oktober. Her publiserer vi intervju med ungdom frå messene og fjernsynssendingar som elevane har laga. - Her får elevane vere med å lage ei forenkla fjernsynssending. Dei får presentert eit tenkt tilfelle der ein elev skal vere programleiar og den andre intervjuobjekt, seier Pål Aam |
Vil du vere med i trekninga av en USB-minnepenn på 1 Gb? |
| Pål Aam er førstelektor ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda. Saman med Torbjørn Frantsen, høgskulelærar med Avdeling for kulturfag, skal han forklare tiandeklassingar frå heile fylket kva yrke dei kan få ved å ta utdanning ved Høgskulen i Volda. Til å hjelpe seg har dei fått med Annette Karlsen og Linda Lie, avgangsstudentar ved Informasjonsutdanninga i Volda. | |

Arrangementa vert avvikla i Ålesund 15.-17.oktober og i Kristiansund 17. - 19. oktober, og på messene får du møte mellom anna Pål Aam, Linda Lie, Annette Karlsen, Torbjørn Frantsen.
Du kan også lesa ein artikkel om messa på Høgskolen i Ålesund sine nettsider