Framtida sine informasjonsforvaltarar |  - Lykke til folkens!
Skriv ut Sideoversikt |  

Nettpraksis BA Info&Media / Gamle prosjekt, ikkje rediger! / Nettpraksis INF112 V07 / FN- sambandet /

Uryddig design på fn-sambandet sine nettsider

 I ei evaluering som studentane på informasjon og media på Høgskulen har gjort, blir designen på nettstaden til FN-sambandet  kritisert.

 

Tekst: Mari Svartveit

 

 Linda Merethe Lie (26) har gjort ein strukturanalyse av FN-sambandet i samband med eit prosjekt på skulen der dei skulle evaluera ulike nettstader.

 

 Når me spør ho korleis ho la opp arbeidet. Blir det ein liten pause før ho svarar -Eg er kjend med ulike typar navigasjon, men eg har prøvd å sjå vekk frå  mine eigne forutsetningar.

 

Linda stiller seg noko kritisk til designen som vært nytta på sida i rapporten.

 

Kva var det fyrste du la merke til på sida, når det gjeld strukturen?Det kjem bestemt -Mykje rot, boksar som stod i hytt og gevær.

Sidan ho er litt kritisk til designet blir det naturleg å spørje korleis ho ville forbetre det visst ho fekk bestemme. Ho ville ikkje hatt temaboksane i midten, og dessutan etter hennar meining er det eit ulogisk fargeval på dei.

 

Ut frå brukartestane er det ikkje ei samstemt meining om designet frå målgruppa som vart spurd (det vil seie ungdomskulen og videregåande.) Nokon synest at det såg bra ut og var enkelt og forstå, mens andre synest at det var kjedeleg.

 

Linda kjem ikkje berre med ris til FN-sambandet. FN-sambandet har eit banner oppe på sida av ein farga gutt og ei kvit jente. Ho meiner at banneret oppe på sida gjenspeglar organisasjonen sine verdiar og fylgjer også dei lover og reglar dei har lært  i pensum for god webkommunikasjon.

 

 Me avsluttar med å spørja om korleis det var å jobba med prosjektet?

-Sjølv om eg trudde at eg hadde god peiling på oppsett av internettsider, så føler eg, at eg har lært noko nytt likevel.

 

Les hele strukturanalysen...



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Informasjon og media 13.03.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning