Tekst: Mari Svartveit
Når me spør ho korleis ho la opp arbeidet. Blir det ein liten pause før ho svarar -Eg er kjend med ulike typar navigasjon, men eg har prøvd å sjå vekk frå mine eigne forutsetningar.
Linda stiller seg noko kritisk til designen som vært nytta på sida i rapporten.
Kva var det fyrste du la merke til på sida, når det gjeld strukturen?Det kjem bestemt -Mykje rot, boksar som stod i hytt og gevær.
Sidan ho er litt kritisk til designet blir det naturleg å spørje korleis ho ville forbetre det visst ho fekk bestemme. Ho ville ikkje hatt temaboksane i midten, og dessutan etter hennar meining er det eit ulogisk fargeval på dei.
Ut frå brukartestane er det ikkje ei samstemt meining om designet frå målgruppa som vart spurd (det vil seie ungdomskulen og videregåande.) Nokon synest at det såg bra ut og var enkelt og forstå, mens andre synest at det var kjedeleg.
Linda kjem ikkje berre med ris til FN-sambandet. FN-sambandet har eit banner oppe på sida av ein farga gutt og ei kvit jente. Ho meiner at banneret oppe på sida gjenspeglar organisasjonen sine verdiar og fylgjer også dei lover og reglar dei har lært i pensum for god webkommunikasjon.
Me avsluttar med å spørja om korleis det var å jobba med prosjektet?
-Sjølv om eg trudde at eg hadde god peiling på oppsett av internettsider, så føler eg, at eg har lært noko nytt likevel.