Framtida sine informasjonsforvaltarar |  - Lykke til folkens!
Skriv ut Sideoversikt |  

Nettpraksis BA Info&Media / Gamle prosjekt, ikkje rediger! / Nettpraksis INF112 V07 / FN- sambandet /

Klar definisjon av målgrupper er viktig for besøkstalet

 

Markus Iestra har studert bruken av nettstadene til FN-sambandet og Globalis. Han har funne fleire årsaker som kan vere idear for vidare utvikling av dei.

 

Tekst: Janita Mo

 

- Eg har først og fremst konsentrert meg om dag-til-dag-analyse og brukarstatistikk på begge nettstadene. I første omgang såg det ut til at globalis.no kun var ei underside av fn.no. Men dette endra seg raskt då eg fekk studert nettsidene, statistikkar og tabellar. Då vart globalis.no meir ein sjølvstendig nettstad, men med tilknyting til fn.no, fortel Iestra.

Målgruppene

Målgruppene til Fn-sambandet er ganske mange og vert i utgangspunktet også for Globalis. Men likevel er der ulikskapar mellom nettstadene som trekkjer til seg ulike brukarar.

 

- Globalis har definert målgruppa betre og har lagt betre til rette for denne enn det FN-sambandet har gjort. Det er tydeleg at dei har innsnevra målgruppa frå fleire til ei, og i dette tilfellet satsa på grunnskule, seier Iestra.

 

- Fn-sambandet prøvar å nå så mange målgrupper, at dei risikerar å ikkje treffe nokon av brukarane. Det er viktig å vite kva ein vil oppnå med nettstaden og skreddarsy sidene deretter, konkluderer Iestra.

Talet på besøkande

Det er ein viss forskjell på talet besøkjande mellom FN-sambandet og Globalis, men

største besøket skjer for begge i skule- og jobbtida.

 

- Avviket ligg i helgane når det er skule- og jobbfri. Så det kan tyde at brukarane har eit bestemt formål med besøka. Dessutan var det vinterferie den eine veka med kontroll over brukarstatistikk, for då var der mykje dårlegare besøk enn elles, seier Iestra.

 

Det er globalis.no som har flest besøk på nettstaden. Iestra meinar at det er den gode  tilrettelegginga for målgruppa som har vore avgjerande her. Dessutan vert globalis.no oppgjeve som kjelde av lærarar.

Søkjeorda og søkjefrasene

Søkjeorda og frasene varierar mellom dei to nettstadene, og dette har samanheng med mellom anna målgrupper og talet på besøkjande.

 

- På fn.no handlar søkjeorda meir om spørsmål i tida, som globalisering, fattigdom og barnearbeid. Det kan verke som om her kan vere fleire tilfeldig besøkjande, fordi det kan ha skjedd noko i nyheitsbiletet. Då ynskjer folk å finne ut meir og søkjer på Internett, trur Iestra.

 

- globalis.no har flest treff på kart over verda og land, og det gjev eit inntrykk av nokon jobbar med eit spesielt emne. Når elevar arbeider med oppgåver dei får på skulen, kan dei finne mange svar på nettstaden til Globalis. Der er mange kart, og fleire av dei er interaktive, seier Iestra.

 

Iestra konkluderer med at FN-sambandet er for dei tilfeldig besøkjande og Globalis for dei oppgåveløysande.

Oppdateringar

Nettstadene er ikkje-kommersielle, og oppdateringar treng difor ikkje vere så hyppige som hjå dei kommersielle.

 

- fn.no fekk inn ein artikkel, eller nyhende, første veka. Andre veka kom to nye artiklar og eit innlegg. Men dei kom....

 

- Det var litt mindre aktivitet på sidene globalis. Der skjedde ingenting første veka, medan der kom tre nye artiklar fredagen i andre veka. Det kan kanskje vere lurt å kome jamnare med oppdateringane og nyhende for å halde oppe interessa til brukarane, avsluttar Markus Iestra.

Les hele dag-dag-analysen eller brukerstatistikken...



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Informasjon og media 13.03.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning