|
- Nettstaden har ei stor utfordring i å få brukarane til å bli verande ei stund. Dei fleste som kjem innom besøker berre ei side og dei forsvinner fort ut igjen. 75 prosent av dei som har besøkt nettstaden vart verande rundt ti sekund i gjennomsnitt. Rundt 64 prosent av alle besøkande var innom berre ei side.
Tekst: Lisbeth Svendsen Søvik
Det seier Kjetil Branæs, student ved informasjon- og medielina på Høgskulen i Volda. Han og resten av klassa har fått i oppdrag å evaluere ulike nettstader.
- Mi oppgåve var å sjå på brukarstatistikk på nettstaden www.rorg.no. Eg har mellom anna sjekka kor mange som brukar nettstaden i løpet av ein månad, kor ofte nyheitene vert oppdaterte, kor mange sider dei besøker og kor lenge dei er inne, seier Branæs.
Informasjon vart henta frå ei kommersiell side som formidla brukarstatistikk for fleire nettsider. Han fann ut at den mest populære sida er opningssida.
- Med tanke på at 64 prosent av brukarane er innom ei side og at 75 prosent ikkje blir verande meir enn ti sekund, er dette eit varsku. Her er det stor sjanse for at nettsida mistar lesarar, seier han.
Nyheiter sjeldan oppdatert
Rorg skal vere ei ressursside for nord/sør-spørsmål i Noreg. Målgruppa for nettstaden er organisasjonar tilknytte nord/sør-spørsmål, tilsette i NORAD, forskarar og journalistar.
Undersøkinga synte at nyheitene vart oppdatert berre tre gonger i løpet av 14 dagar.
- Eg trur dette kan vere ein viktig årsak til at brukarane ikkje blir lenge. Ei anna oppdaging er at dei artiklane som vert publisert inneheld alt for mange framandord. For å halde på brukarane må språket vere lett å forstå, seier Branæs.
Rorg tilbyr brukarane å få oppdaterte nyheiter direkte til eigne nettstader. Branæs meiner det er eit svært bra tilbod som mange sikkert nyttar seg av.
- Utfordringa kan vere at brukarane ikkje bryr seg med å besøke sida i det heile. Dei får det dei treng direkte til sin nettstad og er sikkert nøgde med det, seier han
- Vi har gjennomført eit reelt prosjekt som har resultert i ein fyldig rapport. Høgskulen har tatt på seg dette arbeidet for fire forskjellige nettstader. Det har vore eit lærerikt men langvarig prosjekt, avsluttar Kjetil Branæs.
Les hele dag-dag-analysen eller brukerstatistikken
|