Nynorsk for innvandrarar?

Med stønad frå Nynorsksenteret har Birgitte Fondevik Grimstad og Hilde Osdal utvikla ein nynorsk grammatikk for minoritetsspråklege. Trengst det eit slikt læremiddel – kvifor skal ein gi eit nynorsktilbod til denne gruppa? Kva utfordringar møter ein i eit slikt arbeid, og kva er det som er vanskeleg for mange minoritetsspråklege i vårt språksystem? Dette er nokre av spørsmåla som dei vil ta opp i dette foredraget.

Foredraget er i samarbeid med Eldreuniversitetet.

Tid:   Måndag 24. september kl. 13.30
Stad: Berte Kanutte-huset, store auditorium

Grammatikken ligg ute på vevsida www.nynorsksenteret.no/grammatikk/ til gratis bruk. Han høver for alle som vil lære nynorsk frå grunnen av, men vender seg særleg til ungdomar og vaksne minoritetsspråklege med ein viss skulebakgrunn frå heimlandet.