| 2007 og 2008 er det Internasjonale polaråret. Forskingsdagane har difor valt å gjere Polaråret til hovudtema i 2007. Høgskulen i Volda markerer dette med å samarbeide med Ishavsmuseet Aarvak i Brandal om eit arrangement om selfangshistoria. | ![]() |
Arnljot Løseth, som er historikar ved Høgskulen i Volda, vil halde foredrag om sunnmørsk selfangst. Han har m.a. vore medforfattar på historieverket Havfiskeflåten i Møre og Romsdal og Trøndelag, som kom ut i 2006.
Sverre Sundalsfoll vil vise film og bilete frå Vesterisen. Han er overlege ved Volda sjukehus, og i 1980 var han lege ombord på hjelpeskipet MS Harmoni i Vesterisen.
Tid: Laurdag 29. september kl. 13.00-16.00
Stad: Ishavsmuseet Aarvak, Brandal
| Kl. 13.00 |
Velkomen til Ishavsmuseet |
|
| Kl. 13.15 |
Arnljot Løseth | |
|
”Mi jord rekk frå femogfemtiande til åttiande breiddegrad,” sa Sevrin Brandal (1847-1934) – ein av pionerane i sunnmørsk selfangst – då han ein gong vart spurt om kor stor jord han hadde. Frå 1898 og fram til byrjinga av 1980-åra låg det regionale tyngdepunktet for selfangstnæringa i Noreg på Sunnmøre og i Troms. Selfangsten og fangstfolka høyrde heime i nokre få senter i desse to landsdelane, der dei var ein vesentleg del av yrkesfolket. Kvitsjøen, Vestisen, Danmarkstredet og Newfoundland var fangstfelta. Yrket var farleg. Ein fangstmann måtte rekne med å oppleve forlis, og drukning var ikkje uvanleg. I foredraget sitt vil Arnljot Løseth ta for seg ulike sider ved den sunnmørske selfangsten i polare strøk. | ||
| Kl. 14.00 | Spørsmål/pause | |
| Kl. 14.15 |
Sverre Sundalsfoll | |
| Kl. 14.45 |
Omvisning på Ishavsmuseet |
![]() |
Gratis buss frå rutebilstasjonen i Volda kl. 11.15 (først til mølla ...). |