Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Nettpraksis BA Info&Media / NETTPRAKSIS INF212 / Gruppe 2 /

Subjektivitet i dokumentarfilm

På forskingsdagane heldt Hans Martin Dypvik  onsdag føredrag med tema ”Subjektivitet i dokumentarfilm – til beste for demokratiet? Ein diskusjon med utgangspunkt i fjernsynsreportasje og dokumentar.”
Diskusjonen tok utgangspunkt i filmane ”Kampen om Mardøla”og ”Et lite stykke Norge” ,som forsamlinga fekk sjå utdrag frå. Ingen av filmane fekk sendetid i NRK fordi dei var for subjektive.

 

Dybvik er ansvarleg for utdanninga i fjernsynsreportasje og dokumentar ved Avdeling for mediefag. I innleiingsføredraget viser han til at NRK i 1968 fekk klare retningslinjer om  objektivitet. Kanalen skulle berre ta stilling til det som var nasjonens felleseige, det folk flest var einig i.

 

”Kampen om Mardøla” (1972) omhandlar det som skjedde då lokalbefolkninga ville stoppe utbygginga av Mardølavassdraget. Aksjonen var ein prototype på sivil ulydigskap som NRK dekte som ei hending. Filmen representerte noko nytt ved at det var fråvær av journalistisk objektivitet. Reportasjen syner at utbygging av vassdraget skulle gå til kraftforsyning til aliminiumsindustrien, som igjen leverte sine råvarer til våpenindustrien. Aliminiumsverka førte i sin tur til store utslepp som forureina naturen og truga helsa til folk.

 

I ”Et lite stykke Norge” (2006) set NRK-reportar Erling Borgen kritisk søkelys på kva som verkeleg skjedde i krigen mot Afghanistan. I kampen mot terror gjekk USA i oktober 2001 til angrep mot landet. Norske soldatar reiste ned for å rydde miner. I media vert mineryddinga framstilt som ein humanitær aksjon. Borgen viser i programmet at soldatane rydda miner rundt to fengsel som vart brukt for å verne seg sjølve.

NRK uttalte at programmet ikkje vart sendt fordi musikk og journalistikk var for dårleg. Filmen vart i staden sendt i  TV2, som ikkje delte NRK sitt syn.

 

Til å leie diskusjonen etterpå hadde Dybvik med seg førsteamanuensis Gunnar Strøm ved Avdeling for animasjon. Tilhøyrarane kom med synspunkt for og imot subjektivitet i dokumentarfilm. Ein tilhøyrar meinte at det er umogleg å vere nøytral og objektiv i journalistikken. Strøm var einig i det.

- Etter mitt syn er det fare for demokratiet om ikkje ein får høve til å setje søkjelys på viktige samfunnsspørsmål, seier Strøm. Han seier vidare at reportasje er journalistikk medan dokumentarfilm ikkje er det.

Dybvik er einig med Strøm og meiner at sjangerkompetansen i norske dokumentarfilmar er for dårleg.

-Det er skilnad på dokumentar og journalistikk og ulike reglar å halde seg til. Å ta belastninga med å la subjektiv informasjon kome ut i det offentlege rom er nødvendig og viktig, avsluttar Dybvik.  

 

 Publisert av Lisbeth Svendsen Søvik 27.09.06



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Informasjon og media 27.09.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning