Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Om Høgskulen / Humanistiske fag og lærarutdanning / Studietilbod / Lærarutdanningar / Overflytting/innpassing /

Retningsliner for overflytting i AU

 

 

OVERFLYTTING TIL OG FRÅ ALLMENNLÆRAR-UTDANNINGA VED HØGSKULEN I VOLDA

Retningsliner for søknad om overflytting

OVERFLYTTING TIL HVO

Søknadsfrist: 1.mars
- Fyll ut søknadsskjemaet vårt (eventuelt søknadsskjema frå annan høgskule). Lever søknaden til avdelings-administrasjonen ved din noverande høgskule innan 1.mars.
- Avdelingsadministrasjonen ved din noverande høgskule skaffar karakterutskrift og praksisdokumentasjon, og sender så søknaden til Høgskulen i Volda , med kopi til deg, og bed vanlegvis om å bli underretta om utfallet av søknaden.
- Du får svar frå HVO , med kopi til din noverande høgskule, og du må svare innan ein frist. NB! Dersom du tek imot overflyttingstilbodet: Hugs å melde frå til din noverande høgskule om det.
- Høgskulen der studenten har fullført dei 2 første studieåra skriv ut vitnemål.

OVERFLYTTING FRÅ HVO

Søknadsfrist: 1.mars
- Fyll ut søknadsskjemaet vårt (eventuelt søknadsskjema frå annan høgskule)
- Lever søknaden til avdelings-administrasjonen ved HVO innan 1.mars.
- Avdelings-administrasjonen skaffar karakterutskrift og praksisdokumentasjon, og sender så søknaden til den andre høgskulen , med kopi til deg , og bed om å bli underretta om utfallet av søknaden.
- Du får svar frå den andre høgskulen , og HVO får kopi.NB! Hugs å melde frå til HVO om du tek imot studieplass ved annan høgskule.
- Høgskulen der studenten har fullført dei 2 første studieåra skriv ut vitnemål.

OVERFLYTTING TIL 2. STUDIEÅR VED HVO:

(For overflytting til allmennlærarutdanninga sitt 2. studieår gjeld at studiemodellen studenten har følgt i 1. studieår, i hovudsak må samsvare med Høgskolen i Volda sin studiemodell.)

Høgskulen i Volda sin studiemodell for AU - obligatorisk del:

2.studieår

Matematikk 30 sp

GLSM 10 sp

Norsk 5 + 15 stp

Til saman 60 stp

1.studieår

KRL 1 20 sp

Norsk 10 sp

Pedagogikk 15 +15 stp

Til saman 60 stp

Praksismodell - HVO:

- 1. studieår: 6 veker rettleidd praksis
Haust: 1 veke observasjonspraksis og 2 veker praksis i grunnskulen.
Vår: 3 veker praksis i grunnskulen.

- 2. studieår: 8 veker rettleidd praksis
Haust: 3 veker praksis i grunnskulen.
Vår: 3 veker praksis i grunnskulen og 2 veker praksis i samband med GLSM. 

- 3. studieår: 6 veker rettleidd praksis
Haust/vår: 3 veker klasselærarpraksis der valde skulefag inngår. 3 veker organisert som prosjekt, td. skuleovertaking.

OVERFLYTTING TIL 3. STUDIEÅR VED HVO:

(For overflytting til 3. år i allmennlærarutdanninga, Høgskolen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærerutdanning.)

I 3.studieår må ein velje skulefag, dvs. fag som er skulefag i grunnskulen. Det kan vere påbygging av fag i obligatorisk del, eller nye fag med minst 30 stp omfang, og skal omfatte fagdidaktikk og til vanleg praksisopplæring.

Halvårsstudia er organiserte i grupper ut frå kva tid dei har undervisning. To studium kan takast saman etter oppsette kombinasjonsalternativ.

Oversikt over kva 30stp/60 stp - fag i du kan velje i 3.studieår ved HVO.

(Vert klart ein gong i desember/januar)

Praksis:

Overflyttingsstudentane til 3.året går til vanleg inn i den ordinære praksisordninga for 3.studieåret.(Sjå praksismodellen ovanfor).

OVERFLYTTING TIL 4. STUDIEÅR VED HVO:

(For opptak til 4. år i allmennlærerutdanningen, Høgskolen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærerutdanning.)

Faga i 4.studieåret kan vere skulerelevante studium av ulikt omfang. HVO sine tilbod er hovudsakleg av 30 stp og 60 stp omfang.

Halvårsstudia er organiserte i grupper ut frå kva tid dei har undervisning. 2 studium kan takast saman etter oppsette kombinasjonsalternativ.

Oversikt over kva 30stp/60 stp - fag i du kan velje i 4.studieår ved HVO.

(Vert klart ein gong i desember/januar)

Praksis:

Allmennlærarutdanninga ved HVO har ikkje allmennpraksis i 4.studieåret. Nokre andre høgskular har det. Studentar som kjem frå slike skular må då til vanleg ta resterande praksis saman med 3.årsstudentane ved HVO, og i hovudsak velje fag som kan kombinerast med praksis, stort sett fag som er valbare i 3.studieåret.

Studium med særskilt ordning:

Ikkje alle studium som kan inngå i 4.studieår ved HVO kan søkjast via overflytting, men må søkjast gjennom lokalt opptak, t.d. spesialpedagogikk 30 og 60 stp, IKT i læring 1- nettstudium ved Norsk Nettskole.

Studium med studieavgift:

Det er mogleg å ta nokre av studia som nettstudium, nettstøtta studium eller samlingsbaserte studium. Ein del av desse studia har studieavgift , i tillegg til vanleg semesteravgift. Dersom ein vil ta eit slikt studium i staden for eit campus-basert studium, må ein til vanleg betale studieavgifta. Opplysningar om kva studium som har studieavgift kan ein finne i studiekatalogen, i omtalen av kvart enkelt studium: http://hivolda.studiehandbok.no/ .


HVO 25.05.07
Ivar Hagen
Førstekonsulent - AHL


 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Ivar Hagen 04.10.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning