Framtida sine informasjonsforvaltarar |  - Lykke til folkens!
Skriv ut Sideoversikt |  

Nettpraksis BA Info&Media / NETTPRAKSIS INF112 / Gruppe 4 /

Blått og Flott

Førsteinntrykket då ein vitjar Ivar Aasen-tunet sine heimesider er godt. Det er ei symmetrisk side, med eit menysystem som går rundt teksta og nyhendene. Alle bilete på framsida er kvadratiske, noko som gir ein god heilskap.

Skrive av Ante Lundberg

 

Framsida til Aasen-tunet

 

Noko av det første ein legg merke til då en går inn på heimesida til Aasen-tunet er at den har behagelege fargar. Det er ingenting som skjær i augo. Det gjennomgåande temaet er blått. Står dette for det uendelege, som er ei av blåfargen sine tolkingar? Kan hende det tyder at Ivar Aasen/nynorsken er evig?


Gode detaljar

Sida kunne vore midstilt for å betre passe til høgare oppløysingar, men det er ikkje naudsynt. Webdesignaren har lagt fargar utanfor sjølve heimesida, slik at overflødig luft ikkje vert kvitt i høgare oppløysingar. Dette er ein god detalj.


Headerane på toppen av sida er fine, og viser Aasen-tunet frå sine beste vinklar, samt litt av dalen rundt. Dei fleste av dei har blå himmel eller andre blåfargar, og passar dermed inn i det øvrige designet. Dei er ikkje dominerande og går fint inn i resten av heilheita.


For ein som ikkje er spesielt vand med Internett (som også kan vere i målgruppa) kan det vere for mange element på framsida. Spesielt gjeld nok dette alle lenkjene på den høgre sida.


Fleire av valga som ligg under menylinken "Reisemålet" (sjå også analysa av brukarvenleik for meir om dette) kunne med fordel vore på framsida. Istaden har dei lenkjer til med andre eit bilete av ein middagsrett på framsida. Den kunne til eksempel bytast ut med billettprisar og opningstider.


Ryddige sider

Sidene er stort sett ryddige, med tabellar som held alt på plass. Menyane er alltid der dei skal være. Groteske fontar passar på skjerm, og det har dei brukt. Fontane er fine og rolege, spesielt dei litt større fontane i den øvste menyen. Lenkjene på framsida er raude, og lette og sjå.


Kor mange nyhende som finn stad i Aasen-tunet er eg usikker på; dei tre nyhendene som ligg der no (derav ei er ei stillingsannonse) har moglegens vore der ei stund. Kan hende det hadde passa betre med meir generell informasjon på framsida dersom nyhenderulleringa er treig.

 

Alt i alt er inntrykket av designen på www.aasentunet.no godt. Den er roleg og behageleg å sjå på, og har få forstyrrande element. Fargane og elementa går godt saman. Det meste er i tråd med kva ein bør forvente av ei seriøs nettside som skal formidle ein viktig bodskap.


Tilbake

Blått er gjennomgangstema



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Informasjon og media 21.02.2008
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning