Framtida sine informasjonsforvaltarar |  - Lykke til folkens!
Skriv ut Sideoversikt |  

Nettpraksis BA Info&Media / NETTPRAKSIS INF112 / Gruppe 4 /

Kven vil dei nå?

 

Målgruppa til Ivar Aasen-tunet sine sider er stor, med rolige fargar og utsjånad som appelerer til dei fleste. Med ressurser for alle, både lærerar, elevar og generelt intresserte i senteret og Aasen sjølv, kan dei flest få noko ut av eit besøk på nettsida.

 

Skrive av Ole Martinus Breivik

Ivar Asen-tunet passar for alle.

 

 

Med første augekast ser Ivar Aasen-tunet ut som en nettside som appelerer til dei fleste og gjer deg intressert i å lese litt til. Men med sitt nøytrale design kan man seie at målgruppa er mest vaksne mennesker, studentar og eldre elevar, ikkje ungar. Dei sistnemnde har Ivar Aasen-tunet laget nettsida om tunkatten lurivar.

 

 

Gode ressursar


 

Når man begynner å utforske sida oppdager man at Ivar Aasen-tunet har lagt ut ressursar for både elevar, lærarar og generellt intresserte. Dei har eigne seksjonar med informasjon om biblioteket og eit nettbibliotek med informasjon og sentrale tekstar om og på nynorsk, med omtaler av nynorske forfattarar. Elles har nettsida mykje informasjon om Aasen sjølv og om det nynorske skriftspråk.


 

Mannen i gata og dei på skule


 

Men Ivar Aasen-tunet si side appelerer og til mannen i gata, dette med informasjon om arrangement på Ivar Aasen-tunet og om om kafeen. Dei har og ute informasjon om ”dei nynorske festspela” , som er eit stort arrangement Ivar Aasen-tunet arrangerer kvart år som ei feiring av det nynorske skriftspråket. Dette er noko lokalbefolkninga og klasser eller skuler som eventuelt vil besøke senteret vil sette pris på.


Dei har og informasjon på engelsk og på tysk, for å appelere til turistar og tilreisande til regionen.



Ivar Aasen-tunet sjølv seier at dei satsar på å nå ut til studentar, elevar, lærarar, gjestar til arrangement som festspela og turistar som ser på Ivar Aasen-tunet som eit reisemål.


- Me ser at det er færre besøkande i helgene og i feriane, seier Informasjonsleiar Gaute Øvereng, noko som han og påpeikar tyder på at Ivar Aasen-tunet sine nettsider er brukt som ein skuleressurs. Han seier og at dei opplever at folk finn nettsida gjennom søk på søkjesider som www.google.com der dei søkjer etter informasjon om forfattarar eller tekster.


 

For å konkludere kan ein seie at målgruppa til Ivar Aasen-tunet sine nettsider er elevar, studentar, lærarar, lokalbefolkning og turistar. Dei satsar på å informere både om skriftspråket og om senteret i seg sjølv, og å trekke gjestar til senteret sine arrangement.

 

Tilbake



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Informasjon og media 21.02.2008
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning