|
Offisiell studiestart er tysdag 19. august kl. 12.00 i Berte Kanutte-huset. Då er det fadderveke, og tid for å orientere seg og bli kjent på campus. Les meir.
Velkomen som student ved Høgskulen i Volda. Som ny student lurer du nok på kva du skal gjere når du kjem hit. Tysdag 19. august kl. 12.00 er det offisiell opning av studieåret. Då vil rektor ønskje velkommen, og fadderveka startar. Det er viktig at du møter til den dagen du har fått beskjed, eller melder frå om du ikkje kan møte, slik du ikkje risikerer å miste studieplassen.
Er du usikker på når ditt studium startar? Sjå under Informasjon om ditt studium
Du kan lese meir om fadderveka på www.hivolda.no/fadder.
Semesterkvittering
Er du ny student har du fått tilsendt giro med semesteravgifta på kr. 670 i posten. For ”gamle” studentar ligg betalingsinformasjonen i Studentweb. I løpet av dei første dagane er det viktig du registrerer deg som student for å få tilgang til StudentWeb, e-post og ClassFronter (gå til Registrering)
Når du har betalt semesteravgifta, kan du hente semesterkvittering i Sørvistorget (det tek eit par dagar før betalinga er registrert i systemet). Dersom du ikkje er campusstudent kan du få kvitteringa tilsendt ved å kontakte Sørvistorget: sorvistorget@hivolda.no. Semesterkvitteringa er beviset på at du er student ved HVO, og gir deg mellom anna utbetalt studielån (du må i tillegg registrere deg i Studentweb), rett til å avlegge eksamen og studentrabattar.
Frist for registrering og betaling av semesteravgift er 1. september.
Studentkort Dei første dagane kan du få studentkort i 3. etg på BK. Du må ha med legitimasjon eller semesterkvittering, og du blir fotografert og får utdelt kortet med ein gong. Gyldig studentkort gir deg tilgang til Høgskulen sine IT-system for studentar, biblioteket og er din private nøkkel til Høgskulen. Studentar som startar seinare enn 1. september kan få laga studentkort i Sørvistorget.
|