Studietilbod - Samfunnsfag & IKT

Bachelor - Førskulelærarutdanning

Samfunnsfag - 15. stp. i dei fagleg-pedagogiske studia

Organisasjon og leiing I og II - 15 + 15 stp.
Organisasjon og leiing i barnehagen kan inngå som 30 stp. fordjuping for studentar i tredje året i førskulelærarutdanninga. Studiet er også eigna som etterutdanning/vidareutdanning for førskulelærarar som ønskjer å bli betre kvalifiserte for leiaroppgåver på oppvekstsektoren. 

Allmennlærarutdanning

Våre emne og studium kan til dømes nyttast som del av den valfrie delen i allmennlærarutdanning eller som del av bachelorgrad. Ta kontakt om du treng råd, eller har spørsmål.

Skuleretta samfunnsfag årsstudium 60 stp. (emne på minimum 15 stp)
Samfunnsfag årsstudium er bygt opp av Samfunnsfag I og Samfunnsfag II, som også kan takast kvar for seg. Arbeidet i studiet er organisert omkring arbeid med dei tre skulefaga geografi, historie og samfunnskunnskap. Fagplanen byggjer på Rammeplan for allmennlærarutdanning 2003.

IKT i læring - Årsstudium 60 stp. (emne på minimum 15 stp.).
Frå og med studieåret 2005/2006 er "IKT for lærarar" erstatta av dei nye studia "IKT i læring".
IKT får ein stadig breiare plass i samfunnet. Dette gir seg også utslag i skulen, der IKT i dag skal være ein integrert del i dei fleste fag. Fagstudia i IKT i læring vert tilbodne både som ordinære studietilbod (undervisning ved HVO) og som nettstøtta studium. Studia kan gjennomførast på fulltid eller deltid.
IKT1 er retta mot utvikling av din digitale kompetanse.
IKT2 gjer deg innsyn i læringsdesign støtta av digitale verkty.
IKT3 handlar om design av system som tek vare på både brukar og data.
 

Bachelor - Media, IKT og Design (MID)

Utdanninga er eit 3-årig studieløp med fordjuping innan media og IKT med vekt på pedagogikk og design. Studiet skal i første rekkje kvalifisere for arbeid i grunnskulen og den vidaregåande skulen, og vil, etter spesialisering og med eit års påbygging, kunne gi undervisningskompetanse. Studiet gir òg høve til spesialisering i medie- og informasjonsteknisk arbeid retta mot næringslivet, og spesialisering mot vidare studiar på masternivå.

MID, bachelorstudium,  180 stp.