Vi har følgjande drama/teater emne:
Opptak:
Til emna i Drama årsstudium vert det kravd generell studiekompetanse. Drama fordjupingsemne (tidlegare mellomfag) byggjer på fullført årsstudium eller tilsvarande.
Kort om studieprogramma:
Den skapande prosessen både i dramaarbeidet og teaterproduksjonar står sentralt i studia. Det vert fokusert på å utvikle spelkompetanse og innsikt i ulike dramatiske uttrykksformer, og å gi praktisk og teoretisk innsikt i skodespelarkunst, regi, scenografi og dramaturgi. Andre viktige emne er dramapedagogisk teori og praksis, og kunnskapar om teaterkunsten sin eigenart og historiske utvikling.
Faget er eigna både for dei som vil arbeide med drama/teater i skule, kulturskule og amatørteater, og for dei som siktar mot vidare teaterutdanning.
Undervisning/arbeidsmåtar:
Drama er eit kunstfag som baserer seg på kollektivt skapande verksemd.
Dramafagleg kompetanse kan best utviklast i samspel med andre. Arbeidet vil bli organisert i ulike grupper av varierande storleik. Det er veksling mellom spontane, intuitive og meir analytiske problemløysande arbeidsmåtar.
Undervisinga vil ha ulike former som førelesing, demonstrasjon, diskusjon, prosjektarbeid, framføring, sjølvstudium, rettleiing og praktisk undervising. Ei studiereise er lagt inn som ein obligatorisk del av årsstudiet. Det er obligatorisk oppmøte i alle emne.
Kontaktperson Sigrun.Meisingset, tlf. 7007 5334