1950. High Noon av Gunnar Staalesen er framhaldet av 1900. Morgenrød som kom i 1997. Dèn romanen kalla eg eit storverk, men same ord vil eg ikkje bruke om denne 550-siders romanen. Vi er framleis i Bergen, og følgjer familiane Moland, Helgesen og Brandt - med fleire - i gleder og sorger frå 1930 til 1962. Eg las romanen med stor interesse, men også med ein del irritasjon.
Årsaka er den same som med den fyrste romanen, nemleg at det er vanskeleg å ha oversikt over alle familiane og dei synlege og usynlege sambanda mellom dei. I 1900. Morgenrød var det vanskeleg, i denne romanen er det verre, fordi nye generasjonar kjem til, slektene forgreinar seg, og nye aktørar dukkar opp. Sia forfattaren har skrivi eit tidsbilde som ein slektsroman, burde han anten ha skore ned på talet aktørar, eller ha utstyrt romanen med eitt eller fleire oversyn over aktørar. Det har han ikkje gjort, og det gjer at eg som lesar meir registrerer det som skjer enn plasserer det. Menneska i romanen blir redusert frå å vera sjølvstendige romanindivid til å vera brikker i det enorme - og imponerande - puslespelet til Staalesen. Dei blir for ofte berarar av eigenskapar, offer for tidsriktige hendingar, snarare enn å vera menneske som eg greier å følgje utviklinga til.
Nå er ikkje dette heilt rettferdig. Eg får med meg dei politiske spenningane på 30-talet, striden i kommunistrørsla, motiva for å gå inn i NS og strevet under andre verdskrig. Nå forstår eg for fyrste gong kva som låg bak kampen mellom dei ulike fraksjonane i Norges Kommunistiske Parti, iallfall om eg skal tru forfattaren - og det gjer eg. Staalesen forklarar også truverdig korleis folk reagerte etter krigen, somme med kamplyst, andre med lengt etter eit anna liv, anten det nå vart stetta utalands eller med rus. Sjølv om eg ikkje var fødd i den perioden Staalesen skriv om, føler eg at han skriv meir truverdig om han enn i den fyrste boka i den planlagde trilogien. Kanskje følte han at han hadde større kunstnarisk friheit i den fyrste, og at det styrka formidlarevna? Iallfall føler eg at eg les om interessante saker, får med meg episode etter episode, frå det politiske Bergen, frå Bergen under krigen, frå oppbyggingstida i 50-åra, utan at det er sjølve handlinga i romanen som dreg meg vidare i lesinga. Eg kunne godt ha lagt frå meg boka nær sagt kor som helst, og les ikkje vidare fordi eg er nyfiken på lagnadene, men fordi eg vil ha med meg brokkar av nyare norsk historie, slik ho er fortald av Gunnar Staalesen. Forfattaren har rett og slett rota det litt til for både seg sjølv og lesarane; han ønskjer både å vera forfattar og historikar. Slik sett lykkest han best for meg som mentalitetsformidlar enn som litterær forfattar som har enkeltlagnader å leggje fram.
Eg la ikkje frå meg boka, eg vart verande med fram til siste side, og eg vil også rå andre til å gjera det same. Dette er inga kjedeleg bok, men ho er episodisk og med ein litt for usynleg raud tråd - til tider. Enkelte trådar blir nysta opp i boka, både av dei som blir lagt ut i 1900. Morgenrød, og av nye. Og nye trådar blir også lagt ut, og eg kjem garantert til å lesa neste bok med stor interesse, men truleg med lågare forventningsnivå.
Gunnar Staalesen ønskjer nok å gje bilde av eit tverrsnitt av folket i tida 1930 til 1962 i denne boka. Det undrar meg at han på 1940-talet knyter ein valdtekt til det at ei ung bergenskvinne seianre lever ut ei lesbisk legning - det er neppe tidstypisk eller psykologisk forsvarleg - og at han i ei tilsynelatande realistisk skildring av så mange menneske overser at ein del blir fødde handikappa. Til sist vil eg au nemne at Staalesen nok kunne ha fått med seg meir av det som skjedde i det kristen-Noreg. Boka har rett og slett ikkje særleg rom for det vanlege kristen-Noreg, og inneheld meir frå jazz-miljøet… Likevel, les gjerne boka, men gjer det utan dei aller største forventningane - og lær nær, norsk historie av henne.
Gunnar Staalesen:
1950. High Noon
Gyldendal 1998
552 sider
Av Jon Peder Vestad. Lagt ut 2.1. 1999.