Det er nokre år sia Anna Elisabeth Westerlund fortalde oss kordan det nye året skulle bli. Nå er det fritt fram for andre å vera framsynte, og eg trur at Bondevik-regjeringa går av, men at KrF likevel gjer det brukbart ved kommunevalet. Dollaren blir svekt, pundet greier seg godt, og også Erik Fosnes Hansen får ein fin pris.
For moro har eg sete og tenkt på kva 1999 kan komma til å by på. Det viste seg at det ikkje var lysteleg lesning, men tvertimot temmeleg nedslåande. Eg har berre tenkt over kva eg meiner sannsynlegvis kjem til å skje, og mye av dette er like lett eller vanskeleg å seia som at Volda kjem til å oppleva fleire harde stormar i 1999, eller at det kjem til å gå ras i Jotunheimen... Ikkje alt er like forutsigbart, og ønsketenkjing er det ikkje tale om i det heile her. Om eit år veit vi kva som verkeleg har skjedd.
Politikk
Lars Sponheim trekkjer seg som Venstre-leiar, og Terje Johansen er
ønskt som ny leiar.
Valgerd Svarstad Haugland går av som KrF-leiar, Dagfinn Høybråten
tek over.
Bondevik-regjeringa må gje seg i perioden mellom april og juni.
Arbeidarpartiet tek over, med støtte frå Høgre og KrF
- og SV, som ikkje tør anna.
Kommunevalet gjev gode resultat for Arbeidarpartiet, Høgre,
Framstegspartiet og - overraskande for somme - Kristeleg Folkeparti. Senterpartiet
går kraftig attende, og greier ikkje dra nytte av at partiet har
ordføraren i mange kommunar. Venstre får eit resultat godt
under sperregrensa på fire prosent, og SV får eit resultat
ikkje langt unna. Raud Valallianse opplever ein liten, men viktig vekst.
Politiske protestlister av typen Kystpartiet får til dels god representasjon
i ein del kommunar frå Vestlandet og nordover, ikkje minst i dei
tre nordlegaste fylka.
Medlemskap i EU eller ikkje blir diskutert heile året. Eit fleirtal
av folket ønskjer EU-medlemskap.
Økonomi og samfunnsliv
Utlånsrenta går ned.
Studielånsrenta går ned, etter fyrst å ha gått
opp.
Kronekursen kjem til å vera overraskande stabil.
Det blir fleire arbeidslause i Noreg, og det er særleg i oljeindustrien,
den maritime industrien og møbelindustrien dei oppsagde kjem frå.
Fiskeriindustrien greier seg ganske godt.
Fleire enn før skil seg.
Kultur og media
Erik Fosnes Hansen får ein viktig litteraturpris.
Ein betydeleg, kvinneleg norsk forfattar døyr.
Eit større kulturminne brenn ned.
Kopinor, TONO, BONO og liknande rettigheitsorganisasjonar opplever
motgang.
Lyttartala til P4 går ned.
Sjåartala til TVNorge går tydeleg opp, og tala til NRK
går noko ned.
Vi får ingen ny, norskspråkleg satellittkanal på
fjernsyn.
Det blir bestemt at Operaen skal leggjast til Vestbanen i Oslo.
Oppslutninga om Den norske kyrkja blir lågare, syner tal på
kyrkjebesøk, konfirmantar, dåpsbarn osv.
Ymse
Media legg ikkje skjul på at eit offentleg kjent menneske døyr
pga sjølvmord.
Eit velkjent menneske med bakgrunn i arbeidarrørsla står
fram som narkobrukar. Det same gjer ein anerkjend popartist.
Det blir allment kjent at ein norsk rikspolitikar er homofil.
Noreg opplever eit mord med rasisitiske motiv.
Kriminaliteten held fram med å gå ned i Oslo, men aukar
i dei andre store og større byane.
Fotballandslaget for menn tapar fleire kampar enn det vinn.
Utalands:
Boris Jeltsin går av. EU- og Nato-landa liker ikkje etterfølgjaren
hans.
Ein del av Russland vil forsøkje å frigjera seg.
Det blir fredelegare i Sudan.
Forfølginga av kristne i India blir hardare og begynner å
få internasjonal oppmerksamheit.
Det blir fleire trefningar mellom India og Pakistan, og FN prøver
mekle.
Fatwaen (dødsdommen) over Salman Rushdie blir ikkje oppheva.
Det blir borgarkrig i eitt av landa i Kaukasus.
Bill Clinton går ikkje av.
Nokon prøver å myrde Clinton-etterforskaren Kenneth Starr.
Dollarkursen blir svekt.
Pundet går opp.
Yenen blir svekt.
Euroen veks seg sterkare.
Island søkjer EU-medlemskap.
Ei ny, større korrupsjonssak blir kjend i EU.
Euroen blir alt i alt vurdert som ein suksess.
Moderne indisk pop/filmmusikk får fotfeste i den vestlege kultursfæra.
Det blir store jordskjelv på Filippinane, i Indonesia, i Japan
og i Kalifornia.
Skogbrannar kjem til å herje i Kina, Burma og India.
Det blir store flaumar i Bangladesh, India, Brasil, Colombia, Venezuela
og USA.
Det blir ikkje fred i Midt-Austen.
Etterord
Mye av det som har ulma og halta i 1998 kjem til å skapa større
vanskar i 1999. Eg tenkjer på nedgangen i asiatisk økonomi,
den svekte presidentmakta i USA, det skjøre styret til Boris Jeltsin
i Russland, dei store naturkatastrofane verda over, den spende situasjonen
mellom India og Pakistan, spenninga mellom kristne og muslimar og mellom
fundamentalistiske islamistar og ikkje-fundamentalistiske muslimar mange
stader i verda.1999 kjem til å bli eit heilt forferdeleg år
for internasjonal politikk og økonomi. Ved inngangen til år
2000 vil fleire enn før lengte attende til ei tid da kapitalismen
var snillare og nesten berre dei mørkeblå trudde på
marknadsliberalismen, og lengtane deira kjem etter kvart til å føre
dei på ulike politiske og religiøse vegar. Vi får håpe
det beste for 1999 og inngangen til det neste tusenåret.
Uttenkt av Jon Peder Vestad på ein time (cirka) 31.12. 1998, og
lagt ut same dag.