Medieutdanninga i Volda skulle ikkje ha fylt 25 år i 1996, men 24. Altfor knapp tid til planlegging gjorde dei fyrste studentane for mye til prøvekaninar, meiner Gudmund Gjelsten. Han var med på å starte medieutdanninga i Volda.
Gudmund Gjelsten har delt livet sitt mellom journalistikken og teologien. Dei siste åra har han vore sokneprest i Volsdalen i Ålesund, og nå bur han i Barstadvika i Ørsta. Medieerfaringa si har Gjelsten mellom anna frå Radio Voice of the Gospel i Etiopia, som sende forkynnings- og undervisningsprogram til land i Afrika, Midtausten og Asia.
Romsleg økonomi
Gjelsten vende attende til kyrkjeleg arbeid i 1976 etter å ha
hatt media og Volda som tilhaldsstad frå hausten 1971. Her var han
undervisningsleiar ved medieutdanninga.
- Det var både utilfredsstillande og utfordrande å komma
til eit studium som berre hadde eit framlegg til undervisningsplan, og
studentane var alt på plass og i gang da eg kom. Desse studentane
kom sjølvsagt til studiet med store forventningar, og eg meinte
da som no at studiet kom i gang eitt år for tidleg. Det var ikkje
til å unngå at dei fyrste studentane vart for mykje "prøvekaninar",
og eg synest synd både i dei og i oss lærarar. Båe partar
ville hatt nytte av at vi hadde fått eitt år til å planleggje
studiet i detalj.
Da Gjelsten kom til medieutdanninga i Volda, var det frå Stavanger
og stilling som redaktør og informasjonsleiar i Det Norske Misjonsselskap.
Han meiner at den komiteinnstillinga som låg føre da han tok
til som undervisningsleiar, la eit godt grunnlag for undervisningsopplegget.
Likevel:
- Det er ein lang veg frå ei innstilling til konkrete undervisningsplanar...
Undervisningsskissene dei drøfta vi med norske og utanlandske fagfolk,
ikkje minst med tanke på balansen mellom teori og praksis i studiet.
Mediepionerane i Volda drog også nytte av ein romsleg økonomi,
slik at dei fyrste studentane mellom anna vart undervist av velkvalifiserte
gjesteførelesarar.
- Det er viktig å nemne at vi ofte møtte tydeleg uttalt
misunning og nedlatande haldningar utanfrå, ikkje minst frå
universitetsmiljøa. Der syntest ein god del at det vart gjort for
mye stas på distriktshøgskulane, og dei var skeptiske til
oss. Bildet var likevel ikkje eintydig, for vi møtte også
mye velvilje i dei same miljøa. Her i Volda var vi så heldige
at vi hadde gode kontaktar utanlands, og også det fekk vi kritikk
for, fortel han halvtørt.
- Korleis synest du kontakten med mediebransjen var?
- Den vanlege mistilliten som journalistar har hatt til medieteoretikarar
møtte vi i full breidd, men mange var greie å ha med å
gjera. Særleg NRK hadde vi eit ålreit samarbeid med.
Motstand mot akademisk refleksjon
Medielærarane i Volda henta inspirasjon frå USA, England,
Nederland og dei nordiske landa. I utmeislinga av undervisningstilbodet
i Volda kom Gjelsten og kollegaene hans fram til ein mellomting mellom
den amerikanske akademiske tilnærminga til journalistikken, og den
engelske "learn as you do it"-tradisjonen. Dette var eit heldig val, meiner
Gjelsten.
- For meg var det viktig at også humaniora skulle inn på
timeplanen, til dømes kommunikasjonsfilosofi. Eg har absolutt respekt
for den marxistiske makt-avmakt-tankegangen, men på denne tida med
skarpe frontar var det ikkje lett å vinne gehør for undervisning
som følgde tradisjonen med sakleg, akademisk refleksjon.
- Distriktshøgskulane skulle som namnet fortel ha ein distriktsprofil,
og for mange av eldsjelene bak skuleslaget var det også viktig at
motkulturane i samfunnet fekk ein plass i den høgare utdanninga.
Vart det slik i praksis?
- Vi kjende nok trykket frå sentra, men på tvers av linjene
ved dh gjekk det ei motkulturell bølgje. Som oppfølging til
nærradiosendingane våre forska vi ved medielinja på korleis
nærradioen verka i lokalsamfunnet når referansane var lokale.
Public service-kringkasting står i fare for etter kvart å bli
sentraldirigert og autoritær når ho er laga for eit publikum
på fleire millionar. Vi prøvde å få til ein dialog
med lyttarane våre, vera nær, slik at folk følte seg
på bølgjelengd med oss.
Volda-versjonen av studentopprøret
Viss ein ikkje set seg inn i kva rolle media har i samfunnet, kuttar
ein ut noko viktig, meiner Gjelsten, og viser til noko han ser som ein
mangel ved den kjende behovspyramiden til Maslow:
- Det forundrar meg at sjølvaste Maslow ser ut til å oversjå
den rolla kommunikasjonen har i den menneskelege eksistensen. Utan kommunikasjon
er pyramiden hans som ein kropp utan skjelett og nervebaner!
Med seg frå USA hadde Gjelsten eitt års studium ved Yale
University. Kommunikasjon, særleg interkulturell kommunikasjon, sosiologi,
medieforsking og medieproduksjon var fagfelt han studerte. Dette hadde
han god nytte av i arbeidet sitt dei åra han var i Volda. Den pensjonerte
presten var da som nå oppteken av at journalistar attåt ei
skikkeleg innføring i både psykologi og sosiologi, treng ei
meir filosofisk vurdering av den plassen kommunikasjon har i samfunnet.
- Noko som gjorde starten vår vanskelegare, var etterdønningar
av det radikale studentopprøret. Eg hadde opp til tre ulike marxistiske
retningar i same klasse... Det var ein uendeleg serie med diskusjonsmøte
- det må berre opplevast! Sanneleg fekk vi lærarar hengje i,
seier Gjelsten, og gjer det klart at lærarane fekk gjennomgå
i nærgåande kritikk, både munnleg og på store gråpapirplakatar.
Elitetenking hos studentane
I tråd med distriktsprofilen til medielinja, nemner Gjelsten
at medielinja i hans tid gav eit visst tilbod til utdanningshungrige journalistar
frå distrikta.
- Vi var opptekne av at kvardagsslitarane ute i distrikta skulle få
hospitere ved linja. Det var nokon som gjorde det, men dei vart møtte
med skepsis av studentar som hadde komme inn "på vanleg måte".
Alt den tida var det jo vanskeleg å få studieplass her. Eg
vil seia at mange av dei radikale studentane våre var ganske elitetenkjande,
og såg på hospitantane som nokon som kom inn ein sideveg. Men
vår haldning var at sia dette var ein distriktshøgskule, måtte
også folk frå distrikta sleppe til.
Mediemennesket har heile tida fått plass i Gudmund Gjelsten.
Attåt prestegjerninga fekk han i 1988 tid til å gje ut boka
Møte eller manipulasjon?Om etikk i massemedia. Etter at han gjekk
av som sokneprest i 1996, har han kunna eigne seg meir åt media att.
No har han skrive ei ny bok, denne gongen om media og pedagogikk, med høgskulelektor
Asbjørn Simonnes ved HVO som medforfattar.
- Korleis utvikla studiet seg i Volda-perioden din?
- Eg følte at vi hadde funne ein riktig balanse mellom teori
og praksis, men akkurat som studentane syntest eg at vi måtte få
til eit betre praksistilbod. Det sa seg sjølv at så få
tilsette vi var, kunne vi ikkje representere heile breidda i media. Vi
gjorde det vi kunne for å få praktikarar på plass, seier
Gjelsten, og peiker dermed på eit emne som også studentar i
jubileumsåret er opptekne av.
Praksisen viktig, teorien viktigast
Han understrekar at medieundervisning langt unna storbyane våre
krev at studentane får praktikarar på plass som lærarar
og gjesteførelesarar, og at dei får tilbod om ei god utplasseringsordning.
Gjelsten nemner nøkternt at studentane nok ikkje følte at
lærarkollegiet var på deira side i arbeidet med å få
til ein skikkeleg praksis i utdanninga.
- Vi prøvde å gjere vårt beste, og studentane ønskte
vi gjorde meir på dette punktet. Sjølv ser eg det slik at
teorien lyt få mest plass i eit toårsstudium, og at dei praktiske
grunngrepa blir drilla inn så langt det går. I ein travel mediekvardag
blir det lita tid til teoretisk refleksjon, og derfor må teorien
stå så sentralt i grunnutdanninga for dei som skal bli profesjonelle
mediearbeidarar, seier Gjelsten, og pirkar borti eit anna aktuelt emne:
Kva får ein tid til på to år?
Attende får han spørsmål om det er noko spesielt
han ville ha gjort annleis dersom han skulle ha vore med på å
starte medielinja ein gong til.
- Nei, i store trekk ville eg ha gjort det same som for 25 år
sidan, seier "Volda-pioneren" Gjelsten, og sender gratulasjon til eit utdanningstilbod
han vel skulle ha ønskt fylte 24 år.
Av Jon Peder Vestad
Artkkelen er trykt i jubileumsboka Mot alle vindar. Mediefag i Volda 1971-96 av Bjarte Alme, Øystein Sande, Jon Peder Vestad (red.). Boka kan du tingje hos Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda, 6101 Volda.