Per Hjelle 1940 - 1998
17. januar 1998 døydde Per Hjelle etter ei tids sjukdom. Det var eigentleg jurist Per hadde tenkt å utdanne seg til, men i staden vart han innehavar av Narvesen-kiosken i Volda. Der arbeidde han seint og tidleg, men interessa for sport og media var såpass stor at han i fleire år var sportsmeldar for Sunnmørsposten - med signaturen Pele. Per var lett å prate med, og han følgde ivrig med i det mediestudentane dreiv med i bygda. Stakk ein innom for å få seg ei avis, gav han gjerne stofftips og synspunkt som kom til nytte for oss utanbygdsfrå. Etter at vi hadde flytta frå bygda, følgde han også med kor det vart av oss. Mange er dei som etter endt utdanning har teke seg ein tur innom Narvesen for å helse på i forbifarten, og fått ein liten hyggjeprat med Per. Han hadde eit uvanleg godt minne, og hugsa ofte ikkje berre namn og ansikt på oss, men også saker vi hadde arbeidd med og kor vi var no. I fjor vår fekk Per kreft. Lenge såg det ut til at han skulle klare seg, men til slutt laut han gje tapt, 57 år gammal. Fred vere med minnet.
Jon Peder Vestad
Høgskulen i Volda - på vegner av tidlegare Volda-studentar
(trykt i Journalisten)