Korleis tenkje kreativt under press?
Dette er eit bevisst forsøk på å gjera noko umuleg: å systematisere fantasi og kreativitet. Men - eg gjer det lell og har merka at det kan hjelpe. Derfor trur eg at denne artikkelen kan vera nyttig når ein må vera kreativ... Målgruppa er journalistar og informasjonsarbeidarar.
Når ein er nøydd til å produsere noko, men synest at det er fælande vanskeleg, er det ein skal hugse at vi menneske kan vera nysgjerrige og fantasifulle. Desse to eigenskapane kan gjera oss skapande. Og dette er ikkje noko nytt, akkurat som det meste eg fortel dykk nå, er slikt som de vil vera i stand til å finne ut sjølv - og de har sikkert hørt mye av det.
Eg har ei liste over måter de kan få idear på, men
før eg går gjennom den, vil eg minne om at i alt redaksjonsarbeid
er det nokre argument de må unngå. Det er
a) Dette er gjort før
b) Dette er umuleg å få til
c) Dette er altfor strevsamt
c) Dette er for dumt/kjedeleg/vanleg
I fyrste del av idearbeidet er det forbod mot å seia slike ting, og når ein har begynt å arbeide med ideane, må ein prøve å sile saker utan at det verkar negativt. Idedreping øydelegg lett arbeidsgleda, og det kan verke uheldig på arbeidsmiljøet. I tillegg risikerer ein å miste saker viss ein drep ein "ordinær ide" som kunne føre fram til ei original sak.
Kva som er ei sak eller ikkje, varierer med medieorgan, stoffprofil, stoffomfang, målgruppe, tid og ressursar. Denne lista tek ikkje omsyn til dette. Eg går heller ikkje inn på postlister og arkiv som mulege stoffkjelder. Idear til saker kan de mellom anna finne her:
1) Dykk sjølve. Kva lurer de på? Kva er det de ønskjer å veta meir om? Er det noko de har gått gjennom lengre tid og lurt på - "hvorfor må det være sånn"? Det kan godt hende at andre undrar seg over det same, og her kan de både få stilt nysgjerrigheita og få gjort eit vettugt journalistisk arbeid.
2) Kjenningar. Snakk med folk de kjenner, hør kva dei er opptekne av, spør dei om det er noko dei lurer på - eller som de meiner at de som journalistar bør ta opp. Dei de pratar med kan vera folk de kjenner i organisasjonar og etatar, eller det kan vera familie og venner.
3) Drodlemøte. De kan vera ei lita gruppe (2-3) som drodlar vilt, og skriv ned alle innfall/idear de kjem på - innafor eitt saksområde, eller ein sjanger (nyheit, aktualitet, kuriosa, pregstoff).
4) Blikket. Når ein fartar ute, kan ein oppdaga mulege saker: nye byggeprosjekt, noko som ser heilt forferdeleg ut, lokale som blir pussa opp, lukt frå kloakkutslepp, merkelege påbygg... Kva skjer? Korfor?
5) Ringerundar. Ein kan ringe til folk innafor ulike sektorar og fortelja at ein er på leiting etter stoff, - har dei noko hyggjeleg eller interessant å berette? Aktuelle ringestader er foreiningar/interesseorganisasjonar, diverse offentlege organ, bedrifter o l.
6) Tidsskrift. Dei fleste tidsskrifta blir lesne av få, og her finn ein lett stoff som ikkje "alle" har brukt før. Når eg ser eit tidsskrift eg ikkje har bladd i før, ser eg alltid gjennom det. Kanskje finst det interessante fakta, aktuelle undersøkingar, riks-prega stoff som kan få ein lokal vri, osv. Svært nyttig!!
7) Flygeblad/oppslag. Det kan fortelja om nye initiativ, om organisasjonar eller aktivitetar ein ikkje har hørt om før, interessante føredrag eller tilstelningar - ofte arrangert av grupper som ikkje har råd til annonser.
8) Bibliotekbesøk. På bibliotek finn ein aviser og tidsskrift ein sjeldan råkar borti til dagleg, ein kan kikke i bøker, slå opp i leksikon, leggje merke til oppslag, offentleg informasjon som er lagd ut. Hugs at biblioteka ofte har arkiv, slik at ein kan finne eldre stoff.
9) Internett. På internettet kan ein lesa aviser frå godt over halve verda, og lokalvri-grepet er sjølvsagt muleg her. På somme basar finn ein pressemeldingar lagt ut, men ver obs på at det kan vera forkledd reklame. Særleg for mellomstikk til radio og notis-stoff i trykte medium kan internettet vera ei fyldig kjelde - så lenge ein har tid til å klikke seg rundt.
10) Annonser og reklame. Her kan vi oppdaga nye produkt, oppdaga spesielle tilbod, nye forretningar, meldingar om konkursar og konkurssal, - og ein kan lesa seg til nye trendar. Så gjeld det å kople oppdagingane med den journalistiske teften - kva inneheld produktet, når var det det sist var konkurs i dette lokalet, vil folk her kjøpe dette....
11) Pressemeldingar. Dei som sender ut pressemeldingar, vil ha omtale - og her er det sjeldan ein får tak i originalt stoff. Men - viss ein arkiverer pressemeldingane, kan ein sjekke etter ein månad, tre månader, eit halvt år osv korleis det har gått. Pressemeldingar kan au brukast på ein annan måte: kven får dette noko å seia for?, kva seier konkurrentar, oppsitjarar, organisasjonar som har med same saksområde å gjera?
12) Regionale/overregionale organ. Slike kontor som næringsmiddeltilsynet, forbrukarkontoret, bispedømmerådet, fylkeskultur-nemnda, osv kan ha arkivført saker de vil ha nytte av. Det kan au hende dei arbeider med noko som burde ha vore kjent lokalt, og ofte vil dei meir enn gjerne ut med det. Godt stoff kan det vera - likevel.
13) Aviser. Viss de tek dykk tid til å kikke i aviser frå andre stader i landet, kan det hende dei tek opp saker som au kan vera aktuelle andre stader: Skjer dette her? Lokale vriar på rikssaker er eit velkjent grep, og korfor ikkje? Det kan hende at gode poeng er gjømt bort, at de finn namn med lokal tilknyting o l. Saker som ikkje er aktuelle akkurat nå - men likevel spennande - kan de la vente ei stund.
14) NRK, TV2, TvNorge, P4 osv. Nyheitssendingane her kan gje tips, men au andre innslag. I NRK radio vil eg minne om program som Økonominytt (P2), Kulturnytt (P2), Herfra til halv ti - kulturbeitet (P2), Sånn er livet (P2), Norgesglasset(P1), Her og nå (P1), Opptur (P3). Både NRK tv og TV2 har forbrukarprogram med aktuelle saker, og i pludreprogramma til alle kanalane kan det vera gode idear å finne. Ikkje gløm distriktssendingane heller.
15) Nærradio og lokal-tv. Finst det innslag her vi kan byggje vidare på, og gjera betre? Dei kan ha oversett gode poeng. Innringingsprogram i nærradiostasjonar kan gje eit godt innblikk i kva som engasjerer folk. Kanskje kan ein au få øyre og auge på trendstoff, kuriosa osv.
16) Kalenderen. Når er det minnedagar for kjende personar og hendingar? Her kan det vera noko ein kan hente fram att til forskjellig slags bruk, alt frå aktualitetsstoff til mellomstikk. Mange aviser har "dagen i dag"-stoff, og det same finst i bokform. Og årstidene er i seg sjølv kjelde til stoff - vårmotar, feriemål, bærhausten, vinterføret...
17) Ver og føre. Veret kan ha følgjer for landbruket, byggjeverksemd, aktivitetsdagar på skulane, forsikringsselskapa osv osv. Og føret kan gje bilverkstadene og sjukehusa meir å gjera. Ver obs!
18) Misnøye. Viss det går ut frå det allmenne nyheitsbildet, vil det gjerne vera muleg å skilje ut kven det er som er misfornøgde. Kven er det som er misfornøgd? Kven har noko å klaga på? - Slike folk er ofte viljuge til å uttala seg - tydeleg og sterkt. Men - misnøye-journalistikken skal brukast varsamt.
19) Eigne emne. Det går an for ein redaksjon å skapa sine eigne hendingar. Eksempel er ope hus der folk får prøve seg som journalistar sjølve - eller kan komma med ønske, ein kan stelle til folkemøte/høringar, konsertar, ha innringingsprogram, telefonpanel med publikumssørvis, osv osv.
20) "Evige" emne. Særleg når det går trått,
er det godt å veta at vi har ein del "evige emne" der det støtt
er nokon som meiner noko veldig. Stikkord er
abort, alkohol/narkotika, andre verdskrig, arbeidsløyse,
arkitektur, avgifter, byggesaker, byråkrati, EU, eldreomsorg, forsvarspolitikk,
helsestell, homofili, innvandring, kristendom, likestilling/kjønnsroller,
lønnsnivå, media, miljøvern, mobbing, norsk veremåte,
næringsutvikling, prisnivå, rasisme, rovdyrvern, sentralisering,
sex, språkspørsmål, subsidiering, u-hjelp, ungdoms-"problem",
vald.
Mot slutten vil eg lansere omgrepet "sosetid". Ein tur i kantina, på kafe, ein spasertur - dette kan klarne hjerna og samstundes gje ny kunnskap om ting ein legg merke til eller hører. Ute kan det vera smart å gå vegar ein ikkje vankar på til dagleg, og da bør ein ha auge og øyre opne.
Det er støtt smart å ha penn og papir på seg, slik
at idear/tips/sjekkesaker ikkje berre bles vekk. I inspirerte stunder er
det lurt å skrive ned idelister, og alle bør ha som mål
å stille med ein ide til kvart idemyldrings- eller redaksjonsmøte.
Det er sjølvsagt lov å låne idear, men å stela
saker er fyfy!
Jon Peder Vestad (c)