Det høyrest enkelt og kjedeleg, men er nødvendig og lønsamt. Den største fordelen ved å bruke ordbok er innlysande - du får eit meir feilfritt språk. Det er klart at journalistar, som storprodusentar av tekstar, knapt kan rekne med å skrive utan feil. Derfor er det om å gjere å bli kvitt språklege tabbar, feil som kan fortelje ein lesar at journalisten ikkje har arbeidd godt nok med saka. Eit meir feilfritt språk fjernar kanalstøy og aukar truverdigheita di som journalist.
Bruk av ordbok er åleine ikkje nok til å gje deg eit godt språk, men det blir iallfall betre. Du kan til dømes få eit rikare ordforråd. Dersom du for ørtande gong slår opp potensial (med eller utan e til slutt?), ser du at ordet er forklart med «mogleg yteevne, potensiell kraft». Kanskje dette er uttrykk som dekkjer betre det du treng omgrepet til?
Mange skriv feil fordi dei trur dei skriv rett! Eit tilleggsråd er derfor at du må bli mye meir mistenksam når du skriv. Heiter det sakresti eller sakristi? Og i staden for å vente til «etterpå» med å sjekke orda du er usikker på, så gjer du det med ein gong. Etterpå blir ofte til aldri....
Somme meiner at det tek like lang tid å skrive feil som å skrive rett. Eg er ueinig. Det tek litt lengre tid å sjekke skrivemåtar, men du tener på det. Etter kvart (i to ord, ja) er det ein del ord som du slepp både å slå opp og å skrive feil.
Dersom alle no bruker ordbøker dobbelt så ofte som før, vil feila bli berre halvparten så mange, og kanskje klagene på journalistspråket færre. Da står berre tastefeila att, og dei tek vi i korrekturen. Avtale?
Jon Peder Vestad, lektor i mediespråk, Høgskulen i Volda
Trykt i spalta "Min kjepphest" i Språkkureren
3/97.