Ein avisartikkel kan du lese om att så mange gonger du vil, du kan stoppe undervegs for å slå opp ord du ikkje forstår, og du kan la avisa kvile i fanget medan du tenkjer over innhaldet. Ser du på fjernsynsnyheiter, vil bilde og ord utfylle eller overlappe kvarandre. Radioen er ikkje skild frå tida slik som avismediet, og "radio har dei beste bilda" er ikkje nokon leietråd for utforminga av dei fleste nyheitsinnslaga. Radionyheitene er heilt avhengige av det lyden kan formidle.
Tale - skrift - tale
Radiomediet har vorte meir og meir munnleg ettersom tida har gått.
For ikkje så mange år sia var det meste som vart sagt på
radio, også skrive på papir. No kan ei knapp køyreplan
eller stikkord vera nok til å halde skravla i gang på somme
radiofolk. Men i nyheitene er det ikkje slik, med kvart eit ord utskrive
i manus. Og sjølv om radioen i utgangspunktet er det mest munnlege
mediet vi kjenner til, vil avhengigheita til skrift støtt vera der
- utan at framføringsmåten av den grunn skal vera skriftprega.
Bruken endrar seg
Før vi går vidare, må vi ha klart at oppfatninga
av kva som er godt eller riktig språk er ulik frå menneske
til menneske. Det finst ei forventning om korleis nyheiter skal høyrast
ut både hos journalistar og lyttarar, og avvik frå forventninga
kan ofte bli rekna som døme på "dårleg" språk
eller framføring. Vi må au hugse at smak og behag skiftar
med tida. Frå NRK-arkiva kan vi hente eksempel på ein nyheitstone
som verkar meir høgtideleg, kanskje pompøs, samanlikna med
den vi har i dag. Frå amerikanske fjernsynsstasjonar kjenner vi til
"vittige" replikkskifte mellom til dømes ankermann og verdame som
ein del av oss synest er klissete eller tilgjort. Om nokre år kan
det hende vi meiner det er slik det skal vera.
I skildringa av nyheitsspråket
i radio tek vi utgangspunkt i sjangerkonvensjonen som gjeld dette området
i norsk kringkasting i vår samtid.
To førebilde
Sia radiomediet er eit lydmedium, er det naturleg at radiospråket
hentar førebildet sitt for framføring i fri, munnleg tale.
Førebildet for den språklege utforminga, finn vi i den skriftspråklege
tradisjonen, i det vi noko romsleg kan kalle sakprosa. For å seia
det på ein annan måte: nyheitsspråket i radio tek med
seg det beste frå tale og det beste frå skrift, og skal ha
god flyt, tydeleg uttale, riktig pausering, nøyaktig og sakleg ordval
og korrekt setningsoppbygging.
Eit godt nyheitsspråk
i radio er prega av talespråket - av munnlege formuleringsmåtar
- når stoffet blir skrive ned, det blir lese av auga og framført
som tale. Nyheitsspråket i radio går frå tale til skrift
til tale. I gjennomgangen av språket i radionyheitene, lyt vi skilja
mellom nedskrivinga og framføringa.
Språkleg utforming
I utforminga av radionyheitene gjeld dei språklege retningslinjene
som vi kjenner frå andre delar av journalistikken. I Journalistspråket
skriv Thore Roksvold at journalistspråket skal vera enkelt, presist,
korrekt, nyskapande, minst muleg manipulerande og at det skal vera engasjerande.
Vi skal bruke litt plass på desse punkta.
Enkelt
Nyheitsspråket skal vera såpass enkelt at lyttarane skjønner
kva det er tale om. Nå er ikkje alle nyheiter like enkle, og di oppgåve
som journalist er å gjera det vanskelege tilgjengegleg. Med vilje
skriv eg ikkje lett, for somme saker er så innfløkte at for
mye forenkling kan føre til at viktige poeng forsvinn, at faktum
blir tilslørt eller at saka blir for upresis. Når du skal
gjera saka tilgjengeleg, vil det seia at ein vanleg orientert lyttar skal
kunna både oppfatte og forstå det som blir fortalt.
Eit problem her er at kjeldene
bruker ord som slett ikkje er allemannseige eller forståelege utan
vidare, samstundes som intervjuobjekt eller saka i seg sjølv gjer
at desse omgrepa må nemnast. Dersom slike spesielle uttrykk ikkje
er til å unngå, lyt du sørgje for at orda blir forklart
eller at tydinga kjem fram av samanhengen. Har eit intervjuobjekt snakka
om "implementering", lyt du i neste blokk referere til denne implementeringa,
og gje lyttarane tydinga ved eit innskott, gjerne med eit altså.
Det finst fleire undersøkingar
som syner ordforståing hos "folk flest". Dei store ordforståingsundersøkingane
er nokre år gamle, og gjeld ikkje utan vidare nå etter at utdanningsnivået
har vorte heva. Ei anna innvending mot ordforståingsundersøkingane
er at delar av dei byggjer på forståinga av ord som er rivne
ut frå ein naturleg brukssamanheng. Da kan det vera lett å
misforstå eller ikkje komma i hug kva orda tyder. Greier du utan
vidare å forklare ord som avkorting, dividende, implementere, rubrisere...
Det er ikkje sikkert at det er så lett å komma i hug skilnaden
på kreditor og debitor i farta, eller kva stykkpris-ordning går
ut på.
Uansett veit vi at vi lyt
vera varsame med å bruke faguttrykk, spesielle forkortingar og omgrep
som det ikkje er lett å fatte den nøyaktige tydinga av. Dersom
du er usikker på kor greitt det er å forstå eit ord,
så spør andre. Ver merksam på at dei aller fleste lyttarane
lever i ei verkelegheit der nyheiter, politikarspråk, byråkratiske
formuleringar osv er fjernare enn det er for deg som arbeider med nyheiter.
Det som er forståeleg for deg, er det ikkje nødvendigvis for
lyttarane. Det du sjølv ikkje forstår, kan du vera temmeleg
sikker på ikkje blir forstått av lyttarane heller.
Kva gjer vi?
* Når intervjuobjekt snakkar "vanskeleg", kan vi be dei om å
seia det same ein gong til, men med andre ord. Dette bør vera obligatorisk
ved intervju som går i opptak.
* Luk ut det som kan gjera din eigen del av nyheitsforteljinga vanskeleg.
Sjeldne ord blir bytta ut med meir vanlege ord, det som blir forklart med
vanskelege fremmendord eller reine faguttrykk hos kjeldene blir uttrykt
ved hjelp av ord som "alle" kan forstå.
* Vi kan forklare vanskelege, nødvendige uttrykk i ei blokk.
Da aukar vi samstundes redundansen i det som blir fortalt.
* Vi kan blokke replikken og gjenfortelja med våre eigne ord.
Presist
Nyheitsspråket skal vera presist, og i radio er det særs
viktig med tanke på at det som ikkje blir forstått der og da,
har liten sjanse til å nå fram. Men i radionyheitene kan vi
ikkje nøye oss med å tenkje på at orda gjev att det
innhaldet vi skal formidle, og det på ein sakleg og rett måte.
Formuleringane vi vel skal også verke naturlege når vi framfører
dei på lufta. For å få eit presist radiospråk,
må vi finne ut kva vi vil ha sagt, og så seia det på
ein måte som sameinar talespråks- og skriftspråkspreget
til denne typen språkbruk.
I radionyheitene må
vi vera så tydelege som muleg. Formuleringane vi vel, må ikkje
opne for feiltolkingar eller hemme forståinga. Det viser seg på
mange punkt, som ved at vi bør nytte dei mulegheitene tekstutforminga
gjev oss til å fortelja noko om saka. I staden for heile tida å
referere til "denne saka", "i dette tilfellet", "ved ulykka", "i streiken"
osv, må vi oftare enn i avisnyheiter presisere kva slags sak, hending
eller person det er snakk om.
Det flyktige ved radiomediet
krev at ein fordeler informasjon på fleire ledd enn det ein kan gjera
på trykk. På denne måten sikrar ein seg mot at forståinga
av ei sak er avhengig av eit ord som ikkje blir oppfatta eller forstått.
Oppattaking av kjerneord i saka - som aktør eller følgjer
- kan også gjera oss sikrare på at lyttarane får med
seg bodskapen.
I radiospråket lyt
vi vera ekstra varsame med å bruke ord som kan forvekslast med andre.
Eit homonym er eit ord som deler skrivemåte og uttale med eit anna
ord med ei anna tyding, og slike homonym kan vi ofte med fordel bytte ut.
Det kan au vera at to ord liknar kvarandre, utan å ha heilt lik uttale
eller skrivemåte. Vi kan sjølve stå i fare for å
velja feil ord i slike tilfelle, og lyttarane kan lett bli forvirra. Slik
forveksling må vi unngå, og i staden formulere oss på
ein annan måte.
For at vi skal få
radionyheitene til å "flyte" godt ved framføringa, lyt vi
bruke fyllord eller overgangsord. Dette gjer au at tekstsamanhengen blir
betre. Konjunksjonar som så, og, eller, men, for er til god hjelp,
men skal sjølvsagt ikkje misbrukast.
Dersom du har vanskar med
å finne det rette eller beste ordet, kan du ta ein "negativ-test":
Er det dette eg vil seia? Dekkjer dette ordet det eg vil ha sagt? Når
du finn ut kva ord du ikkje kan bruke, kan ordvalet ofte gje seg av seg
sjølv. Ei vanleg ordbok eller ei synonymordbok kan au vera til hjelp.
Kanskje eitt av bytteorda der er det du leiter etter? Omskriving kan også
vera til hjelp her, også om du synest språket blir for stivt
eller unaturleg ved framføring.
Kva gjer vi?
* Unngår ord som kan forvekslast med andre ord. Bruk ordboka!
* Repeterer viktige innhaldselement (kjerneord)
* Bruker fyllord/overgangsord, som skapar samanheng og flyt i teksten
* Skriv om slik at språket blir meir munnleg enn i t d ein avisartikkel
Er radiospråket "plaprete"?
Når vi snakkar, puttar vi inn mange småord og standardformuleringar.
Ord som "åsså, atte, men altså" dekkjer over planleggingspauser
og skapar flyt i teksten, men er ikkje nokon del av det språket ein
nyheitsjournalist til vanleg slepp frå seg på lufta (bevares,
det skjer!). Det same gjeld kontaktord som "skjønner du, veit du".
Dette er ord som er greie å ha i fri tale, men er uvanlege i yrkesspråket
til folk som arbeider med radionyheiter. Andre talespråksdrag er
derimot heilt greie. Journalistar som har gått frå radio til
avis, kan få høyre at dei skriv "luftig" eller "plaprete",
og med det blir det meint at det til dømes kan dukke opp ein del
"så" og "men" i tekstane deira, eller at dei generelt er for ordrike.
Radiospråket hentar setningsoppbygginga si frå talespråket,
og for å få ein naturleg flyt er ein nøydd til å
bruke eit og anna småordet som er overflødig i skrift. Likevel
er det ikkje fritt fram for bruk av luftige fraser og lange formuleringar
som inneheld tynt med informasjon.
Korrekt
Når ein skriv radionyheiter, følgjer ein i hovudsak dei
vanlege rettskrivingsreglane som finst. Radiomediet krev likevel ein eigen
måte å skrive på i ein del tilfelle. Når uttala
av eit namn eller ord skil seg tydeleg frå skrivemåten, er
det ein fordel å skrive namnet eller ordet så likt uttala som
muleg. Forkortingar som ikkje byr på problem i ein vanleg lesesituasjon,
kan brått gje jernteppe på lufta, og dei er det au lurt å
skrive ut. Det same gjeld tal. I det heile gjer tal seg dårleg på
radio.
Kva gjer vi?
* I toppar (heads) kan vi bruke ufullstendige setningar, elles ikkje.
* Det er ein fordel at namn og ord med skrivemåtar som kan skiple
deg under framføringa, blir skrivne slik dei skal uttalast. Eksempel
er ....
* Forkortingar bør skrivast fullt ut - aldri mva., men `meirverdiavgift`.
I farten kan du komma til å gløyme kva forkortinga står
for.
* Tal bør skrivast ut. 1 1/2 blir `ein og ein halv`, 2,5 blir
`to komma fem` eller `to og ein halv`. Tal bør ein ofte gjera tala
enklare, til dømes ved å bruke cirka-tal. 1 568 000 kan bli
`i overkant av ein og ein halv million`, `litt over ein og ein halv million`.
* Når vi les punktum, vil vi nesten automatisk oppfatte det som
ei pausemarkering. Slike "punktumpauser" kan vera greie nok i ein avisartikkel,
men i flytande tale kan framføringa få for mange småstopp
på grunn av punktum. Ofte hjelper det å skrive saman to setningar
som er skilde med punktum, setja inn ein tankestrek, eller bruke komma.
Men også komma er ein pausemarkør, og ein tankestrek verkar
"mildare" enn eit komma. I radiospråket er det tekstflyten som er
det viktigaste, og punktum set vi der det skal vera pustepauser eller innhaldspauser
- til dømes som markering av overgang frå eitt emne til eit
anna.
* Dersom du synest at ei setning blir for lang, kan du skrive henne
om, eller finne ein stad i teksten der det er naturleg med ein tankestrek.
* For å markere avsnitt eller temaskifte i radiotekstar, bruker
du linjeskift, eventuelt hoppar du over ei linje. Da vil du bruke ørlite
lenger tid på å gå frå den eine delen av teksten
til den neste.
* Organisasjonar og statar som er kjende med fortingsnamn, kan sjølvsagt
halde på desse namna på lufta. Men - i mange tilfelle vil det
vera lurt å bruke heile namnet fyrste gongen til dømes organisasjonen
er nemnt. Næringslivets Hovedorganisasjon, NHO. Kor nødvendig
dette er, må vurderast frå tilfelle til tilfelle. NATO er det
neppe nokon vits i å komma med det fulle namnet på, men vil
ein "hjelpe" forståinga, kan ein godt komma med ei presisering: "den
vestlege forsvarspakta NATO", "forsvarssamarbeidet NATO".
* Forkortingar skal som hovudregel ha norsk uttale: TWA = "te ve a"
eller "te dobbel-ve a", IBM = "i be emm", FBI = "eff be i". BBC kan ha
engelsk uttale.
* Forbokstavord, initialord blir uttala som "vanlege" ord (Unesco =
/unesko/) med norsk uttale.
"Bilde" i radionyheitene
Det finst ikkje noko forbod mot å bruke kontentum eller andre
effektar (som musikk) i radionyheitene. Mange saker ville ha vorte meir
levande og fått større merksemd dersom journalistane hadde
levert meir enn standard A4-saker av typen intro-blokk-intervjusnutt-blokk-intervjusnutt-blokk.
Det er til dømes muleg å opne ei sak om ein streik med lyden
frå ei fabrikksirene, følgt av blokk der reporteren seier
at "i dag er det berre dei tilsette i administrasjonen som går frå
jobb ved.... - dei andre har streika heile dagen". Eit lite lydblikk innom
streikekafeen eller streikestanden ute i gata kunne også fortelja
om streiken betre enn rein blokking følgt av intervjusekvensar.
Ein musikksnutt kunne gjera det same.
Nyskapande
Nyheitsspråket er ein eigen sjanger, der det blir lagt mindre
vekt på dei geniale, nyskapande formuleringane og ordkunstneriet
vi finn i andre delar av journalistikken. Det tek ikkje frå deg ansvaret
for å finne nye ord for nye fenomen, setja ord saman på nye
måtar for å vera mest muleg dekkjande, osv. Hugs at norsk er
eit elastisk språk, der du lett kan kombinere ord og få nye
omgrep. Nyheitsspråket er ein eigen sjanger, der det blir lagt mindre
vekt på dei geniale, nyskapande formuleringane og ordkunstneriet
vi finn i andre delar av journalistikken.
Personleg tone - også på papiret
Du må likevel gjerne ha ein personleg tone i det du skriv. Dersom
du har valet mellom fleire måtar å formulere deg på,
vel du den du liker best, så lenge det er ein måte som er akseptabel
i nyheitssamanheng. Dersom eit konservativt bokmål eller nynorsk
fell best i din munn, skal du ikkje vera redd for å la språkvala
dine slå ut til fordel for konservative former - innan visse grenser.
Det same gjeld radikalt bokmål og ditto nynorsk. Dersom du
er reporter og veit kven det er som avviklar sendinga du lagar stoff til,
kan du gjere kollegaen din den tenesta å skrive toppar, meldingar,
introar og utroar i den språkforma kollegaen din bruker.
Framføringa: Lesa eller fortelja nyheitene?
Vi snakkar ofte om å lesa nyheitene, men det er fortelja vi eigentleg
meiner. Somme vil kanskje stusse på ordet fortelja også, fordi
nyheitene jo ikkje blir fortalde som vitsar eller små sladder. Å
fortelja syner likevel betre idealet for farmføringa av nyheitene
- at lesetonen ikkje skal vera der, eller vera umerkeleg. Med ein gong
nokon bit seg merke i at nyheitsavviklaren les nyheitene, finst det kanalstøy
som dreg konsentrasjonen vekk frå innhaldet.
Nyheitene har sin
eigen måte å bli fortalt på. Ein skal verke trygg, ikkje
snakke for seint, ha god flyt og verke engasjert. Det som har fått
plass i ei nyheitssending er om ikkje livsviktig, så iallfall viktig
nok - for nokon. Det skal ikkje vera nokon grunn for lyttarane til å
tvile på at det som blir sagt, er sant. Derfor må avviklaren
verke sikker i si sak... Om innhaldet er så vesentleg når det
kjem til stykket, er ei anna sak. Det at somme kan meine at den støe
nyheitsstilen verkar autoritær ("her kjem eg og skal fortelja deg
korleis verda er"), er ei innvending som vi må la liggje i denne
samanhengen. I framføringa må ein ta omsyn til nyheitssjangeren,
og verke så truverdig og engasjert at nyheitene kjem fram til dei
dei er mynta på.
Normalisering/dialektbruk
I nyheitene er sakene viktigare enn dei som framfører dei. Derfor
må du vike attende til fordel for det du skal fortelja, anten du
er avviklar eller reporter. Samstundes skal formidlinga verke naturleg
for deg, og det fører til at du har lov til og absolutt skal prege
språket du bruker. Dette er inga sjølvmotseiing, men heller
eit kompromiss.
Lat oss seia at du kjem
frå Trøndelag, skriv bokmål og skal arbeide med nyheiter.
Når du normaliserer til det som blir kalla "standard austnorsk",
vil trønder-tonefallet likevel skine gjennom. I trønderdialektene
er apokope vanleg (bortfall av endingar i verb), det same er tjukk l, palatalisering
(j-aktig uttale av til dømes d, l, n, t) og eit trekjønnssystem.
Andre dialektdrag som kan nemnast, er pronomenet æ og diftongar/tvilydar.
Apokope er uvanleg for store lyttargrupper, og kan verke som kanalstøy.
Den tjukke l-en ser ut ttil å¨bli vanlegare i standard austnorsk.
Palatalisering er ukjent i talemåla i store delar av landet, og har
dessverre også eit "komisk" stempel på seg. Trekjønnssystemet
er meir vanleg enn tokjønnssystemet vi finn i overklassemåla
i ein del austlandsbyar og i Bergen. Pronomenet æ er brukt i store
delar av landet, men bryt med det ein ventar å høyre i "standard
austnorsk". Diftongane gjer det i mindre grad. I tillegg kjem ein del ord
som er vanlegare i trøndermåla enn i standard austnorsk.
Når du normaliserer,
seier det seg sjølv at du ikkje kan ta med deg heile dialektbakgrunnen
din inn i det normaliserte språket ditt. Men du kan ta med noko -
av det som er nemnt over, kan du utan blygsel halde på den tjukke
l-en, trekjønnssystemet og diftongane. Du kan også halde på
a-endingar i preteritum av verb og ein del andre element frå målføret
ditt, som "sjøl". Dette vil til saman gje deg eit normalisert mål
med ein såkalla radikal tone. Ikkje alle vil like dette radikale
bokmålet som du bruker, men på den andre sida vil det heller
ikkje vera nokon som har problem med å skjønne det. Du skal
ikkje vera nøydd til å høyrest ut som om du kjem frå
Ullern dersom du kjem frå Stjørdal og arbeider i Dagsnytt.
Av Jon Peder Vestad, 1998