Vestads vevstad   Ymseposten  Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev


Lågmælt om vennskap

Går det an å dyrke eit vennskap som aldri blir direkte uttrykt? Det skriv Jan Jakob Tønseth om i romanen Et vennskap. Hilmar Iversen heiter ein ung, radikal nordmann i etterkrigstidas Noreg. Han er kommunist, og opplever oppgjeret i Norges Kommunistiske Parti dels frå innsida, dels frå utsida. Han blir motarbeidd i partiet, han stiller spørsmål ved linjeval og politiske realitetar, og er ikkje åleine om det. Ein annan kommunist, Oskar, er også skyvd ut av det gode selskap, og dei to finn kvarandre i ein lågmælt, varsamt lagnadsfelleskap - og vennskap. Båe vågar å tvile på vedtekne sanningar, og det skulle ein ikkje gjera i eit parti som kravde orden og disiplin. Vennskapen er av ein slik art at han ikkje er uttalt, men han er der likevel. Og livet fer ulikt åt med dei to vennene, utan at det skal røpast meir om det her.
        Romanen kan lesast som eit tidsdokument frå etterkrigstida, eller som ein roman om vennskap, men han kan også opplevast som ein roman om tru og tvil. Dei religiøse overtonane er der både i stemning og ord, og ikkje minst på det språklege planet ser ein at forfattaren har lagt sin flid i å skrive «tidsriktig». Gjennom språket forsterkar forfattaren inntrykket av at epoken han skildrar ligg ei stund frå oss. Samstundes gjer det noko gamalmodige språket at det blir ein distanse mellom det ganske enkle, men for så vidt krevande nok innhaldsplanet, til eit meir abstrakt, «eviggyldig» plan. Sjølv om språkbruken nok gjev romanen mykje i form av tidskoloritten, verkar det på denne lesaren som om den spesielle språktonen syg romanen for kraft og liv.
        Med romanen Et vennskap har Jan Jakob Tønseth skrive bok nummer to om Hilmar Iversen. Det er ikkje nødvendig å ha lese den fyrste romanen for å ha utbytte av denne. Et vennskap er ein roman til ettertanke for den som er oppteken av tru og tvil, vil lære meir om NKP i etterkrigstida eller som ønskjer å lesa ei skildring av eit forsiktig vennskap mellom utstøytte.

Jan Jakob Tønseth:
Et vennskap
Cappelen 1997
132 sider                                                                                                                JPV 5/98



Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev