|
aa eller
a for å?
Gisle Rostvåg har
eit problem: han har /å/ i namnet sitt. Kva gjer ein med æ,
ø og å i internettverda? På vevstaden har Gisle lagt
ut eit lesarbrev der han skriv dette:
"Finnes det noen normer/regler
for å transkribere (oversette) norske navn til engelsk? Selv har
jeg en "å" i navnet mitt. Når jeg da konstruerer epostadresser
og liknende, får jeg stadig dilemmaet: Skal jeg skrive "aa" eller
"a" istedenfor "å". På samme måte la jeg merke til at
Drøbak Bluesfestival hadde ei hjemmeside med adressa "drobak…. "
- og der kom internett-trollet og tok resten av innlegget frå Gisle.
Bruk helst ae, oe og aa
Eg har ikkje kjennskap til
offisielle norske reglar for omsetjing av namn frå norsk til engelsk.
Vi har brukt å skrive /ae/ for /æ/, /oe/ for /ø/ og
/aa/ for /å/ når det ikkje har vore muleg å få
brukt våre bokstavteikn, men dette ser ut til å endre seg.
Det er nokre år sia eit stort, svensk selskap tok namnet Skanska
i staden for Skånska, og det verkar som dei fleste med æ, ø
eller å i namna sine bruker a, o og a i epost- og internettadresser.
Dette er etter mi meining uheldig. For det fyrste fører det til
at bokstaven a kan stå for både a, æ og å, og samanfallet
dreg forenklinga for langt og kan skapa forvirring. For det andre kan over-bruken
av a gjera det vanskelegare å orientere seg på nettet for dei
som er van med at vi skriv ae, oe og aa for æ, ø og å.
Sist, men ikkje minst: Når ein skriv ae osv., så får
ein fram - iallfall for ein som kjenner norsk - kva for lydar det er tale
om. Det har ein verdi i seg sjølv.
Språkrådet
går (ikkje) føre
Det beste hadde vore om
folk og institusjonar som ennå ikkje har fått fotfeste i nettverda,
valde den "gamle" skrivemåten. Det vil ikkje fjerne forvirringa,
og det vil dessutan skapa eit skilje mellom gamle og nye nettbrukarar.
Akkurat det kan nok somme vera interesserte i! Ikkje alt det gamle er godt,
men i dette tilfellet synst eg det er det. Men det er vel å håpe
forgjeves så lenge til og med Norsk språkråd går
føre med eksempelet www.sprakrad.no...
Jon Peder Vestad, 18.8. 1999
|
|