Vestads vevstad   Ymseposten  Mål og middel   Bokinnsynet  Privaten  Lesarbrev

SPRÅKHALDINGAR BLANT NYNORSKBRUKARAR I
NRK MØRE OG ROMSDAL

Innleiing
I språkreglane til NRK heiter det i punkt 2: «Normaltalemålet skal brukast i nyhende-sendingar, meldings- og halloteneste - også når ein ikkje bruker manuskript. I intervju og personlege samtalar kan ein likevel bruke dialekt, også om dette går inn som ein del av eit innslag som elles er utforma på normalmålet». I ein annan språkregel heiter det at NRK «ser gjerne at medarbeidarane gjennom formvalet innafor læreboknormalen og uttale (ordtone og setningsmelodi) gjev normaltalemålet sitt eit regionalt preg» (NRK 1998).
         Språkreglane til NRK gjev tydelege retningslinjer for medarbeidarane, og NRK er ei mediebedrift som har til oppgåve å vera eit språkleg førebilde. I ein hektisk kvardag er det ikkje enkelt å følgje ideala støtt, og i avisspalter og mann og kvinne imellom fell det ikkje sjeldan negative bemerkningar om språkbruk i NRK. Også frå NRK-hald har det komme kritiske merknader om «privatdialektar» og språkleg slurv. Men kva meiner NRK-tilsette sjølve om det å bruke eit normert språk?
          I november 1997 besøkte eg NRK Møre og Romsdal i Ålesund fem dagar. Eg ville samtale med redaksjonelle tilsette om deira syn på nynorsk og oppleving av nynorsk som arbeidsspråk, og samstundes sjå på språklege og journalistiske rutinar i redaksjonen. I denne samanhengen konsentrerer eg meg om å leggje fram utprøvinga av intervju og utarbeidinga av spørjeskjema om bruk av og haldningar til normert nynorsk. Eg viser også synspunkt og haldningar som kom fram under intervju med tolv nynorskbrukarar i redaksjonen, og peiker på nokre oppfatningar arbeidet med dette materialet har gitt meg.
          Det er ikkje lagt vekt på teori i denne samanhengen. Det er eit forarbeid der hovudføremålet er å finne fram til moment som kan eller bør takast med i ei større undersøking av nynorsk som etermediespråk. Fyrst blir metoden og materialet gått gjennom, før redigerte versjonar av kvart intervju blir lagde fram. Etter eit samandrag blir nokre av funna og nokre observasjonar med språktilknyting drøfta. Det nemnde spørjeskjemaet blir også presentert og vurdert, og nokre moment til vidare arbeid med emnet blir lagt fram.
          Problemstillinga i framlegginga har eg valt å rette mot innhaldet: Kva haldningar har nynorskbrukarar i NRK Møre og Romsdal til det å bruke nynorsk som etermediespråk?

Metode
Eg har gjennomført tolv kvalitative intervju med språk som emne. Intervjua er såkalla ustrukturerte, og det vil seia at emne og spørsmål i liten grad er klarlagt på førehand (Østbye 1997). I dette tilfellet var intervjua samtaleprega, med relativt stor grad av likeverd mellom intervjuobjekta og meg. Likevel var rollene klare.
        Intervjua varte i alt frå ca femten minutt til ein time, og vart ikkje tekne opp på band. Intervjusituasjonen var uformell, og vi sat stort sett i ein sofa eit stykke unna andre. Nokre få intervju vart tekne andre stader, som på desken eller eit kontor. Alle eg har intervjua, var på førehand orientert om at eg skulle komma til NRK Møre og Romsdal, og visste at eg var særleg interessert i forholdet deira til nynorsk.
        Eg gjekk elles fritt omkring i redaksjonslokala, og noterte meg det eg la merke til. Eg fekk også vera med på redaksjonsmøte der eg kunne komma med innspel, tok pauser saman med dei tilsette og småprata med dei når det passa. Deltakande observasjon var på denne måten også ein del av arbeidsmetoden min.

Intervjuemne
Eg hadde sett ned ei liste over emne eg etter eigne erfaringar som etermediejournalist og journalistlærar meinte det var naturleg å komma inn på. Emna var i hovudsak retta mot oppfatting av vanskar og haldningar knytt til bruk av normert nynorsk. På lista var dette med:

* om kva syn journalistane har på nynorsk
* om det å bruke normert nynorsk blir opplevd som vanskeleg
* om dei har fått tilbakemeldingar frå andre på språkbruken sin
* om nynorskbruken i NRK har påverka språkhaldningane og språkbruken deira
* om dei har opplevd at nynorsken ikkje har strokke til eller er kan vera problematisk å bruke
* om dei trur arbeid med språket gjer at dei arbeider saktare enn bokmålsbrukarar
* om korleis dei helst ser at nynorsknormalen skal vera
* om dei meiner at det er tilfelle der normert mål passar/ikkje passar
* om dei kunne tenkje seg at det ikkje fanst noko normeringskrav

Lista vart ikkje følgt slavisk. I staden let eg stort sett intervjuobjektet vise veg, men enkelte ting prøvde eg å få med hos alle, og eg følgde opp ting som vart sagt.

Heimelsfolka
Eg har intervjua sju kvinner og fem menn som er mellom ca 20 og ca 50 år. Alle dei intervjua arbeider som journalistar, somme berre i fjernsyn eller radio, andre i båe medium, og har nynorsk som arbeidsspråk. Dei har arbeidd i NRK Møre og Romsdal frå nokre månader til over tjue år. Heimelsfolka er dermed valde frå eit avgrensa univers, - ikkje etter nokon aktiv utveljingsprosess. Derfor intervjua eg dei nynorskbrukarane som hadde tid til å prate med meg, og som var i redaksjonslokala i Ålesund.
        På intervjutidspunktet var det ingen nynorskbrukarar ved lokalkontoret i Kristiansund, og ein fast tilsett pluss ein frilansar ved Molde-kontoret. Desse to nynorskbrukarane er ikkje med i undersøkinga mi.

Materialet
Intervjusamtalene vart gjennomførte i lokala til NRK Møre og Romsdal 3., 4., 17., 18. og 27. november 1997. Intervjua byggjer på notat eg tok medan intervjua stod på, og er redigerte for å få ein tydeleg struktur i innhald og utforming. Dei er altså skrivne som innhaldssitat, ikkje ordrette, autentiske sitat, og byggjer på hovudinnhaldet frå samtalene, det intervjuobjekta la mest vekt på. Språkforma er mi, og i noko grad au ordvalet. Overskriftene eg har knytt til kvar informant, er også mine. Opplysningar som kan røpe kven heimelsfolka er, har eg utelate.
        Som ein vil sjå av gjennomgangen, varierer både lengda på og innhaldet i intervjua ein heil del. I nokre tilfelle vart intervjuet avbrote utan at vi fekk høve til å halde fram, og innhaldet varierer delvis etter kva intervjuobjektet hadde på hjertet - og ikkje alt er det naturleg å ta med i denne samanhengen. Det gjeld til dømes stemmebruk og generell språkpolitikk. Nokre oppattakingar er også utelatne. I og med at dette er eit forstudium med kvalitativt tilsnitt, har eg valt å sjå vekk frå denne typen skeivheiter i materialet.
        Tidlegare har eg lagt fram ulike nemningar som blir brukt om den munnlege språkvarianten journalistar bruker i etermedia, og valde å kalle det normert språk. Det er nok vanlegare å snakke om normalisert språk, og der heimelsfolka har brukt denne nemninga, har eg skrivi `normalisert`. Det forklarer grunnen til at eg i denne delen av rapporten bruker båe desse omgrepa.
         Eg kallar dei kvinnelege intervjuobjekta K1, K2 og så vidare, og dei mannlege intervjuobjekta M1, M2 osv.
Utskrift av intervjusamtalene

K1: Flott å vera nynorskbrukar
Det er flott å vera nynorskbrukar. Vi må skrive om ofte, og det gjer kanskje at språket blir meir munnleg og gjennomtenkt. Nynorsken er ikkje så «sløv». Nynorsken i media har ikkje til oppgåve å ta vare på nesten utdøydde ord. Eit ord som `kverrsetje` hører til dømes ikkje heime i ein nyheitssamanheng.
        Det er ei utfordring å skrive om frå NTB og bokmålstekstar. Byråkratspråk er ofte på bokmål, og krev omskriving. Problemet med bokmål er ordforrådet og setningsbygninga. Eg slår opp i ordbøker eller spør nokon dersom det er noko eg er i tvil om. Dersom eg må ha svaret med ein gong, hender det seg at eg «glømmer» å sjekke kva som er rett. Når eg er ferdig med ein tekst, les eg han høgt eller stille. Det hender at eg skriv om, særleg når det er tekstar eg har fått frå andre. Eg ser til dømes etter om det er noko som kan kuttast. Da begynner eg øvst i meldinga og skriv min eigen versjon, dersom det er tid til det.

K2: Nynorsk skal vera nynorsk!
Nynorsk er betre enn bokmål som nyheitsspråk, det er lettare å vera presis på nynorsk. Vi skal heller ikkje vera så personlege. Eg synst det er greitt å normalisere, men det kan verke rart i magasinprogram. I direkteintervju og reportasjar pratar eg dialekt i situasjonar der eg ikkje får til å normalisere, til dømes fordi eg snakkar med folk som har same dialekt som meg. Tilbakemeldinga eg har fått på språket mitt er at det er klart og forståeleg osv.
        Det er utfordrande å skrive om frå bokmål til nynorsk. Eg slår ofte opp, eller spør NN (ein medarbeidar). Eg har til dømes problem med å hugse kor ein skal og ikkje skal bruke `j` i verb som `liggje, leggje, tenkje`. Før hadde eg som kjepphest at eg ikkje skulle bruke genitivs-s, men eg har gått vekk frå det nå. Eg kan til dømes seia `Høgsteretts kjæremålsutval`. «Andreas Hompland»-nynorsk synst eg ikkje noko særleg om. Bruker ein nynorsk, bruker ein nynorsk! Eg skulle ønskt at vi fekk luka ut alt bokmålsinnslag og det meste av engelsken frå ordforrådet i nynorsken.

K3: Ikkje normalisering i magasinprogram
Eg identifiserer meg med nynorsken, skriv nynorsk og prøver å leggje dialekten min opp til nynorsk. Eg snakkar dialekt på lufta, og det har eg fått berre positive tilbakemeldingar på. I magasinprogram synst eg ikkje normalisering hører heime. Eg normaliserer lite grann, og har ikkje vurdert å gjere det meir enn nå.
        Dersom nynorskord verkar fremmende, vel eg heller dialektord, sjølv om dei er «bokmålsord». Det hender eg merkar at eg seier noko ein dag, noko anna ein annan dag, altså at eg vekslar.

K4: Vanskeleg å begynne å snakke nynorsk
Det fell heilt naturleg å bruke nynorsk, men det var vanskeleg å begynne å snakke det! Eg har slått litt om, slik at eg har teke inn fleire nynorskord i talemålet mitt. Nynorsk bør vera nynorsk, eg ønskjer inga tilnærming til bokmål. Eg er konservativ, seier `verte` og unngår `be`-ord (som berøre, bemerke, min merknad). `Kverrsett` (= beslaglagt) er eit flott ord, som eg gjerne hadde brukt om folk forstod det! Språket vårt skal vera forståeleg.
        Sjølv bruker eg berre nynorsk, sia eg er nyheitsreporter og -avviklar. Eg veit ikkje om eg hadde fått autoritet dersom eg hadde brukt dialekt i avviklinga. Eg trur ein verkar meir seriøs når ein bruker normalisert mål. I magasinsamanheng må det bli meir dialektbruk, det mjukar opp. Men ein må vera ryddig i dialektbruken sin au! Eg har vorte mye meir språkbevisst enn før, men kanskje au meir liberal: språket skal fungere. Likevel held eg på «gamle» former - nynorsk er eit flott språk...
        Av og til er eg i tvil om kva som er rett, til dømes om hankjønnsord skal ha -ar. Da spør eg andre. Ting skjer så fort! Fagterminologi er au vanskeleg, men ein lærer seg etter kvart korleis ein skal omsetja dei. Faste jusuttrykk tek tid å lære, og reine faguttrykk som er bundne til eitt bestemt innhald, må ein vera vanskeleg med å skrive om. Det er ikkje umuleg! Ein arbeider ikkje saktare om ein bruker nynorsk.

K5: Ikkje mot dialekt - i prinsippet
Eg prøver å bruke ein nynorsk som er naturleg for meg. Eg bruker ein moderat nynorsk, og vel det som fell mest naturleg i nynorsken. Tanken på at ein skal snakke nynorsk er vanskeleg, og enkelte ord er ein barriere fordi dei er uvande. Når eg fyrst har begynt å normalisere, liker eg det. Her i redaksjonen er det så mange som bruker nynorsk at ein får greitt servert nynorskorda for dei orda som er innarbeidde på bokmål. Men eg skulle ha ønskt det heitte Norge på nynorsk...
        Eit problem er alle faguttrykka frå bokmål som må skrivast om. Elles tek eg meg sjølv i å gli over til dialekt når eg intervjuar folk. Nynorsken er så lik talemålet mitt, så det hadde kanskje vore enklare om nynorsken og talemålet var meir ulike kvarandre. I prinsippet er eg ikkje imot bruk av dialekt. Dialektbruk kan verke forstyrrande, men folk kan jo au bli vande med dialektbruk. Eg liker å arbeide med nynorsk, og arbeider ikkje saktare av den grunn. Eg har fått tilbakemelding på at det hørest naturleg.

K6: Snakkar meir «nynorsk» nå
Eg har ikkje hatt problem med nynorsken, men i magasinsamanheng fiksar eg ikkje å bruke nynorsk. Da bruker eg dialekt. I ei anna stilling laut eg bruke bokmål, men da eg begynte å bruke nynorsk att, var det som å komma heim!
 Språkbruken min er betre på nynorsk enn bokmål. Eg bruker sjeldan ordbøker, men spør nokon eller leiter opp ordet i ordboka når eg er i tvil. Av og til diskuterer vi språket. Eg har vorte meir språkbevisst enn før, og snakkar meir «nynorsk» nå enn da eg skreiv bokmål. Nynorsken er meir levande, fargerik og aktiv enn bokmålet - rett og slett meir naturleg! Eg opplever at nynorskbruk gjev status. Vi som bruker nynorsk blir støtt lagt merke til, og det er lenge sia eg har fått nokon hat-reaksjon!
        Nynorsken er variert i utgangspunktet, og mye er tillate. Eg skulle ønskje at kravet om normalisering i nyheitssamanheng fall vekk. Vi må sjølvsagt luke vekk det særaste frå talemåla, men ein mistar spontanitet og konsentrasjon når ein må tenkje over kva som er korrekt nynorsk. Uansett er det viktig at det ein formidlar er truverdig. Ekstreme eller gammaldagse former (`kverrsetje`, `snøggbåt`) er eg ingen tilhengjar av. Det er lett å latterleggjera nynorsken, og det er ikkje noko mål. Eg har bevisst avvike frå nynorsknorma, og ønskjer at vi skal følgje daglegtala, bruke dialektane som mal, ikkje læreboknormalen eller «museumsvarianten». Levande språk forandrar seg og er i utvikling, og ord frå bokmålet kan vera greie å bruke. Ord går også andre vegen.

K7: Har frigjort meg frå «NRK-språket»
Eg er svært glad for at eg har nynorsk som hovudmål, - det er eit betre språk å uttrykkje seg på. Eg har fått eit «NRK-språk», men har etter kvart frigjort meg noko. NRK Møre og Romsdal har vore eit konservativt distriktskontor når det gjeld språkbruk. I nyheitssamanheng er eg mot dialektbruk, medan eg bruker eit modifisert, normalisert språk - med dialektpreg - i magasinprogram. Det har nok komme inn nokre bokmålsord i språket mitt, og eg merker at det blir meir dialekt når oppfølgingsspørsmåla kjem. Graden av dialekt aukar elles med engasjementet!
        Det har hendt at eg har følt at nynorsken ikkje har strokke til, men eg vil ikkje seia at det er vanskeleg å normalisere. På ordplanet kan det nok dukke opp feil hos meg, men ikkje i grammatikken. Det er sjeldan eg bruker ordbok, og eg prøver å unngå å omsetja. I staden forsøker eg å frigjera meg frå det som står, og seia det på ein annan måte. Eg kunne ha tenkt meg å reindyrka nynorsken for på den måten å gjera han enklare. Det som skapar motstand mot nynorsk, er til dømes `Noreg` og «gammaldagse» nynorskord brukt utan ironi.

M1: Alle må finne sin veg
Nynorsk er arbeidsspråket mitt, og å bruke bokmål er heilt utenkjeleg. Da eg begynte i NRK, var det sterke motforestillingar her på distriktskontoret mot å bruke dialekt, og nynorsken min er innarbeidd og utforma gjennom mange års bruk. Til ein viss grad er språket eg bruker prega av talemålet mitt, men eg kan vera usikker på kor langt eg kan gå i å ta inn ord og former frå målføret. Det er viktig at språket fell naturleg for både den som bruker det og den som hører på.
        Eit problem mange har er smitte frå bokmål. Byråkratspråk er til ein viss grad eit problem, men folk er ofte flinke til å «bryte» det ned. Om ein får gjort det, har med tid å gjera. Ein del er ustøe i formverket, og eit generelt problem er uttala av stadnamn - uttala skal vera rett! Ein hører at det er unaturleg for folk herifrå å bruke bokmål. Alle normaliserer til ein viss grad, å tru noko anna er å narre seg sjølv. Alle må finne sin veg, og vera bevisst det dei gjer. Det er viktig å diskutere språk, informere og til ein viss grad korrigere. Vaktsjefane er uformelle vaktbikkjer for språkbruken. Vi må få folk så langt at dei greier å  korrigere seg sjølve.

M2: Ikkje så dialektvennleg lenger
Eg har støtt ivra etter å gjera nynorsken meir dialektnær, men eg fryktar at viss utviklinga held fram som nå, blir nynorsken for bokmålsnær. Det ønskjer eg ikkje, og eg er konservativ når det gjeld `anbeheitelse`-orda. I distriktssendingar synst eg at nynorsken skal vera munnleg og dialektnær. Vi kunne til dømes ha brukt svarabhakti-e-ar og løyst opp i normaltala, men ikkje endra grammatikken. I nyheitssamanheng står normalisert nynorsk sterkt, og det vil eg vi skal halde på. Tonefallet kan vera dialektprega, men språket skal vera normalisert i blokker og introar osv. Å stille spørsmål på dialekt, er greitt.
         Før var eg langt meir dialekttilhengjar enn eg er i dag, og eg såg på skriftspråk og normalisert mål som underordna dialekt. Dialekt var hovudspråk i alle samanhengar. Nå er eg meir konservativ. Folk som kjenner meg, kallar språket mitt «NRK-stivt», og det er negativt. Men eg får også positive kommentarar, og eg har aldri opplevd at nynorsken ikkje har strekt til. Det er likevel unaturleg å snakke normalisert når eg skal intervjue folk frå min eigen heimplass om kvardagslege ting. I magasininnslag bruker eg dialekt.
        Daglegspråket mitt har vorte påverka av at eg bruker normalisert språk så mye sopm eg gjer. Eg trur at folk som til dagleg bruker mindretalsspråket nynorsk, oftare enn andre blir konfrontert med språket sitt. Dette skapar større språkleg bevisstheit. Eg meiner eg innordnar meg dei språkreglane som gjeld, og er nokså konservativ - seier `Noreg`, til dømes. I ein del tilfelle får eg hug til å bruke hokjønn (`ei kommune`, `ei appelsin`), men eg må kunna klare å lære meg kva det heiter på skriftspråket.
         Det tener nynorsken at det finst ein stø tradisjon for bruk av normalisert nynorsk. Nynorskordboka ligg på pulten, og eg slår opp ved den minste tvil. Dagleg pratar vi på desken om språk, og bruker oppslagsbøker og språkspalta på BASYS (datanettverk i NRK, min merknad). Dén fungerer vel så mye som underhaldning som rettleiing!

M3: Må tilpasse nynorsken dialekten
Å tilpasse språket den lokale dialekten opptek meg. Nynorsken gjev valfriheit, slik at eg kan leggje meg nær dialekten min. På eit distriktskontor er det viktig med språkleg profilering, og ein må samordne dei formene ein bruker. Det blir brukt ein del former som er fremmende for dialektane i fylket her, former som det ikkje er naturleg å bruke for nokon her. Når nynorsken opnar for valfriheit, bør vi velja dei formene som ligg nærast dialekten.
        Det er ikkje spesielt problematisk å bruke nynorsk. Av og til er eg i tvil om kjønn på substantiv, fordi daglegtala mi kan vera farga av ålesundsk, for eksempel. Nynorsk passar meg godt som arbeidsspråk. Det ville vera håplaust for meg å bruke bokmål. Eg prøver å vera munnleg i forma heile tida, og kan omsetja på direkten. Vi skriv for å snakke, men når vi skriv, verkar ikkje ordvalet så viktig som når vi skal framføre det. Dette er ein vanleg feil: å ikkje tenkje framføring når ein skriv, og det gjeld både setningsbygning og ordval.
        Før eg utdanna meg til journalist, brukte eg mye bokmål. Da eg begynte med radio og måtte velja radiospråk, var det ikkje noko alternativ for meg. Det er heilt utenkjeleg for meg å bruke noko som liknar bokmål, - det ville ha vore heilt feil. Det går greitt å omsetja frå bokmål til nynorsk. Eg har vore oppe i situasjonar der ordvalet er vanskeleg, for eksempel teknisk og juridisk språk. Uttrykksmåtane ein kjenner frå før er på bokmål, og ein føler at det ikkje blir presist nok på nynorsk.
        Viss ein bruker nynorskord som er fremmende for folk, har ein eit problem. Av og til ofrar eg litt av puritanismen til fordel for kommunikasjonen. Eg hadde nok eit meir konservativt språk før eg begynte her, og det kjem av at det finst ein del ord som ein ikkje bruker utan vidare. Det same gjeld dialektbruken - dialekten blir ikkje heilt dialekt på lufta, men halvnormalisert. Sjølvsagt lærer ein seg au til å bruke eit slags radiospråk som er litt annleis, og ein blir påverka av NRK-tradisjonen. Folk lærer fort «NRK-tonefallet»....  Eg prøver å reindyrke språket, og det ligg utruleg mye autoritet i eit godt språk. Det merkar ein godt når ein knotar, og eg kan reagere negativt på folk som bruker eit dårleg språk, som i reklamar med mange språkfeil. Eg trur det er ein del som reagerer slik. Privat snakkar eg sikkert annleis nå enn før, har vendt meir attende til dialekten.

M4: Mot språkleg pietisme
Eg synst det er greitt å normalisere. Etter mitt skjønn er det best å bruke eit normalisert språk, men ikkje å noka pietistisk norm! Det er viktig at folk heile tida forstår kva vi seier, særleg i nyheitssamanheng, men også i magasininnslag. Eg kan bruke normalisert mål i magasin-innslag, avhengig av innhaldet. Eg har arbeidd mye og intenst med normaliseringa, slik at det følest nesten normalt. Likevel er det ikkje like enkelt støtt. Ofte er det typiske dialektord som skil seg ut.
        I enkelte tilfelle arbeider eg nok saktare pga at eg bruker nynorsk. Rettsspråket er vanskeleg, det er skrive i konservativt bokmål og det er ikkje støtt så lett å finne gode uttrykk på nynorsk som er forståelege. Ein må vera fantasirik, og bruke vanlegare ord. Det tek tid å skrive om, men språket blir enklare enn på bokmål. Spør vi juristar, får vi aldri svar!  Eg held meg unna spesielle og konservative former, men vel `høve` i staden for `forhold` - for elles kan det bli litt for nært bokmålet. Eg skulle ha ønskt at genitivs-s-en var meir akseptert i nynorsk. Journalistjobben har gjort meg mye meir språkbevisst.

M5: Nynorsken er ein ressurs
Det er ein rikdom å ha nynorsk som arbeidsspråk. Det stiller krav til ein, og ein må kanskje tenkje meir bevisst enn om ein bruker bokmål, som er så mye brukt. I nynorsk er det mindre substantivering, til dømes. Nynorskjournalistar arbeider ikkje saktare enn bokmålsjournalistar. Eg har fått positive tilbakemeldingar på nynorsken min, også frå dei eg har vakse opp med og som kjenner meg frå før. Ein gong fekk eg eit surt kort! Herbjørn Sørebø og andre har rydda veg, og eg føler at nynorskbrukarar blir møtt med respekt.
        I nyheitssamanheng er normalisering det riktige, og kravet om å bli forstått det viktigaste. Normalisering gjev autorietet, og underbyggjer det truverdet som er nødvendig i nyheitsformidlinga. Det er ein konflikt mellom munnleg og skriftleg språkbruk, ein må lære å gjera språket mest muleg munnleg. Det er vanskeleg i starten, særleg når ein intervjuar med sin eigen dialekt. Men det å normalisere er ei tilvenningssak, ikkje noko problem. Eg hadde ikkje noko val - eg måtte lære å normalisere.
        Jusspråket er vanskeleg fordi det har ein sterk, eigen terminologi. Eit ord som `påtale-unnlatelse` er innarbeidd, og eit tilsvarande nynorskomgrep kan stengje for kommunikasjon. Her trengst det opplæring! Folk må bli vande med nynorskord frå t d økonomi- og børsverda. Vi må forenkle og bruke andre ord enn Makta. Nynorsken må omstille seg, finne fine ord og bruke gode, norske ord. Folk flyttar meir, dialektane forandrar seg og nynorsken kan vera eit anker. Målformene nærmar seg kvarandre, og da treng vi merkesteinar som `Noreg`. Det er eit symbolord, og det er viktig for skuleelevar å sjå forskjellen mellom nynorsk og bokmål.

Andre inntrykk frå NRK Møre og Romsdal
På eit av redaksjonsmøte eg var på, vart uttala av eit namn drøfta, og eg hørte at det ofte svirra språklege spørsmål i lufta over desken. På avviklarplassen såg eg ei fremmendordbok, Riks-målsordboken, Bokmålsordboka, Nynorsk ordliste, Norsk uttaleordbok, Ordliste for alle (gammal) og oppslagsverket Med andre ord. På ein av redaksjonspultane desken låg Nynorsk-ordboka. Eg såg medarbeidarar slå opp i nokre tilfelle, og at vaktsjef retta språkfeil i manus. Klare rutinar for språkarbeid var det ikkje råd å leggje merke til.
Ein bokmålsbrukar fortalde at han arbeider meir med språket når han skriv nynorsk, og at han meiner nynorsk er mindre klisjéaktig enn bokmål. Ein nynorskbrukar i sjefsskiktet (ikkje intervjua) poengterte sterkt at språket i NRK er inga privatsak, og var ikkje glad for at dialekt blir meir og meir brukt.

Systematisering av svara
For å lette arbeidet med å kartleggje haldningar og finne linjer i svara, har eg systematisert nokre av dei grovt. Dette oversynet viser haldninga til normering generelt og nynorsk spesielt, forholdet til dialekt, reaksjonar på språkbruken og forholdet til den pursitiske tradisjonen i nynorsk - og til bokmål. Det er verd å merke seg at ikkje alle vart spurde om eller kom inn på alt som er lista opp under. I ein del tilfelle kunne det ha vore kryss å finne på dei tomme plassane - om informanten hadde nemnt dette momentet.
Eg gjer merksam på at avkryssinga er skjedd etter skjønn. Resultata av systematiseringa blir behandla i samandraget og drøftinga.

                                    K1     K2     K3     K4     K5     K6     K7     M1     M2     M3     M4     M5
Positiv til normering         x        x        x         x       x                             x         x         x         x         x
Normeringsvanskar         x        x                   x       x         x         x                  x         x         x         x
Nynorsk betre enn bm              x         x                                       x       x                               x         x

Dialektinnslag i nn                     x                            x         x         x       x         x          x         x
Dial. påverka av nn                             x         x                  x                            x          x
For meir dialektbruk                           x                  x         x

Positive reaksjonar                   x                            x         x                            x                               x
Negative reaksjonar                                                                                        x                               x

Anti-purisme                    x       x        x         x        x         x         x                            x          x
Ønskjer avstand til bm              x                   x                                                x                     x         x

`Positiv til normering` tyder at informanten uttrykkjer seg klart positivt til nynorsk etermediespråk. `Normeringsvanskar` vil seia at det blir peikt på større eller mindre vanskar knytt til det å normere. `Nynorsk betre enn bm` forklarar seg sjølv - det blir uttrykt at nynorsk er eit betre mediespråk enn bokmål, anten generelt eller for denne brukaren. `Dialektinnslag i nn` vil seia at informanten nemner at han/ho kan ha dialektinnslag i normert tale og/eller at dette er ønskjeleg. `Dial. påverka av nn` betyr at dialekten til informanten har vorte påverka av nynorskbruken.
        `Positive og negative reaksjonar` vil seia at informanten har fått positive eller negative tilbakemeldingar på bruken av normert nynorsk. Med `Anti-purisme` er det meint at det på ein eller annan måte har komme fram syn som er negative til enkeltord i nynorsken eller bruk av «gammaldags» nynorsk. `Ønskjer avstand til bm` vil seia at informanten ønskjer at nynorsknorma skal ha ei viss avstand til bokmålet.

Samandrag
Den normerte nynorsken har gode medspelarar i NRK Møre og Romsdal. Alle uttrykkjer på ein eller annan måte at dei liker å bruke nynorsk, at nynorsk er eit betre språk å arbeide med enn bokmål, eller at dei identifiserer seg med nynorsken. Dei fleste har trass i slike positive haldningar ankepunkt mot nynorsken. Somme nemner vanskar som kjem av at dei er usikre på nynorsknorma, og elles er somme negative til sider ved nynorsken - særleg enkeltord med «gammaldags dåm». Fleire dreg fram at språket skal fungere, og at det gjer at dei heller vel innarbeidde bokmålsord eller ord frå målføra, framfor dei nynorske alternativa.
         Om lag halvparten fortel at dei let målføret prege nynorsknorma deira, eller nemner på ymse vis at nynorsken må tilpassast målføret. Nokre av desse har au opplevd at påverkinga går andre vegen - at det språket dei bruker til dagleg ber preg av at dei bruker nynorsk. Ein del fortel også at det har vore vanskeleg eller unaturleg for dei å normere, og eit par meiner at dei arbeider betre med nynorsk. Elles nemner ein del at dei har eller har fått det eg vil kalle eit konservativt språksyn, som går ut på at nynorsk ikkje skal vera (for) lik bokmål. Dei fleste av desse let nynorsken dei bruker bli prega av talemålet. Ingen som seier at normert nynorsk bør brukast i magasinprogram. Eit par av intervjuobjekta ser ut til å opne for dialektbruk i nyheitssamanheng, men uttrykkjer seg ikkje heilt klart på dette punktet.
         Inntrykka frå intervjua sett opp mot punkta på momentlista, viser dette:

* Nynorskbrukarane er positive til nynorsken (!)
* På ulike punkt opplever mange det som vanskeleg å bruke normert nynorsk, utan at det blir sagt at dette er noko problem for dei
* Fleire nemner at dei har fått tilbakemeldingar på språkbruken, dei fleste av desse har fått positive tilbakemeldingar
* Normeringskravet har gjort brukarane meir språkbevisste og endra språkbruk og haldningar
* Nynorsken blir ikkje opplevd som utilstrekkjeleg
* Det å bruke nynorsk gjer ikkje at arbeidet går saktare
* Brukarane flest ønskjer ei norm som er tydeleg, men samstundes ikkje «sær» eller dialektfjern
* Normert nynorsk hører heime i nyheiter, ikkje i magasinprogram
* Dei fleste uttrykkjer ikkje noko ønske om at normeringskravet skal falle vekk

Spørjeskjemaet
Ut frå eigne inntrykk og samtaleintervjua med tilsette ved NRK-kontoret i Ålesund har eg utarbeidd eit spørjeskjema (ikkje lagt ut på internett). Skjemaet inneheld stort sett lukka spørsmål, der dei som svarar set kryss ved det som høver. I nokre få tilfelle er det opna for eigne svar, og eg bed også om tilbakemelding på skjemaet og spørsmåla. I alt inneheld skjemaet over seksti spørsmål og vurderingspunkt fordelt på tre sider.
         Innleiingsdelen av spørjeskjemaet skal gje opplysningar om bakgrunnen til den som svarar, og i bolk A skal dei opplyse om synspunkt og haldningar. Her kjem ein inn på etter måten mange ulike emne, som karakterisering av eigen språkbruk, seia seg einig eller ueinig i ein del utsegner («Eg irriterer meg over «regelrytteriet» i nynorsken») og syn på bruk av dialekt og normert språk i distrikts- og rikssendingar. I denne bolken er det også med spørsmål om kva informantane meiner påverkar språkbruken deira, og kva stoffområde som kan vera opphav til språklege vanskar for dei. Bolk B går på rutinar i det daglege arbeidet og kva i og utanfor språket som kan skapa vanskar.

Grunngjeving for utforminga
Spørjeskjemaet er meint å syne kva det kan vera aktuelt å spørja etter i ei større undersøking av haldningar til nynorsk etermediespråk hos brukarane. Dette kan det vera interessant å sjå i samanheng med utdanning, år i yrket, arbeidsoppgåver, medlemskap i nynorskorganisasjon og liknande. Grunnen til at det i hovudsak byggjer på avkryssingssvar, er at det gjev eit materiale som er lettare å behandle. Svararane skal vera anonyme, slik at det skal kunna vera lettare å opplyse om det ein verkeleg meiner, ikkje det ein føler ein «bør» meine.
         Skjemaet byggjer på eigenvurdering av eigen språkbruk og eigne haldningar, og slike subjektive vurderingar treng ikkje nødvendigvis samsvara med faktisk språkbruk eller vera heilt dekkjande på andre måtar. Men skjemaet er utforma slik at det skal vera muleg å sjå samvariasjon eller mangel på samsvar mellom variablar.
        Skjemaet er laga til ei forundersøking. Tanken er at ut frå ein analyse av svara ville ein sjå om det er visse moment som kan utelatast, og prøve å finne ut kva slags sprøsmål som bured omformulerast osv. Mulege merknader kunne au gje framlegg om endringar. Det er årsaka til at skjemaet vart såpass omfattande - ei større undersøking kan ikkje ha med så mange innhaldsmoment som det vedlagde skjemaet.

Drøfting

Kritisk solidaritet
Nynorskbrukarane i NRK Møre og Romsdal er positive til normert nynorsk på same tid som dei har vanskar med han. Ikkje alle vedgår at dei har problem med normeringa, men eg tolkar det slik når enkelte fortel at dei misliker ord, ikkje hugsar enkelte former eller seier at dei bevisst eller ubevisst blandar inn ikkje-nynorsk i nynorsken sin. Men - dette er ulike slags «problem», nokre har ei språkpolitisk haldning som kan vera i konflikt med nynorsk-tradisjonen, medan vedgår at dei ikkje har normeringa heilt innarbeidd.
        Den positive haldninga kjem fram samstundes som vanskar og innvendingar ikkje blir skjulte, og viser at nynorskbrukarane i NRK Møre og Romsdal ikkje berre aksepterer, men ser ut til å like å bruke eit normert språk. Eg vil kalle haldninga eit eksempel på kritisk solidaritet. Nå kan det riktignok vera ein viss forskjell på haldningar og praksis, og svara fortel at dei færraste ser ut til å bruke ein så «rein» nynorsk som Randi Alsnes krev i si gransking av språkbruken i radio (Alsnes 1995). Der er forma `Noreg` eller eitt dialektord er nok til ikkje å rekne språkbruken som normert. Dei eg har intervjua er ikkje så lojale mot norma.
        Fleire nemner at det gjev autoritet eller skapar avstand (jf Lomheim 1987, Vagle 1990) å tala normert, og at nynorsk er eit betre språk å bruke enn bokmål. Somme grunngjev dette med at det er nynorsk som passar dei best, andre meiner at nynorsken i seg sjølv «is a better language», for å seia det med eit nynorsk-slagord frå 1980-talet. Det er verd å leggje merke til at dei fem som meiner nynorsk er betre enn bokmål, fortel at dei kan blande dialekt inn i eterspråket sitt og ha vanskar med normeringa. Dette syner kor sterk solidariteten med nynorsken er, og somme framstår som svært entusiastiske og bevisste språkbrukarar.

Nynorsk er nyheitsspråk
Det er berre i nyheitssamanheng at det er bortimot full oppslutning om nynorsken, og heller ikkje der er linja heilt klar. Interessant er det å leggje merke til at mange nemner at det er greitt å blande nynorsk og dialekt i nyheitsinnslag, på den måten at blokker (referat) blir framført med normalisert språk, medan spørsmål blir stilt på dialekt. Dette er i tråd med den blandinga av normert språk og dialekt Yngvil Riise Vangberg har funne i NRK Nordnytt (Vangberg 1997). For publikum kan dette framstå som inkonsekvent, og tidlegare var ikkje ei slik «språkblanding» godteke i NRK.
Når nesten ingen nemner tydeleg at dialekt skal kunna vera gangbart som vanleg nyheitsspråk, kan det komma av språkkulturen i redaksjonen. Eitt intervjuobjekt (K7) nemner at NRK Møre og Romsdal tradisjonelt har vore eit konservativt distriktskontor når det gjeld språkbruk. Språktradisjonen i redaksjonen kan gjera eit standpunkt for gjennomført dialektbruk og mot normering vanskeleg å målbera - eller heilt uaktuelt å nemne.

Kva er godt språk?
Synet på kva som er «god» nynorsk, varierer såpass mye at det er uråd å seia at eitt syn dominerer. Men den konservatismen som ein del av dei intervjua målber, er prega av pragmatisme og omsyn til «brukarvennlegheit». Det ser ut til at eit fleirtal er tilhengjarar av ein moderat nynorsk som skil seg tydeleg frå bokmål, men ikkje unngår «bokmålsord» når dei blir sett på som meir eigna enn tradisjonelle nynorske vendingar. Eg finn inga motsetning her mellom det å vera anti-puristisk og samstundes ønskje klar avstand til bokmål (jf K2, M4). Den purismen som finst, er ikkje hos nokon av dei spurde direkte fiendsleg mot bokmål.
         På dette punktet kan det likevel hende at sjølve intervjuemnet har påverka svara eg har fått. Deltakarane visste som nemnt at eg intervjua dei for å få innblikk i haldningane deira til nynorsk, og ville hjelpe meg så godt som råd. Dette kan bevisst eller ubevisst ha gjort dei meir «nynorske» og nynorskvennlege enn dei er i det daglege arbeidet og slit med til dømes juridiske uttrykk på bokmål eller tyr til ord dei oppdagar ikkje er «lov» på nynorsk. Denne undersøkinga syner heller ikkje den faktiske språkbruken, som kan skilja seg ein del frå haldningane deira.

Forholdet dialekt - nynorsk
Noko overraskande er det at fleire nemner at det kan vera vanskelegare for dei å handtere dialektinnslag enn bokmålsinnslag når dei bruker normert tale. Det kan komma av at det er så sjølvsagt at bokmålet kan skapa problem, men like viktig kan avstanden mellom dialekt og nynorsk vera. Alle dei eg intervjua er frå Nordvestlandet, frå eit talemålsområde der nynorsk og dialekt på mange punkt er samanfallande. K5 nemner at «det hadde kanskje vore enklare om nynorsken og talemålet var meir ulike kvarandre». Når så mye er likt, blir det for somme vanskeleg å hugse eller oppdaga kor målføret og nynorsken skil lag. Samstundes støttar dei fleste som nemner det oppfatninga av at den normerte nynorsken må ha rot i talemålet til brukaren (jf  Lomheim 1994, Sandøy 1998).
        Noko anna som er verd å leggje merke til, er at fleire seier at nynorsken har påverka talemålet deira, slik at dei nå pratar meir dialekt enn dei meiner dei gjorde før - eller hadde gjort dersom dei ikkje hadde nynorsk som arbeidsspråk. Dette støttar den oppfatninga som har vorte nemnt frå målrørsla om at nynorsken støttar dialektbruken og er eit bolverk mot utvatning av målføra (Bech 1992:13).
        Fleire nemner at det verkar unaturleg å snakke normert til nokon som har (omtrent) same dialekt som ein sjølv. Dette har det vore liten tradisjon for å gjera, men er som nemnt tillate etter språkreglane til NRK. Ingen av dei spurde la fram normeringa som noko stort problem, men nokre få nemnde at det var uvanleg til å begynne med. Dette peiker mellom anna attende til det eg påviser i gjennomgangen av faglitteratur om normering - at det finst lite innføringslitteratur i emnet, og at tradisjonen for normering er svak i Noreg.

Det tek tid å normere
Medarbeidarane i NRK Møre og Romsdal meiner ikkje at det å bruke nynorsk gjer at dei arbeider saktare enn bokmålsbrukarar. Samstundes nemner mange at dei bruker tid på å omformulere stoff, og dette krev jo tid. Dette kan tyde på at det likevel tek litt ekstra tid å arbeide som nynorskjournalist når såpass mye av tilfanget er på bokmål. Likevel trur eg ikkje at det går an å dra ei slik slutning utan vidare. Grunnen er at alle journalistar, uansett språkform, må (eller skal) omarbeide stoff frå kjeldene, og at juridisk fagspråk og liknande er vanskeleg å hanskast med også for bokmålsbrukarar.
         Eg vil sjå dette i samanheng med oppfatninga ein del av dei spurde har av nynorsk som eit betre språk enn bokmål. Dersom dei bruker meir tid på språket, er det gode mulegheiter for at dei får eit meir gjennomarbeidd språk enn mange bokmålsfolk, som lettare kan bruke stoff direkte frå kjeldene. Det å bruke nynorsk kan gje eit betre språk, ikkje fordi det er nynorsk, men fordi det er meir gjennomarbeidd, slik til dømes M5 er inne på.

Lærdom å ha med vidare
Til slutt i denne delen av rapporten vil eg stutt inn på noko av det arbeidet med intervjua og spørjeundersøkinga har gjort tydelegare for meg.
        Det eg såg av arbeidet med spørjeskjemaet var at eit slikt skjema må vera enklare og ha klare, avgrensa emne for spørsmåla. Truleg er det lurt å flytte dei fleste «personlege» avkryssingspunkta til sist i skjemaet. Når ein har fylt ut det andre, blir utfyllinga sett på som bortkasta om ein ikkje au fortel litt om seg sjølv. Det er au muleg at ei slik undersøking må innehalde fleire opne spørsmål, sjølv om dette gjev den som skal behandle svara meir arbeid. Det såg elles ikkje ut til at dei eg samtalte med i NRK Møre og Romsdal vegra seg for å uttale seg om emnet. Tvert imot! Å kombinere kvalitative intervju med ei spørjeundersøking kan sikre at moment som ikkje blir nemnde i intervjua, kjem fram i spørjeundersøkinga.
        Når ein skal granske haldningar til bruk av normert nynorsk, trur eg det er heilt nødvendig å skilja mellom dei som stort sett arbeider med nyheiter og dei som driv med magasinprogram. I dei to programformata møter journalistane heilt ulike språklege krav, og dette meiner eg kan påverke synet deira på korleis normert nynorsk skal vera, kva som er akseptert språkbruk og liknande. Også om ein skal granske faktisk språkbruk, kan haldningar eller vanar hos språkbrukarane verke inn når dei har skifta programform. det er ikkje noko i denne vesle undersøkinga som underbyggjer dette, men eg sit likevel att med eit inntrykk av at språksyn og språkleg praksis er prega av kva ein bruker språket til.
         Kor lenge folk har arbeidd med normert språk meiner eg au er vesentleg. Over tid kan ein internalisere «NRK-språket», som fleire nemner at dei har gjort. Samstundes har NRK hatt ei utvikling i språkbruken dei siste tiåra. Det kan føre til at eldre medarbeidarar er meir trufaste mot nynorsknorma enn yngre, i pakt med at normeringskravet var sterkare tidlegare enn nå. Sia fleire nemner at det var uvant å tala normert til å begynne med, kan det vera interessant å sjå på om dei som har teke journalistutdanning har mindre vanskar med normering enn dei utan. Ved til dømes journalistutdanninga i Volda blir det kravd at nyheitsspråket skal vera normert, slik at studentane får prøvd seg på denne språkvarianten.
        Forholdet til talemål viser seg å vera viktigare enn eg hadde trudd i utgangspunktet. Kva syn brukarane har på dialektbruk og kva slags dialektbakgrunn dei har, kan sjå ut til å påverke språkbruken deira når dei normerer. Det same gjeld det språkpolitiske synet deira, medan reaksjonar frå «utomverda» kanskje ikkje er så vesentlege som eg hadde trudd. Da er truleg språkhaldningar i redaksjonen viktigare, kanskje også viktigare enn språkreglane til institusjonen.
        Til sjuande og sist har samtalene med NRK-medarbeidarane i Ålesund forsterka inntrykker mitt av at det ikkje finst ei eller nokre få sjangerbestemde normer for nynorsk etermediespråk, men mange. Og - det er ikkje er så lett for nynorskbrukarane i etermedia å finne si norm, men dei arbeider iallfall med saka.

Oppsummering
NRK Møre og Romsdal har svært språkbevisste medarbeidarar skal ein dømme etter dei tolv intervjua eg har gjort. Ingen uttrykkjer uvilje mot nynorsken, tvert imot identifiserer dei fleste seg som trugne nynorskbrukarar med eit forhold til språket prega av kritisk solidaritet. Dei er opptekne av språket sitt og av at det skal fungere som mediespråk.
        Dei nye språkreglane til NRK har støtte blant dei tolv. Bruk av standardisert språk i nyheitene, dialekt i spørsmål i nyheitsinnslag og brukt gjennomført i magasinsendingar er heilt i tråd med retningslinjene for NRK-medarbeidarar. Språksynet til medarbeidarane varierer noko, men det ser alt i alt til å vera einigheit om at «god» nynorsk er ein moderat nynorsk som ikkje er for lik bokmålet. Om haldningane eg har møtt i NRK Møre og Romsdal er representative for alle tilsette nynorskbrukarar der og elles i norske etermedium, kan ikkje denne sonderinga fortelja. Korleis haldningane og nynorskbruken faktisk er, får ei anna undersøking vise.

Av Jon Peder Vestad, 1998

Vestads vevstad   Ymseposten  Mål og middel   Bokinnsynet  Privaten  Lesarbrev