Det vart ikkje delt ut nokon målpris på årsmøtet til Volda mållag tysdag 4. mars. Men - Volda kommune fekk ros. Styremedlem Greg. Rotevatn peikte på at kommunen har utarbeidd eit språkpolitisk dokument, og i laget er ein godt nøgd med bruken av nynorsk frå kommunen si side.
Likevel var det fleire som meinte at politikarane i Volda er likesæle, og ikkje tonar tydeleg nok flagg i målsaka. Til dømes er det få Volda-politikarar som er organiserte målfolk, og ein framstøyt for å få politikarar som medlemmer for eit par år sidan, gav ikkje resultat. Årsaka kan vere at nynorsk er så mykje nytta på søre Sunnmøre at nynorskbrukarane vert sløve av det, meinte mållagsleiar Anne Steinsvik Nordal. Medlemstalet i Volda mållag har da også gått noko ned, og om lag ti prosent av dei vel 120 medlemmene møtte på årsmøtet. Det var høg temperatur i ordskifta og god stemning på møtet, som vart leia av Ingebjørg Osdal.
Festspela ønskjer samarbeid
Den nye daglege leiaren for Dei Nynorske Festspela, Sven Ivar Skodjevåg,
kunne forsikre dei frammøtte at kontakta med det lokale kulturlivet
skal bli betre, og han lova folkelege og nøkterne festspel til hausten.
I år skal mykje av programmet vere retta mot barn og unge, fortalde
han. Mållaga i Ørsta og Volda skal dragast aktivt med i festspelarbeidet,
noko som ikkje skjedde i fjor.
Det vart ikkje delt ut nokon målpris på årsmøtet.
Leiaren for målprisnemnda, Torstein Tomassen, fortalde at nemnda
ikkje såg nokon kandidat som peika seg ut i år. Denne heidersprisen
vert delt ut til nokon som har framheva seg spesielt i arbeidet for målsaka
i året som har gått.
Jon Peder Vestad heldt føredrag om nynorsk i etermedia, med
vekt på vanskar som nynorkbrukarar kan råke på. Nokre
av problema Vestad peika på, var at tidspresset, overvekta av bokmål
i samfunnet og mangel på opplæring i bruk av talt nynorsk,
lett fører til at bokmålsord snik seg inn, eller at grammatikken
ikkje vert heilt. Men vil ein ha nynorsk i media, lyt ein også godta
"dårleg" nynorsk, meinte Vestad.
Anne Steinsvik Nordal gjenvald
Møtet vart halde på Høgskulen, fordi den dårlege
økonomien til laget gjorde det vanskeleg å leige lokale. I
fjor hadde Volda mållag eit reelt underskot på om lag 1000
kroner, kunne kasserar Greg. Rotevatn fortelje. Kulturstøtta frå
kommunen er lita, og ølpengane frå ølsalet i Ørsta
har vorte borte. Dette hemmar aktiviteten, peika Rotevatn på. Årsmøtet
vedtok ei fråsegn der ein ønskjer at kulturmidlane frå
ølsalet i Volda-butikkane vert fordelt på mange lag
og organisasjonar, og delt ut av kulturstyret.
Greg. Rotevatn og Ingrun Humberset gjekk ut av styret etter mange års
god innsats for laget. Valnemnda var representert ved Johann Roppen og
Bernt Kalvatn. Det har fått Klaus Egge og Ola Svein Sætre inn
i styret, medan Ingebjørg Osal, Jon Peder Vestad og Hilde Brænne
ikkje var på val. Anne Steinsvik Nordal vart gjenvald som leiar.
Varamedlemmer til styret er Astrid Gjersdal, Odd Harald Sundal, Dagrun
Torvanger, Inger Aarflot og Asbjørn Hustadnes. Idar Mjånes
er revisor.
Tor Jonsson-kveld
Volda mållag skal saman med Folkeakademiet i Volda arrangere
ein Tor Jonsson-kveld på Porse 14. mars. Der vert dikt av Tor Jonsson
(1916-1951) lesne av Ragnhild Vannebo, og dei kjende musikarane John Pål
Inderberg og Erling Aksdal jr skal spele. Seinare i vår skal laget
stelle til ei skrivetevling for skuleelevar i Volda. Haakon Almestad og
Arnhild Tilseth var av dei som gav laget ros for aktiviteten i året
som har gått. Volda mållag er det største mållaget
på Sunnmøre.
Ølpengane må delast på mange
Volda mållag går mot framlegget til fordeling av ølpengar som næringssjef Per Ernst Lundberg og kjøpmann Jon Heltne har stått fram med. Me vil heller ha ei breiare fordeling på fleire lag og organisasjonar, slik at ein tek vare på mangfaldet i organisasjonslivet.
Etter at Volda fekk ølsal i butikkane, forsvann tilskottet av ølpengar frå ølutsalet i Ørsta. Kulturstøtta frå Volda kommune har ikkje dekt dette inntektstapet, og no ser me at enda ei økonomisk støttekjelde tørkar bort for mange lag og organisasjonar. Dette er svært uheldig for mange små og mellomstore lag og organisasjonar, som ikkje så lett finn seg andre inntektskjelder eller får sponsorinntekter. Me bed om at kulturpengane frå ølsalet i Volda vert delt ut av kulturstyret saman med kulturmidlane frå Volda kommune.
Lagt ut 8. mars 1999.