Til Vestads vevstad


Ada: fascinerande roman, flott debut

Korleis skal eg få deg til å lesa denne boka? Det er neppe nok å fortelja at Ada er ei bok eg knapt greidde å leggje frå meg, men slik var det. Debutanten Grete Kleppen imponerte meg med god fantasi og forteljeevne, og eg tenkte fleire gonger at denne boka skulle ha vore filma.

Om ikkje dette er god nok reklame, får eg fortelja litt om kva boka handlar om. Ei kvinne flyttar inn i ei leilegheit på Frogner i Oslo. Bakgrunnen hennes er uklar, han verkar rett og slett svært situasjonsbestemd!, og kvinna verkar som eit slags mystisk overmenneske. Ada, om det er det ho heiter, begynner å samle livshistorier, og dei som fortel dei, er folk ho møter. På ein eller annan måte viser det seg at alle historiene heng ihop på ein eller annan måte, trass i spennet historiene i mellom og at menneska som fortel dei, ikkje ser ut til å kjenne kvarandre. Kleppen tek oss med til Valdres, til Bergen, til Romsdals-kysten (forfattaren er frå Molde) og til Frankrike. Historiene inneheld drap og svik, løgn og særheit, men har likevel stort sett eit kvardagspreg. Menneska som fortel dei verkar truverdige, iallfall ikkje usannsynlege.

Det merkelege er ved boka er tråden eller trådane som bind historiene saman, og den aldri nemnde grunnen til at akkurat Ada samlar dei. Ja, ho er interessert i menneskelagnader, ho vil dokumentere livet og livshistorier, men det er noko meir. Er det for å skaffe seg sjølv ei livshistorie ho gjer opptak av historiene? Det er ikkje mye forfattaren fortel om henne, og eg blir aldri sikker på kven Ada er. Visst er ho velståande, oppfinnsam, intelligent, språkmektig og søkjande, men korfor har ho slik avstand til andre menneske? Ada framstår både som formbar og sårbar, som ei som ikkje berre leiter etter meining, men au etter seg sjølv. Men kanskje dette er ein for enkel måte å skjønne den merkelege hovudpersonen på, og  eg undrast om forfattaren Ada leike med både medmenneska sine og oss. Sjølv om fortida til Ada verkar både uklar og konstruert, kan det vera ein måte å få oss lesarar til å tru at Ada lyg og diktar om seg sjølv, - det kan jo vera sant likevel, noko av det ho fortel...  Eg veit ikkje.

Det eg sikkert kan seia, er at Grete Kleppen skildrar miljøa ho fører oss til på ein levande måte, menneska likeså, og ho har evne til å overraske og underhalde. Romanen er velkomponert og oppbygginga av historia (eller historiene) jamn og tett, og spenninga stig sakte. Etter kvart blir samanhengane mellom historiene klare, og mysteriet Ada større. Eg vil lesa meir, eg vil veta meir! Det er eit godt teikn, og eg gler meg til filmen - om den kjem - og til fleire bøker av Grete Kleppen.

Jon Peder Vestad

Grete Kleppen:
Ada
Roman
Det Norske Samlaget 1998
164 sider



Til Vestads vevstad