| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |
 
   
 Det er sant at akt ---

er det einaste kristenradikale kulturtidsskriftet i Noreg. akt fyller ein viktig plass i norsk tidsskriftflora. Ei anna sanning om akt er at det er såvidt det finst, og at dei som lagar akt, knapt har møtt ein lesar dei ikkje kjenner. 

Det er mine ord, bygd på vel fem år som redaksjonsmedlem i tidsskriftet. Etter tallause seine møtekveldar, haugevis med artikkelidear og redaktørar som har komme og gått, kjenner eg til somme delar av historia til akt. Og kanskje er det slik at dersom akt ikkje fanst, ville det ikkje ha vorte oppfunne. Undertittelen kan seie oss noko av grunnen - kristenradikalt kulturtidsskrift. Eit så avansert tidsskrift held ikkje norsk kristenheit seg med. Nesten ikkje. Vel, lat oss kaste eit blikk inn i akt-verda, og begynner med eit redaksjonsmøte.

- har ein kaotisk-kreativ møtestruktur
Fire-sju-ni menneske rundt eit bord, papir, kaffikoppar, nokre få djupe/opne emne å velja mellom, det ringjer på,  mange stikkord, fleire kjem, tyngre luft, ein del dumme forslag, nokre med stjerne ved (dei er bra!), nokon stikk hovudet inn og roper hei!, meir kaffi, ein telefon ringjer, nokon sender ein faks, fleire kjem innom, det er kø ved datamaskina, nokon må gå, det er litt uklart kva vi har komme fram til (men nokon har vel oversikta?), fleire må gå, resten går, held fram redaksjonsmøta på ein stad med skjenkjeløyve, og referat frå fyrste del av samlinga kjem i posten. Kreativ, kaotisk møtekultur, oftast koseleg i tillegg. 

- har heitt Forbundsnytt
Ein gong i tida heitte akt Forbundsnytt, hadde eit meir normalt format, ei kjedelegare utforming - og som de sikkert har merka: eit traustare namn. Liksom meir kristeleg, Forbundsnytt. Det var før mi tid, og blir ikkje behandla meir her. Eg kom inn i redaksjonen da Tor Øystein Vaaland var redaktør. Han gav seg hausten 1990. Tor Øystein hadde utarbeidd klar mal for korleis stoffet skulle presenterast, redaksjonsmøta kunne verke som ein skule i journalistikk, og redaktøren var drivande dyktig.
 Den gongen, eg har så lyst til å kalle det glanstida, den gongen hadde akt ei småfrekk spalte som heitte Sladder & Sludder. Ein av reglane for den spalta var at «Studentforbundets ubestridte eiendomsekspert» Olav Nomeland skulle nemnast kvar gong. Mister Nomeland er ei triveleg sjel med forbundsrøter på 70-talet, ein av dei som ikkje heilt har greidd å forlate Universitetsgata 20 etter endt studietid. Absolutt målgruppe, altså. Eg hugsar ein gong vi sat inne på det tronge akt-kontoret og skulle tøye grenser i Sladder & Sludder-spalta. Kåre Kristiansen hadde nyss gitt ut boka «Stå på, Kåre K.!». De kan lett gjette dykk til kva boktittelen vart endra til. Så frekke vi var! 

- skiftar redaktør ofte
Åra med Tor Øystein som redaktør var gode for akt, mellom anna fordi redaksjonen ikkje skifta redaktør stadig vekk. Medan det elles i presseverda er slik at ein lyt slite i fleire år før ein kan begynne å tenkje på nokon redaktørtittel, er det ikkje slik i akt. Forbundet skal jo ha sin eigen vri på så mangt, og utlufting, nye idear, nye menneske er i pakt med forbundsideologien. Det medfører at NKS ikkje har særleg imot å bruke nokre tusen kroner på å annonsere etter redaktør ein gong eller to i året. Så blir det tilsett ein redaktør som møter redaksjonen, presenterer visjonane sine om det kristenkulturelle radikaltidsskriftet og drikk øl med redaksjonen etterpå. Deretter finn redaktøren ut at det er for langt å ta toget til Hakadal for å vera til stades på redaksjonsmøta, flyttar til Tromsø eller blir oppteken av kjærleik og slike greier (barn), og gjev nye radikalkulturelle tidsskriftkristne sjansen. 

- er nyttig for så mangt
Ordet tidsskriftkristne er nyskapt, og smakar vel omtrent som «livsstilskristne». Og ordet har innhald. Akkurat som Forbundet, har også underbruket akt vore ein stad for folk som har vore nyfikne på kristentrua, eller som ikkje har følt seg heime andre stader i kristen-Noreg. Somme av oss har vore glade for at vi har fått høve til å bruke eit kristeleg engasjement til å skrive. For andre har dette vore staden å prøve seg som journalist eller fotograf, som ideskapar og tidsskriftutformar.
 Det er ikkje berre på redaktørkrakken det har vore hyppige skifte. Trekken har vore stor i staben au, og det er ikkje så få som har utfalda seg i akt. Fleire av redaksjonsmedlemmene har alt vore journalistar da dei kom med, for andre har akt vore ein veg til vidare journalistisk arbeid. Det gjeld mellom andre Trond Vestre, Øystein Dahle Kraft, Runar Gilberg, Berit Aalborg, Maria Hasselgård, Ingunn Saltbones og Jon Barratt Nysæther. akt har også fostra ein redaktør (vel, ganske mange!), Einar Melve, som seinare starta avisa Vossingen. 

- var der!
Einar Melve er eit namn å feste seg ved. Ikkje fordi han fekk med meg i redaksjonen , men fordi han skreiv ei sak som burde ha interessert riksmedia da ho kom på trykk, i akt 1/1991. «Rein rase» var tittelen, Einar og fotograf Jostein Bergstøl hadde vore på stiftingsmøte for den brunaktige organisasjonen Den Norske Forening. Lesarbrev-forfattarinna (spalteplagaren) Hege Søfteland er intervjua om det grumsete, «kvite» synet sitt på innvandring og mørkhuda. Ho var i «godt» politisk selskap på stiftingsmøtet, og i biletteksten les vi: «Dei tre framstegsparti-representantane Jens Marcussen (Aust-Agder), Vidar Kleppe (Vest-Agder) og Finn Thoresen (Akershus) var på møtet for å kasta glans og gje initiativtakarane ros for tiltaket». Avsløring!
 For oss i redaksjonen var denne saka stor, men som så mye anna av alt det vektige og viktige som har stått i akt-spaltene, vart det ikkje lagt merke til. Dagblad-avsløringa av FrP-Hedstrøm og co på «rasistmøte» på Godlia kino hausten 1995 kom eigentleg nokre år før - i akt... Vi prøvde! 

- er ope for det meste
Temaet for nummeret artikkelen «Rein rase» stod i, var avvik. I all den tida eg har kjent til akt har tidsskriftet halde på eit temaet som ein grunnstein for kvar utgåve. Emna har vore alt frå «Sår i evigheten» til «Jakten på sjelefreden», «Folk flest» og «Memento mori» (Hugs at du skal døy), leik, politikk og Jesus, altså emne som kan opne for originale innfallsvinklar til det meste. Sagt på ein annan måte: emna og spaltene har vore så rommelege at alle har kunna skrive om noko dei har vore opptekne av. Sjølv har akt gitt meg mulegheit til å skrive om «sentrale» kulturelle emne som parapsykologi (tema: Milde himmel) og ord for mor og far i ulike språk (tema: Mor og far).
 Temmeleg ofte har det vore plass til ein forbundsvri knytt til emna, anten det har vore livsstil, politikk, økonomi eller kunst. Sjølvopptekne? Sjølvsagt. Når så få andre bryr seg om Forbundet, må i det minste akt gjera det  Og kor mye forbundsstoff tidsskriftet skal ha plass til, har sjølvsagt vore hyppig emne på redaksjonsmøta. 

- legg mye ned i det ingen ser
Når eg ser attende på dei om lag fem åra eg hadde akt som hobby, er det idefasene og dugnadene eg hugsar attende på med størst glede. På redaksjonsmøta yngla ideane som fluer ein varm sommardag... - vi diskuterte, vi brynte meiningar og vi lærte av det. For min del var det ikkje så farleg om ikkje alle dei fantastiske forslaga hamna på innhaldslista til neste nummer, prosessen fram til innhaldet var gjevande nok. Og så var det arbeidet med å finne fyrstesideillustrasjon, komma på noko artig eller slåande til sistesida - ja, lesarane veit nok ikkje av kor mye arbeid det har vorte lagt i å finne «det rette» til omslagssidene. Ei lita sanning om akt: Når ein manglar illustrasjon, tyr ein til Dorés biletbibel. Det er gratis, originalt og arbeidssparande. 

- har hatt hug til å vekse
Eg lyt nemne noko om teiknet på suksess for akt i mi tid. Det var å bli sitert i Vårt Land. Ei tid prøvde vi oss på Dagbladet au, og såvidt eg hugsar med hell ein gong. Noko anna som stadig var framme, var korleis folket skulle oppdaga akt. Eit alltid mislykka forsøk var laussal. Eit like fånyttes forsøk var å prøve å alliere oss med andre «progressive» kristne krefter, som Kirkelig Kulturverksted, Forum X, Kirkens Bymisjon og Kirkens Sosialtjeneste, men framstøyta førte ikkje til noko.
 Nisja til akt er nok lita, men plassen og stoffprofilen har vore rommeleg. Stoff som gamle kristen-radikalarar kan vera interesserte i, har ikkje hatt særleg rom i Vårt Land - men meir nå enn før. Vår Kirke er det vel berre folk før 68-generasjonen som kjenner til, Salt har (eks-)sosialistar som fyller førti i år kunna få med seg. Kirke og kultur, da? Det blir liksom noko anna, akkurat som lagsbladet Credo har vore det. Eit spørsmål eg ikkje finn svar på, er korfor akt ikkje har høgare opplag. Det har nok vore små under iblant som har ført til at akt har kunna halde det gåande, men det hadde jo vore greitt med støtte av den ikkje-metafysiske sorten også. 

- meiner (ikkje) noko med det
Nei, akt skulle og skal visst ikkje ha det lett, men Norsk kulturråd sviktar heldigvis ikkje. Det kan derimot dei lesarane redaksjonsmedlemmene ikkje kjenner, gjera. Ei «skeiv» (somme gonger - hm! - bokstaveleg...), og redaksjonen får eit brev frå ein skuffa eks-abonnent. Greitt, også vi i redaksjonen har syntest at det kunne bli vel mye homsestoff ei tid, men gjev ein ut eit radikaltidsskrift, så gjer ein det. Provoserande stoff er pliktstoff, med andre ord - vi har ikkje meint så mye med det. Ikkje alltid.
 Vel. Oppdraget, det kristen-kulturelle-radikale Tidsskriftsoppdraget vårt, det har ofte vore nemnt blant oss som har slite og kost oss i akt-arbeidet. Lys og salt? Det er å ta hardt i, men u-landsstoff, kyrkjestoff, forbundsstoff, andakter, kronikkar, ulike typar aktualitetar - du finn det i akt. Det er forutsigelig at eit nummer av akt er uforutsigelig. Kristenradikalt kulturtidsskrift, smak på orda, stokk dei om, sei dei fort, uttal dei når du er på det sløvaste - vriane kan bli mange. 

- gjev kulturen rom
Kunst og kultur har vorte teke på alvor av akt. I spaltene har lesarane kunna møte namn som Paal-Helge Haugen, Thomas Hylland Eriksen, Dag Magne Staurheim, Ulf Lindell, Einar Økland, Haldis Moren Vesaas, N.F.S. Grundtvig, Sven Kærup Bjørneboe, Håvard Vikhagen, Charles Baudelaire, puh!, Henrik Wergeland, Tor Åge Bringsværd, Kaj Munk, Sondre Bratland, Nina Karin Monsen, orkar de fleire namn? - Bjørnstjerne Bjørnson, Paul Leer-Salvesen, Stein Mehren, Hildegard fra Bingen, Fjodor Dostojevskij og Arne Garborg. Namna kunne vore langt fleire.
 Ikkje berre ved at akt har skrive om kunst og kultur, blir denne delen av Oppdraget synt, men au i utforminga, i valet av illustrasjonar og ved at akt faktisk har hatt sin eigen novellekonkurranse - og fekk inn fleire lesverdige bidrag. 

- er meir av enn for studentar
akt har freista å få igang debatt, har sikkert klart det au - men mest utanfor spaltene... Og ein debatt som stadig har dukka opp i redaksjonen, har vore i kva grad akt skal vera eit tidsskrift av studentar eller for studentar. Resultatet har vel vore noko meir i retning av det fyrste. Denne vesle problemstillinga har ført til tidvis heftige ordskifte om ord som diskurs og kontekst er gangbare i spaltene... Eit lite språkleg minne: Til akt 2/1994 (om kunst) fekk vi tilbod om to dikt med foto til, flotte saker - absolutt, men i ettertid verkar det jo litt merkeleg at den unge norske poeten skreiv dikta på svensk...
 Attende til av- og for-diskusjonen, og til målgruppa for tidsskriftet, og dermed kva plass akt skal eller kan ha i norsk verkelegheit. Vel, akt har hatt ei målgruppe som til ein viss grad er nådd, akt har vorte lese av menneske som kan ha ført tankar og emne frå tidsskriftet vidare - og det er viktig nok.. Og: akt har vore eit viktig «menigheitsblad» og «usynleg» bindeledd for tidlegare og nåverande forbundsfolk, ein liten og viktig minoritet i norsk kristenheit. Måtte det halde fram som det! 

- har meir på lager!
Viktigast for meg, som tidlegare redaksjonsmedlem, er det akt har gitt og gir dei som lagar tidsskriftet. For eksempel glede. Glede over å ha skapt noko, få noko på trykk, veta at ein har bidratt til noko som når utover augneblinken. I denne gleda ligg det au gleda over samarbeid, lærdom, vennskap - men kanskje for lite anerkjenning. Eg hugsar så glade vi vart når vi møtte folk som kjende til akt! Det var berre det at ei tid fanst det tre norske tidsskrift som heitte akt...
 Dersom eg hadde sete i akt-redaksjonen nå, ville eg ha sett alt inn på å få plass til ein artikkel eg skreiv til forsvar for Jante-lova, det var vel i 1993, og om han ikkje akkurat vart offer for Jante-lova, så vart han iallfall vraka...

Av Jon Peder Vestad

Ein redigert versjon av artikkelen sto i akt 3/97
 

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |