|
Anglisismar
i norsk
Det er ikkje rart om det kjem inn ord frå engelsk
i norsk. Men det er uheldig om bruk av engelske uttrykk er eit teikn på at
ein ikkje kan ordleggje seg på norsk, eller ikkje bryr seg med å prøve.
Verst er det om lån frå engelsk og innslag som kan
sporast attende til engelsk syner ustøe kunnskapar i norsk, og det på
ein slik måte at det skader bodskapsformidlinga. Mange mottakarar kan bli
usikre på kva som er meint når det blir brukt ord dei ikkje er fortrulege
med. Her er nokre anglisismar og engelskspor som er funne i norske medium:
"worst case-scenariet": det verst
tenkjelege
"og nådde med det all time high": og nådde
med det den høgaste (prisen, kursen) nokon gong
"det endte med at Virgin signet Lene
Marlin": …Virgin skreiv kontrakt
med….
"vår misjon her er å…"; "det var
ikke vår misjon": oppgåva vår er å….; det var ikke vår oppgave
"Presidential decret": forordning,
påbod frå presidenten
"Trenger du å downloade
mIRC programvare, kan du gjøre det her!": trenger du å laste
ned…
"som begge har blitt playlistet på radio": har havna på norske
spillelister/musikklister
"live … og backstage":
på konserten …og bak scena
"den amerikanske singer/songwriter:
den amerikanske musikkmakeren, musikkskaperen, viseforfatter og -sanger (alt etter
kva artisten gjer)
"kva slags kondisjon fisken
er i": kva slags form/tilstand
fisken er i
"bør det innføres en environemental
impact study…": et program for å undersøke miljøeffekter (eller
liknande)
Vi finn nok engelsk bak desse formuleringane også:
"dei har signert ei større
samarbeidsavtale" (signed): dei har skrive under på….
"Trafikken er på rute" (on route):
Trafikken er i rute
"de legendariske heltene av Telemark": de
legendariske heltene fra…
Ein del faste uttrykk på engelsk blir brukt mye i
norsk no, som fit for fight. Her kan ein jo seie klar for kamp. Ver elles varsam med å bruke desse orda med engelsk
tyding: Karakter ('character') i
teater og film heiter mellom anna rolle på
norsk, og opsjon ('option') tyder
forkjøpsrett, kjøpsrett, ikkje val. Vi
låner det vi treng, ikkje det vi har eller kan formulere på ein annan måte.
Dette må ikkje tolkast som noka forakt for engelsken, så det er sagt, men
alt til si tid…
Av Jon Peder Vestad
Lagt ut på nettet 27. mars 2002
|