Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev

Fargelaus språkroman for barn

Jostein Gaarder har gjort filosofi tilgjengeleg for ungdom, og debutanten Helene Uri prøver det same med ei anna vitskapsgrein. Romanen Anna på fredag ber undertittelen En ungdomsroman om språk og språkvitenskap.

Da eg var tolv år, oppdaga eg at mor mi "rota" med substantiva og gav dei feil kjønn. Eg hadde aldri hørt om kasusbøying...., og kasus er eitt av dei mange emna språkforskaren Helene Uri tek opp i «Anna på fredag». I boka møter vi den nyfikne guten Bjørn-Oskar og den mystiske barnevakta Anna, som studerer språkvitskap. Merkelege ting hender når Anna om fredagane kjem for å sjå til Bjørn-Oskar og veslesystera hans. Da dukkar det opp folk frå forskjellige tider og land, som vikingen Gunnleikr, søte, italienske Rosamaria, romerske Augustus, ein apekatt og sjølvsagt Ivar Aasen. Plutseleg er dei der for å forklare slikt som språkslektskap, språkleg utvikling, skilnaden mellom tale og skrift, taleevna og lån av ord.

Bjørn-Oskar blir fortruleg med omgrepa lingvistikk og fonem, og lysta til å vera saman med kameratane på fredagskveldane vik for fascinasjonen over språket. Og språkfascinasjon er det Helene Uri spreier på dei vel 180 sidene. Men - hovudpersonen Bjørn-Oskar blir ein pedagogisk reiskap meir enn eit truverdig menneske, Anna likeså. Og det blir ikkje så spennande når Anna for ørtande gong tek seg eit bringebærdrops, det luktar svidd, og ein skapnad som skal illustrere eit språkleg fenomen dukkar opp. Godt tenkt, vriane er mange, men den ytre forteljinga vart for flat og fargelaus for min del.

«Sofies verden» blir indirekte nemnt, og forfattaren ber jo om å bli samanlikna med Jostein Gaarder. Det skal eg ikkje gjera. Helene Uri viser at ho er flink til å gjera innfløkte, språklege fenomen forståelege, og for dei som er meir opptekne av det enn av at det skal skje så mye, er dette ei bok midt i blinken. Gutar og jenter som er spesielt språkinteresserte vil sikkert sluke boka. «Anna på fredag» eignar seg truleg også til høgtlesing i norsktimar. Om lesarane etterpå går laus på «The Articual Mammal» som er nemnt i litteraturlista bakerst, er nok tvilsamt. Men kanskje nokon vil leite opp annan litteratur om emnet, for å lære meir? «Anna på fredag» ville ha fått meg som tolvåring til å gjera det.

Av Jon Peder Vestad. Bokmeldinga har vorte brukt i NRK radio.



Vestads vevstad   Ymseposten  Mål og middel   Bokinnsynet  Privaten  Lesarbrev