Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev


Fine fagbøker for barn

Går det an å skrive fagbøker for barn? Javisst, det har Samlaget gitt ut to bevis på i 1997, ei om kvalar og ei om helleristningar.

Audun Skjervøy har skrive Kvalboka, som John-Arne Sæterøy frå Molde har illustrert. Dette er ei bok som fortel om livet til kvalane, om kvalfangst og om dei ulike kvaltypane. Boka inneheld akkurat passe mykje lesa, og det som står er innhaldsrikt og dessutan godt fortalt. Teikningane til John-Arne Sæterøy er naturtru og detaljerte, og boka inneheld desutan mange fotografi. Dersom du kjenner nokon som har vist stor interesse for dinosaurar, er det ikkje umuleg at Kvalboka kan vera ei bok som kan vekkje like stor interesse. Også for alle dei som interesserer seg for niser, spekkhoggarar og storkval, har vore på kvalfangst eller arbeidd på kvalfangststasjonar, kan dette vera ei nyttig gjenoppleving av nær historie.

Med Bilde i berg gjev Olav Norheim (tekst) og Mikael Holmberg (teikningar) ut si andre fagbok for barn. Den fyrste var ei bok om poteten, og den fekk dei to pris for. Også denne er ein pris verdig, for her blir helleristningane presentert på ein levande og på alle måtar fargerik måte. Kor helleristningane finst, kva dei viser, korfor dei vart laga - dette blir forklart og vist på ein pedagogisk og underhaldande måte. Forfattaren tek oss med til ulike stader og ulike tider, og dermed blir det ikkje berre om helleristningar ein lærer, men like mykje om histrie, tru og levemåte. Teikningane til Holmberg kan likne teikneserien i form, med rikeleg bruk av liv, detaljar og fargar - og ikkje utan humor. Denne boka kan med fordel lesast av små og større barn, og av dei som har lagt barndommen bak seg.

Audun Skjervøy:
Kvalboka
Det Norske Samlaget 1997
70 sider

Olav Norheim/Mikael Holmberg:
Bilde i berg
Det Norske Samlaget 1997
47 sider                                                                                                                         JPV 5/98


Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev